Heim Nyhende Vann pris for dialektforsking

Vann pris for dialektforsking

1.–7. klasse ved Skåbu oppvekst undra seg over kvifor skåbudialekten har endra seg slik. Slik vart dei vinnarar av den første språkprisen til Nysgjerrigper.

– Det var fint å jobbe med prosjektet. Vi har ei spesiell dialekt, seier Emma, som no er blitt sjuandeklassing, om prosjektet ho har vore med og vunne pris for. Ingrid i 5. klasse seier ho har lært seg nye ord som ho tidlegare ikkje ante kva var, som til dømes skinnvengje eller å guste. Som altså betyr flaggermus og å blåse, forklarar ho.

Demokratiske prosessar

Det heile starta med at lærar Heidi Maurstad og fire elevar frå 1. til 4. klasse var på opplæring i Nysgjerrigpermetoden. Nysgjerrigper er eit praktisk tiltak starta av Noregs forskingsråd for elevar i grunnskulen, med føremål å gjere barna kjende med forsking. Etter å ha lært seg metoden for Nysgjerrigper reiste lærar og elevar tilbake til skulen og lærte opp resten av elevane, slik at dei saman kunne jobbe ut eit prosjekt.

Det å kome opp med ein god idé å forske på er ein viktig prosess i Nysgjerrigper, og den må ein bruke god tid på, fortel Maurstad til LNK-avisa.

– Elevane kom opp med mange forslag til ting å forske på. Mange kunne vi forkaste rett og slett fordi dei var enkle. Ein skal ikkje berre kunne lese seg til svaret i ei bok, forklarar ho. Etter kvart enda dei opp med to hypotesar: ein om dialekt og ein om folkeskikk. Etter ei avstemming vart dei samde om å jobbe vidare med spørsmålsstillinga: Kvifor har skåbudialekten endra seg slik?

– Det var vel eigentleg ikkje ein hypotese, vi var jo rimeleg sikre på at dialekten har endra seg. Det høyrer vi. Det vi ville finne ut, var om det var hald i hypotesen, og kva det i så fall kan kome av.

Nye favorittar

Arbeidsmetoden i starten var ganske enkel: Elevane laga ei liste med 16 tilfeldige dialektord som dei tok med seg ut på bygda. Dei ville høyre om folk kjende til orda, om dei brukte dei, og så sjå om det var nokon skilnad på bruken hjå eldre og yngre. I ein tettstad med om lag 600 innbyggjarar vart nesten heile bygda involvert i prosjektet.

– Dei såg veldig fort at den yngste aldersgruppa, frå om lag 30 år og nedover, ikkje bruker desse spesielle orda, seier Maurstad. Til dømes bruker ikkje unge folk ordet kaku for brødskive, slik dei vaksnare gjer.

Kaku har elles blitt eit av dei nye favorittorda til Emma, medan Ingrid synest ordet mehæinkje, som betyr mygg, har vore eit artig ord å ta i bruk.

Påverka utanfrå

Dei unge dialektforskarane fann også ut at stor grad av innflytting og utstrekt bruk av medium som tv og Facebook har vore med på å påverke skåbudialekten. Til å finne ut av desse tinga har dei ikkje berre brukt spørjeundersøkinga, dei har óg rådført seg med ekspertar på lokal historie og språk.

Pensjonisttreffet i kommunen vart òg eit møtepunkt for ungane kor dei kunne hauste lærdom av dei som har levd ei stund lenger enn dei sjølve. – Det å involvere pensjonistgruppa var verkeleg veldig ålreit, og vi brukte dei både i sjølve prosjektet og etter at vi var ferdige, seier Maurstad.

Kom på det sjølve

Er det noko særskild ho som lærar ønskjer å ta med seg vidare etter arbeidet med dialektprosjektet, så er det det å involvere dei eldre i bygda. Det å dra veksel på fleire når ein jobbar med eit prosjekt, viste seg å vere til svært god hjelp.

For ungane var det å jobbe med dialekten sin også noko nytt. Medan somme kanskje ikkje heilt såg poenget med det, var det andre som fekk seg ei aha-oppleving. – Dialekten vår held på å bli borte fordi vi blir påverka av media og av andre folk. Derfor er det viktig at vi tar vare på dialekten vår, seier Emma. Læraren supplerer: – Ungane oppdaga sjølve at det er viktig å ta vare på dialekten. Dei fann ut at dette handlar om oss og her vi bur, om identitet, og det utan at nokon hadde sett ord på det for dei.

Om det blir nokre fleire prosjekt i Nysgjerrigper, eller om dei bruker dialektprosjektet til noko meir, veit dei ikkje enno. Lærar Heidi Maurstad ser ikkje bort frå det, men no i første rekkje skal dei nyte at dei vann den første Nysgjerrigperprisen for språk, og så skal dei bruke prispengane på ein vel fortent skuletur til Hunderfossen.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...
– Eg er mest glad å lesa i ambulanseboka mi, fortel Symre (5). Ved sida av ho sit frå venstre Trygve (5) og Jørgen (5).

Innspel til Lesekommisjonen frå Nynorskkommunane

Nynorskkkommunane – LNK har 104 medlemmar, mellom desse 85 kommunar, 3 fylkeskommunar, fleire regionråd og interkommunale selskap. For medlemmane våre er det viktig å...