Heim Nyhende Nynorskpris til NRK-kommentator

Nynorskpris til NRK-kommentator

Knut Magnus Berge får Kringkastingsprisen 2012 for å bruke eit tydeleg og levande språk som folk forstår.

 

– Dette var like overveldande og overraskande som gjævt, sa Knut Magnus Berge då han torsdag tok imot Kringkastingsprisen 2012 på Det Norske Teatret.

Prisen blir kvart år delt ut til ei radio- eller tv-stemme som brukar nynorsk eller dialekt på ein framifrå måte.

– Knut Magnus Berge kommuniserer godt og naturleg, og det er lett å følgje kommentarane hans, samtidig som han står fram med ei tyngde som sømer seg sakene han kommenterer, sa Martin Toft, leiar i Kringkastingsringen, under tildelinga av prisen.

– Ein som klarer å gå denne vanskelege balansegangen, fortener all mogleg heider, heldt han fram.

Finn dei rette orda

– Eg prøvar å leite etter ord, sette dei i ein nokon lunde rett samanheng og bli forstått, seier Knut Magnus Berge sjølv om arbeidet som journalist i NRK.

Prisvinnaren ser at den jobben han gjer i NRK er viktig for nynorsken. Det siste året har han vore særleg ofte å sjå på skjermen som kommentator til 22. juli-rettssaka. Som kommentator har han som regel ikkje tid til å pønske ut gode formuleringar på førehand.

– Eg har sjeldan stikkord eller faste setningar føre meg, men eg veit kva eg skal snakke om og tek det derifrå, fortel han.

I ryggmargen

Med foreldre frå Gulen i Sogn og størsteparten av oppveksten på Stranda på Sunnmøre, har nynorsk vore eit naturleg val for Knut Magnus Berge. At han gjekk dei fire første skuleåra sine med bokmålsundervisning på Lillehammer, var inga hindring for å bruke nynorsk då han kom til Stranda som tiåring.

– Etter det har nynorsken alltid vore heilt sjølvsagt for meg, seier Berge.

I NRK har han møtt fleire språklege inspirasjonskjelder og han nemner både Herbjørn Sørebø og Ingvild Bryn, som begge tidlegare har teke imot Kringkastingsprisen.

– Eg har hatt mange nære og kjære kollegaer i NRK som har vore føredøme på klår og konsis nynorsk, seier han.

Vil nå fram

Som eit kjent NRK-ansikt følgjer folk med på kva Knut Magnus Berge seier og han får både e-postar og brev med reaksjonar på språket hans. Dei er oftast frå ivrige nynorskfolk og kan innehalde både ris og ros.

– Mange av reaksjonane kjem frå folk som påpeikar at det er viktig at det blir snakka nynorsk på den posten eg har, seier han.

Sjølv om Knut Magnus Berge aldri har rekna seg sjølv som ein våpendragar for nynorsken, er han glad for at han når fram til folk med måten han snakkar på.

– Det er det viktigaste vi gjer, og då er det kjekt å bli sett pris på. (NPK)

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...