Heim Nyhende Tysvær kan bli språknøytral

Tysvær kan bli språknøytral

Nynorsken har vore på vikande front i mange år i Tysvær kommune. No vurderer kommunen å bli språknøytral. 

Det er ikkje første gongen språket i nynorsk-kommunen Tysvær blir vurdert. I 2005 gjekk kommunestyret inn for at tilsette i kommunen skulle få velje mellom bokmål og nynorsk i den interne kommunikasjonen, medan språket utad framleis skulle vere nynorsk. I 2007 melde også kommunen seg inn i LNK. No er likevel ordførar Harald Stakkestad (H) klar til å opne opp for at kommunen blir språknøytral. 

– Mange av dei som blir tilsette hjå oss har problemer med nynorsken, og treng mykje hjelp for å skrive korrekt. Det er ikkje effektivt nok å ha det slik, me må spare betydelege beløp både i år og neste år. Skal me klare det må me ha ein så effektiv kommune som mogleg. Sjølv er eg bokmålsmann og meiner dei tilsette sjølve må få bestemme om dei ynskjer å skrive bokmål eller nynorsk, det vil også gjere det lettare å få tak i dei rette personane, seier rådmannen. 
 
Sidan det ikkje er eit aktivt lokallag for mållaget i Tysvær er det leiar i Karmsund Mållag, Steinar Aalvik som uttaler seg om saka. Han er skuffa, men ikkje overraska over at kommunen no ynskjer å bli språknøytral. 
– Nynorsken i Tysvær har forvitra over tid, dette er berre eit steg vidare i den utviklinga som starta då kommunen opna for at dei tilsette kunne bruke bokmål internt, seier han. 
 
Tysvær Bygdeblad har også dei siste åra hatt ein pågåande debatt, både om språket i avisa og om navnet burde moderniserast.
 
– For nokre år sidan opna me opp for at frilansarar kunne bruke bokmål, rett og slett for å få tak i folk sidan me bur i eit grenseområde mellom bokmål og nynorsk, seier redaktør Alf-Einar Kvalavåg.
Likevel trur han språkdebatten i avisa har roa seg, og trur ikkje dei vil opne opp for bokmål i den faste redaksjonen. 
 
– Dette er eit større problem for kommunen, der mange tilsette må ha folk til å hjelpe seg for å skrive korrekt nynorsk. Hjå oss er ikkje det noko problem. Og avisa har hatt ein relativ sterk vekst dei siste åra, noko som tyder på at verken navnet eller nynorsken har slått ut negativt, meiner han. 
 
Les meir om språkutfordringar i Tysvær kommune i kommunepresentasjonen i neste utgåve av LNK-avisa. 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...
– Eg er mest glad å lesa i ambulanseboka mi, fortel Symre (5). Ved sida av ho sit frå venstre Trygve (5) og Jørgen (5).

Innspel til Lesekommisjonen frå Nynorskkommunane

Nynorskkkommunane – LNK har 104 medlemmar, mellom desse 85 kommunar, 3 fylkeskommunar, fleire regionråd og interkommunale selskap. For medlemmane våre er det viktig å...