Heim Nyhende Folkerøystingar – til gode for nynorsken?

Folkerøystingar – til gode for nynorsken?

Når kommunane skal avgjere målform, held dei ofte folkerøystingar. Men stadig færre ser ut til å engasjere seg i desse folkerøystingane.

 

Morten Søberg er statssekretær i Finansdepartementet, samfunnsøkonom og Sp-politikar. Han meiner det ikkje er enkelt og gi eit svar på kvifor valdeltakinga i folkerøystingane er så låg.

– Det spørsmålet har mange svar. Eitt har å gjera med kven som har røysterett. I tidsromma 1971-1985 og 1999-2000 hadde berre foreldre røysterett i folkerøystingar om språk. Då var valdeltakinga monaleg høgare enn når alle vaksne i skulekrinsen eller kommunen kunne røysta. Dette verkar ved fyrste augnekast rimeleg: Foreldre er venteleg relativt meir opptekne av opplæringsmålet til borna sine enn folk flest – i gjennomsnitt.

– Tala fortel òg at valdeltakinga er lågast i folkerøystingar som endar med klår siger til anten bokmål eller nynorsk, generelt sett. Motsett går høg valdeltaking hand i hand med hard og reell konkurranse mellom nynorsk og bokmål. Dette er i samsvar med teorien om rasjonelle val – men samstundes oppsiktsvekkjande å observera. Til sist er valdeltakinga gjerne lågare når folkerøystingar vert haldne på andre tidspunkt enn saman med ordinære lokalval, slår han fast.

Mellom 1970 og 2011 vart det halde 308 folkerøystingar om målform her i landet, og valdeltakinga på desse var gjennomsnittleg på 42,4 prosent, ifølgje ein oversikt frå SSB. Så langt i år er det halde tre slike folkerøystingar, og på desse møtte høvesvis 10,1, 5,9 og 8,1 prosent av dei som kunne stemme opp og faktisk gjorde det. Statistikken viser at valdeltakinga i folkerøystingar er størst når det gjeld alkohol og territoriale spørsmål, målform ligg midt på treet, medan miljø og krins/identitet engasjerer minst.

 

På 70-talet var det om lag 115 folkerøystingar om målform i Noreg, og valdeltakinga på desse låg på eit gjennomsnittleg 68,6 prosent. Talet på folkerøystingar om målform gjekk ned både på 80- og 90-talet, og det gjorde også valdeltakinga. Det første ti-året av dette årtusenet var det 55 slike folkerøystingar, med ei valdeltaking på gjennomsnittleg 47,5. Hittill i dette årtiet er valdeltakinga på 38,4, og 2012 er då med og dreg dette talet kraftig ned. Sjølvsagt må ein ikkje sjå seg blind på desse prosenttala. Mange av krinsane med stor deltaking har svært få røysteføre.

Då skulemålet skulle avgjerast ved Krokeide skole i Hordaland i 1983 gjekk alle 134 røysteføre til urnene og la fram stemma si, og sikra ei valdeltaking på 100 prosent. Men også store krinsar har greidd å få opp engasjementet, som ved avstemminga ved Sauda-skulen Fløgstad sin krins i 1986, kor 81,6 prosent av dei 1781 som kunne stemme faktisk gjorde det. I Otta møtte berre 5,1 prosent av dei 3023 røysteføre opp og stemte i vinter. I utgreiinga til Sel kommune om resultatet frå Otta skole vart det nemnd at det kunne vere vanskeleg å leggje folkerøystinga til grunn når så få hadde stemt.

Søberg trur nok valdeltakinga over tid kanskje gå ned fordi målsaka som sak engasjerer færre og mindre.

– Geografi spelar òg inn på det viset at ,den relative, valdeltakinga i regelen er lågare di fleire som har røysterett. Tala fortel at store krinsar og mange røysteføre ”gjev” lågare valdeltaking.

 

Minst 25 prosent av dei røysteføre og/eller kommunestyret sjølv kan utløysa folkerøysting om målform. I nær 100 prosent av tilfella er nynorsk opplæringsmål i utgangspunktet. Folkerøystingane handlar difor om ja eller nei til innføring av bokmål. Folkerøystingar er ikkje avgjerande, dei er rådgjevande for kommunestyret. Men tar kommunestyra desse folkerøystingane om målform til følgje? I oversikten frå SSB viser tala at kommunestyra mellom 1970 og 2011 tok folket si røyst til følgje i heile 93,9 prosent av tilfella. SSB tar atterhald om at dette er tal for dei sakene kor alle resultata er kjende.

Ser ein nærare på sakene som har vore oppe dei siste fem åra, er bildet noko meir nyansert: Mellom 2008 og 2012 har det vore halde 19 folkerøystingar om skulemålform og 1 om administrasjonsspråk. Av desse 20 sakene vart det fatta 17 vedtak i tråd med resultata av folkerøystingane. Tre gonger gjekk kommunestyra mot folkets røyst. Det skjedde i Åmli i 2010 , då fleirtalet av folket stemde for å halde på nynorsk på Åmli skule og Dølemo oppvekstsenter. Seinare same år bestemte likevel Åmli kommunestyre at bokmål skulle vere hovudmål på desse skulane, med eit knipent fleirtal. Valdeltakinga den gongen var på om lag 47 prosent. Under skulemålavstemminga på Sola skule i år stemte 75,1 prosent for nynorsk, medan kommunestyret valde å innføre bokmål som hovudmål frå hausten av. Her var valdeltakinga på folkerøystinga 8,1 prosent.

Korleis har røystingane forandra seg over tid?

– Reglane for folkerøystingane har endra seg: Etter 1985 er dei berre rådgjevande. Tidlegare kunne dei vera bindande dersom fleirtalet svara til minst 40 prosent av dei røystføre. I tillegg kjem som sagt endringar i definisjonen av røysteføre. Fram til no har det vore flest folkerøystingar i område av landet der nynorsken berre var skulemål, men elles stod svakt som bruksmål i lokalsamfunnet elles. Eller i det nynorske, rurale omlandet til urbane sentra på Vestlandet, seier Søberg.

Han ser ikkje eit problem i at nokre kommunestyre vel å trosse resultatet av folkerøystinga, dersom rådet er uklårt eller fåmælt.

– Nei. Folkerøystingane er rådgjevande, og dei munnar ut i ulike råd. Dersom valdeltakinga, både absolutt og relativt, er høg og fleirtalet klårt, så vert rådet i regelen fylgt av kommunestyret. Dersom rådet er uklårt eller fåmælt, aukar sannsynet for at politikarane vel å sjå vekk frå utfallet av folkerøystinga. Dette verkar både fornuftig og rasjonelt. Gode råd er ikkje utan vidare dyre, men dei bør vera klåre.

Også Søberg trur folkerøystingane vil halde fram, ikkje minst sidan folkerøystingar om språk har vore ein del av det norske folkestyret sidan tidleg på 1890-talet.

– Omfanget er ikkje lett å spå om. Kanskje ser vi konturane av eit fast nynorsk grunnfjell no; avgrensa til delar av Vestlandet. Men grunnfjell er ofte flytande over tid. Vi får sjå.

 

Rådgjevar i Språkrådet, Daniel Ims, er også uroa for at utviklinga med lågare deltaking i folkerøystingane. Me er uroa for dei tendensane me ser, ikkje minst i randsonane til bokmålsområda.

– Det kan sjå ut som om at deltakinga i folkerøystingane stadig blir lågare, kanskje føler mange at det er ein utmattande kamp, mange plasser har dei også gjennomført røystingar før, seier Ims og meiner det er beklageleg at kommunane ofte ikkje tenkjer på at nynorsk i mange tilfelle er det tradisjonelle opplæringsmålet. I Trøndelag ser me eit døme på at nynorsken tapte mange folkerøystingar, og litt etter litt forsvann den heilt.

Ims legg også vekt på at det er eit demokratisk problem i dei tilfella der kommunen trossar resultatet i folkerøystinga og går motsett veg, sjølv om den berre er rådgjevande.

Direktør ved Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, snakkar om det Andreas Hompland kalla innflyttarplage.

– I mange situasjonar har bokmålsbrukande innflyttarar større problem enn nynorskbrukande innflyttarar med å godta språksituasjonen der dei kjem. Og ofte er det kvinner som engasjerer seg frå foreldresida, sjølv i 2012 kan ein sjå tendensar til det mønsteret, seier Grepstad og viser til at det også er ein trend med eit knapt fleirtal for å røyste vekk nynorsken, der det skjer. Det betyr at det ikkje alltid er lite engasjement som er grunnen til låge deltakartal i folkerøystingane, det kan likegodt vere eit demografisk spørsmål.

Grepstad drar dei historiske linjene og minnar om at folkerøystingar rundt målform vart innført som eit demokratisk grep alt i 1892, noko som var dristig i ei tid der verken Noregs Mållag eller Noregs Ungdomslag var etablerte.

– Så kan ein sjølvsagt diskutere om folkerøystingar anno 2012 er trygt for nynorsken. Det meiner eg bestemt at det er, det er ein måte å løyse ei kulturell konflikt på som er både ikkje-valdeleg og demokratisk. No er det ingen veg attende, slår Grepstad fast.

– Kva synest du om kommunar der ein trossar resultatet i folkerøystinga og går motsett veg?

– Så lenge det ikkje er formelle feil med folkerøystinga så trur eg at ein skal passe seg for det. Den politiske prisen kan bli for dyr å betale, det er jo heller ikkje eit problem me ser mange gonger.

 

Folkerøystingane så langt i år har ikkje gått nynorskens veg. I Nord-Aurdal og Otta vart det eit fleirtal for bokmål under folkerøystingane, medan i Sola stemde altså 3 av 4 for å halde på nynorsken. I alle tre kommunestyra enda det opp med eit fleirtal for bokmål. Ser ein på statistikken frå årtusenskiftet til no er trenden tydeleg: Dei fleste sakene har ført til at skular med nynorsk som hovudmål har gått over til å få bokmål som hovudmål. Dette gjeld også i saker der to eller fleire skular med ulikt hovudmål skulle bli til éin.

Berre to gonger i løpet av desse 15 åra har ein gått frå bokmål til nynorsk. I 2001 vart Sviland skule nynorsksskule att, etter å ha hatt bokmål som hovudmål i eitt år. I 2005 vart det eit lite fleirtal for bokmål ved ei folkerøysting i Flora, men dei folkevalde bestemte at Florø skule skulle vere ein nynorskskule. Dette var altså ein av gongane dei folkevalde ikkje tok folkerøystinga til følgje.

Det er så langt varsla to folkerøystingar til i år, i Heidal og Sel krinsar i Sel kommune.

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...