Heim Nyhende Etterlyser kandidatar

Etterlyser kandidatar

Også i år skal klarspråkprisen delast ut til eit statleg føretak som er flinke til å bruke eit godt og brukarvennleg språk. 

 

Fornyingsminister Rigmor Aasrud vil dele ut klarspråksprisen på Klarspråkskonferansen 7. mars. Fristen for å kome med forslag til kandidatar er 1. november. 

For å vinne prisen må ein produsere klar og lett forståeleg informasjon til publikum i form av blant anna brev, nettekstar og skjema. Ein må også ha gjort eit systematisk og dokumentert arbeid for å få godt språk, både på nynorsk og bokmål. Det er også viktig at store deler av føretaket blir involvert i prosessen og at ein gjerne inspirerer andre statsorgan til fleire språktiltak.

Prisen vart for første gong delt ut i 2009, dei tidlegare vinnarane er Lånekassen, Utlendingsdirektoratet (UDI) og Statens pensjonskasse (SPK).  

Bak prisen står prosjektet «Klart språk i staten», eit samarbeid mellom Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) og Språkrådet. Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD) er prosjektansvarleg.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

– Eg er mest glad å lesa i ambulanseboka mi, fortel Symre (5). Ved sida av ho sit frå venstre Trygve (5) og Jørgen (5).

Innspel til Lesekommisjonen frå Nynorskkommunane

Nynorskkkommunane – LNK har 104 medlemmar, mellom desse 85 kommunar, 3 fylkeskommunar, fleire regionråd og interkommunale selskap. For medlemmane våre er det viktig å...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...