Heim Nyhende Statsbudsjettet: 17 prosent auke til Nynorsk kultursentrum

Statsbudsjettet: 17 prosent auke til Nynorsk kultursentrum

Nynorsk kultursentrum får 16,9 millionar kroner i framlegget til statsbudsjett for 2013. Det betyr blant anna at ein kan styrke Hauge-senteret. 

 

I tillegg kjem 6,5 millionar til Språkåret 2013. Driftsmidlar til Allkunne er inkludert i den ordinære løyvinga. 

– Statsbudsjettet syner at regjeringa har tillit til det arbeidet Nynorsk kultursentrum gjer og gir oss handlingsrom. Det set vi pris på, seier styreleiar Reidar Sandal i ei pressemelding. 

– Planane våre for Språkåret 2013 er svært ambisiøse. Løyvinga i statsbudsjettet er viktig for at vi skal kunne inkludere breitt, og vi hadde greidd å bruke meir, seier Sandal.

På oppdrag frå regjeringa organiserer Nynorsk kultursentrum det nasjonale Språkåret 2013. Då er det 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd og 100 år sidan Det Norske Teatret opna. 

– Eg er glad for at regjeringa satsar så solid på Språkåret, seier prosjektleiar Inger Johanne Sæterbakk. – Ambisjonane våre for Språkåret er høge, og vi skal gjere det vi kan for å realisere planane våre med dei midlane vi no har.

Ivar Aasen-tunet skaffar kvart år fleire millionar i marknadsinntekter. Løyvinga i statsbudsjettet gir høve til trygg vidare drift, og Ivar Aasen-tunet kan truleg setje i gang nye tiltak.

– Denne løyvinga gir oss høve til å vere ein viktig premissleverandør for forteljingane om Ivar Aasen i Språkåret 2013, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.

Løyvinga til Nynorsk kultursentrum gir også rom for auka driftsmidlar til Olav H. Hauge-senteret.

– Følgjer Hordaland fylkeskommune og Ulvik herad opp sine løyvingar, kan vi truleg tilsetje den fjerde og siste medarbeidaren ved Hauge-senteret hausten 2013, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. 

– Diverre manglar statsbudsjettet investeringsmidlar til basisutstilling i Hauge-senteret. Målet er å opne i mai 2014, men først må vi skaffe pengane, seier Grepstad.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...