Gloppen kommune gjer det godt på kultur. – Me har eit variert tilbod, seier kultursjef Jan Kjetil Øygard.
Kvar veke viser vi deg eit glimt frå ein av kommunane som er med i LNK. Denne veka: Gloppen Nytt frå Gloppen: Dette forverrar situasjonen Aktuelle lenker:
|
I fjor toppa kommunen lista over dei beste kommunane på kultur i Norsk kulturindeks som Telemarksforsking står bak. I år kom dei på tredjeplass – berre slått av Vadsø på sølvplass og Røros som tronar på toppen.
Øygard meiner ein kan takke frivillige hender, samt ei brei satsing på festivalar, bibliotek og kulturskule for at kommunen skårar så høgt.
– Me har mange festivalar i løpet av eit år, alt frå countryfestival, bluesfestival, filmfestival, folkemusikkfestival og festival for klassisk musikk.
– Er det marknad for så mange festivalar?
– Ja, det trur eg. Men det er klart det ikkje er berre -berre å arrangere festival i klassisk musikk. Ein må formidle innhaldet i festivalen ut til folk, slår Øygard fast.
Også i Gloppen er det ei utfordring å finne rom til kulturelle investeringar i det kommunale budsjettet.
– Me har investert stort i bygningsmasse no i saman med fylkeskommunen, så det blir ein tøff budsjettrunde for å finne midlar til drift. Me har allereie starta med eigedomsskatt for å finansiere det.
Når Øygard snakkar om utbygging snakkar han om bygging av Kulturhuset Trivselshagen der ein finn kulturbygg, kulturskule, symjehall, kafè, bibliotek og kino. Eit bygg som kosta 290 millionar kroner.
Øygard trekk også fram miljøet rundt Firda vgs som eit kompetansemiljø som gir fleire synergieffektar i kulturmiljøet.