Organisasjonen Nei til EU har opplevd stor medlemsauke etter at nettopp EU vart tildelt Nobels fredspris førre veke.
Fredag førre veke kunngjorde Thorbjørn Jagland at fredsprisen 2012 gjekk til EU. Den påfølgjande helga var det masseinnmelding i Nei til EU, melder organisasjonen i ei pressemelding.
550 menneske meldte seg inn i organisasjonen sist helg.
– For Nei til EU er dette svært velkome, seier generalsekretær Vigdis Hobøl.
Nei til EU har hatt fallande tilstrøyming av medlemmer dei siste åra, noko Hobøl meiner kan forklarast med at det har gått «for bra» på meiningsmålingane.
– Når mellom 75 og 80 prosent av folket seier nei til EU, tenkjer litt for mange at dei ikkje treng å vere aktive i EU-spørsmålet, seier generalsekretæren. (NPK)