Heim Nyhende Etablerer ressursbase for skulane

Etablerer ressursbase for skulane

Det pedagogiske prosjektet Kvitebjørnen er i innspurten av den fem-årige prosjektfasen. No håpar ein at skulane skal sjå på prosjektet som ein ressursbase med fagleg innhald på nynorsk.

Utfordringa til Kvitebjørnen – undring og læring er å leva vidare etter pilotprosjektet og få fleire til å sjå på kvitebjørnen.nosom ein ressursbase for fagleg innhald på nynorsk.

– Me må få formidla til rektorar, lærarar, fagpersonell ved lærarutdanningsinstitusjonar og lærarstudentar at dette er eit opplegg som ligg klart til å bli nytta, seier prosjektleiar Astrid Eidhammer Hjelmeland.

 Les også: Ryfylkemuseet med i LNK

Hjelmeland meiner også opplegget vil passe perfekt som materiell til dei nye valfaga som grunnskulen tilbyr elevar frå og med 8. klasse.

– Me ser eit potensiale til å nå ut til lærarar som treng gode løysingar og opplegg for undervisninga i desse faga, slår Hjelmeland fast.

Det er lærar ved Sunnylven skule, Egil Dolmen heilt samd i. Sunnylven er ein av 10 skular som deltar i Kvitebjørn-prosjektet.

– Her er det mykje å hente for lærarar på andre trinn også, det er absolutt potenisale for at dette kan bli ein god ressursbase på nynorsk, seier han.

Det nærmar seg motivasjonssamling og femte og siste prosjektperiode for pilotskulane i Kvitebjørnen-undring og læring. Prosjektvekene i år er sett til vekene 43 – 45. I haust rundar ein av prosjektetet med eit pedagogiske opplegg for 10. trinn. Dette er utvikla av Trude Hoel og Sidsel Ødegård og Anne Grethe Aven . Temaet for årets opplegg er ”Å forska på eige liv og lesing sett i samband med kompetansemål etter 10. trinn”.

Opplegget vil bli presentert av forfattar Terje Torkildsen, som nyleg vart kåra til vinnar av Uprisen i litteratur for Dystopia III. Ein vil òg få presentert forskingsdelen av matematikklærarar ved Jåtta VGS, Sidsel Ødegård og Anne Grethe Aven, som utformar denne delen.

I forprosjektet til Rasmus Løland-markeringa 2007-2011 vart det gjort framlegg om å laga eit pedagogisk opplegg som kan få elevane til å reflektere over eige nærmiljø, kultur, og lokalt næringsgrunnlag, med tanke på eige engasjement og involvering.

Kvitebjørnen er ikkje primært eit leseprosjekt eller ei lesesatsing, men eit opplegg der ein nyttar Løland sine tekstar for å skapa refleksjonar og haldningar. I løpet av desse åra har elevane, i tillegg til å bli kjende med forfattaren Rasmus Løland, jobba med ulike metodar for å bli betre kjende med seg sjølve, sitt eige språk og sitt eige lokalmiljø.Dei har laga skodespel, jobba med forteljeteknikkar, laga utstilling med utgangspunkt i innovativ tenking, filosofert, laga collage, teikneseriar og laga filmar om før og nå. 

LNK var ein av stiftarane bak Rasmus Løland-stiftinga. Det pedagogiske opplegget vil overleverast til Ryfylkemuseet (Lølandsenteret) etter endt gjennomføring. 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...