Heim Nyhende Startar kampanje for betre skulebibliotek

Startar kampanje for betre skulebibliotek

Kvaliteten på norske skulebibliotek varierer. Norsk Bibliotekforening sende onsdag brev til alle rektorar i grunnskulen med oppfordring om å satse på skulebiblioteka.

– Det er stor forskjell på kvaliteten i skulebiblioteka. Frå dei som har gode skulebibliotek til dei som ikkje har skulebibliotek i det heile tatt. Andre har eit skulebibliotek fordi dei må, men satsar ikkje på det, seier leiar Ingeborg Rygh Hjorthen i Norsk Bibliotekforening.

Lesing og informasjon
I brevet peikar foreininga på kor viktig eit godt skulebibliotek er både for å utvikle lesedugleiken og informasjonskompetansen til elevane.

– Er det nokon som kan satse på skulebiblioteka, er det jo rektorane på kvar enkelt skule. Difor sender vi brev til dei for å få dei til å satse på sitt skulebibliotek. Vi vil gjerne synleggjere korleis situasjonen er, seier Hjorthen.

På nettsida si lanserer Bibliotekforeningen ein kampanje der dei har lagt ut statistikk og gir tips til skulebibliotekansvarlege, lærarar, foreldre og elevar om kva dei kan gjere for å betre tilbodet på sin skule. Hjorthen håpar også at politikarane vil engasjere seg. Det finst ingen argument for å la vere å satse på skulebibliotek, meiner Bibliotekforeningen.

– Skulebibliotek er kjempeviktig som ein stad der elevane lærer informasjons- og digitalkompetanse. Den kompetansen har bibliotekarar, og det er viktig å lære tidleg. Forsking viser jo at barn trur dei har meir digital kompetanse enn dei eigentleg har, seier Hjorthen.

Tilgang
Skulane er ikkje pliktige til å ha skulebibliotek. Ifølgje opplæringslova er det nok med tilgang til bibliotek. I dag står 5 prosent av skulane i landet utan eige bibliotek. 16 prosent av grunnskulane brukar også skolebiblioteket som klasserom.

– Det er ikkje godt nok med nokre hyller i eit klasserom. Det må satsast på eit godt og attraktivt skulebibliotek som er bemanna og er ein del av heile læringsmiljøet, seier Hjorthen.

I brevet til rektorane peikar Bibliotekforeningen på at det er skuleleiinga sitt ansvar å leggje til rette for at skulebiblioteket får ein plass i opplæringa.

– Sørgjer du for at din skule har eit skulebibliotek med eige personale, som har fokus på lesing og som gir opplæring i digital kompetanse og nettvett? Utnyttar din skule til fulle skolebiblioteket som læringsarena i arbeidet til læraren med tilpassa opplæring? spør foreininga i brevet til rektorane.

Blir flittig brukt
Statistikken viser at 68 prosent av dei ansvarlege ved skulebiblioteka ikkje har bibliotekfagleg utdanning. 20 prosent har noko bibliotekfagleg utdanning, mens berre 12 prosent har bibliotekfagleg utdanning på bachelornivå.

– Det er uroande og litt symptomatisk at det ikkje blir satsa godt nok på grunnskulane, mens det etter kvart har vorte ei betre satsing på biblioteka i vidaregåande skule, seier leiaren i Bibliotekforeningen.

Skulebiblioteka blir flittig brukt. 72 prosent av elevane brukar skulebiblioteket éin gong i veka eller oftare. Kvar elev låner 13,8 bøker kvar i året. (NPK)

 

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Strategi for Nynorskkommunane (LNK) 2025-2029

Landstinget vedtok ny strategi for Landssamanslutninga av nynorskkommunar – LNK. Strategien bygger på prinsipprogrammet til LNK: • LNK skal leggja til rette for at medlemene kan vera...

Jubileumsfeiringar, sterke stemmer og sommarstemning under Festspela

Festspela 2025 vart ei levande og meiningsfull markering av nynorsk språk og kultur. Med fantastisk sommarvêr, sterke kulturopplevingar og eit engasjert publikum, er det...

– No er vi klare for Festspela!

– Vi gler oss til å ta imot gjestar i alle aldrar til ein levande og samlande festival, seier festspelsjef og konstituert arenaleiar Ida...

Fråsegn frå landstinget til LNK: – Kommunane må få dekkja kostnadene til språkdelte klassar

Landstinget til LNK kjem med klart krav til at kommunane må få dekkja dei kostnadene dei har til språkdelte klassar i ungdomsskulen. Etter den nye...