Heim Innspel Kommentar: Skalletrengselteorien

Kommentar: Skalletrengselteorien

Smak på følgjande påstand, stadig å finne i det offentlege ordskiftet om sidemålet sin plass i skulen: «Meir øving i hovudmålet og mindre opplæring i sidemålet vil gjere elevene flinkare i norsk». Er det sant?

Torgeir DimmenSvaret er nei. Eg kjenner ikkje til noko dokumentasjon som støttar ein slik teori. Både internasjonal forsking og våre eigne erfaringar frå Nynorsksenteret tyder på at dess tidlegare born byrjar med andre språk og dess meir variert språkkompetanse dei får, dess flinkare blir dei også i morsmålet. Det å kunne fleire språk eller språkvariantar gir auka bevisstheit om eigen språkbruk, det gir større uttrykksrepertoar og det gir betre evne til å ta andre sitt perspektiv.

Grunnskuleelevar i nynorskfylket Sogn og Fjordane toppar karakterstatistikkane frå dei nasjonale prøvene. Det gjeld ikkje berre norsk, men også i faga matematikk og engelsk. Kan det ha noko med at born frå dette fylket er landets mest tospråklege og at denne dugleiken indirekte kjem til nytte også i andre fag? Slett ikkje utenkjeleg, ifølgje fagfolk som har forska på fleirspråkkompetanse i ulike kulturar.

Språkevna har ikkje ein avgrensa plass i hjernen som kan bli full. Skallen er ikkje innretta slik at læring av eit nytt språk eller ein ny språkvariant fortrengjer plassen til dei språka ein alt kan. Det er altså ikkje slik at språka vi har innabords kjempar om den same plassen. Tvert om. Dei supplerer kvarandre. Særleg gjeld dette her landet med to målformer som er såpass like og med utbreidd bruk av dialektar som er nokså ulike, men samstundes gjensidig forståelege. I Noreg er vi rett og slett privilegerte som kan bade i – og hente inspirasjon frå – eit slikt variert språkmiljø kvar einaste dag.

I løpet av komande vinter skal ein ny læreplan for norskfaget på plass, for alle klassetrinn frå første klasse til og med vidaregåande. Vi reknar med at dei som skal vedta den planen veit at skalletrengselteorien ikkje stemmer. Det som trengst for at born og ungdom i alle deler av landet skal bli flinkare i norsk er ikkje mindre sidemålsundervisning, men ei annleis tilnærming som i langt større grad utnyttar potensialet i den språklege variasjonen vår.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...

Staten bryt språklova i kontakt med kommunane – både LNK, statsråd og mållagsleiar reagerer

Berre éin firedel av nynorskkommunane opplever at staten skriv mest nynorsk til dei. Den nye språklova har førebels ikkje gjort noko positivt utslag for...

– Stortinget hindra digital jamstilling for nynorsken

Det seier ein skuffa leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, etter at den nye opplæringslova torsdag blei vedtatt i Stortinget.  – I ein skulekvardag...

Gratis teateroppleving på øyret – i samarbeid med dagsturhyttene 

Teater Vestland og dagsturhyttene samarbeider om å gi folk ei annleis teateroppleving i naturen.  Skogsopplevingar er ein 20 minutt lang podkast som du høyrer på ute i...