Heim Nyhende Velsvik til Språkåret

Velsvik til Språkåret

Jannicke Velsvik (31) frå Velsvik i Volda er tilsett som produsent i Språkåret 2013.

 

Velsvik tar til i stillinga 5. november. 31-åringen frå Velsvik i Volda har ein bachelorgrad i kultur og leiing frå BI i Oslo, og avsluttar denne månaden ein mastergrad innanfor det same fagfeltet i Barcelona. I tillegg er Karine Munch (46) frå Bærum tilsett i vikariat som programansvarleg i Aasen-tunet.

– Eg gler meg til å fremje språkleg stoltheit og engasjement gjennom arrangement over heile landet, seier Jannicke Velsvik.

– Interessa for Språkåret 2013 blir berre større og større, og det er svært inspirerande å jobbe med dette prosjektet. Med produsenten på plass kan vi planleggje og gjennomføre endå fleire lokale og nasjonale arrangement, seier prosjektleiar Inger Johanne Sæterbakk i Språkåret 2013.

Sæterbakk peikar også på at ein no vil kunne jobbe endå tettare mot dei ulike språkmiljøa i landet, og med internasjonale perspektiv på den norske språksituasjonen.

Kulturdepartementet har bestemt at 2013 skal vere eit nasjonalt språkår som gir ei raus, inkluderande og samlande feiring av alt språk i Noreg med grunnlag i 200-årsjubileet for Ivar Aasen og 100-årsjubileet for Det Norske Teatret.

Frå før av arbeider prosjektleiar Inger Johanne Sæterbakk og prosjektsekretær Bente Lothe Eldholm for fullt med programmet til Språkåret 2013. 2. januar blir Språkåret 2013 opna med ei festførestelling i Kilden kulturhus i Kristiansand. Om lag 70 ulike samarbeidspartnarar er så langt involverte i Språkåret 2013.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...