Både Gud og Jesus er frå Hammerfest når Det Norske Teatret på nyåret satsar stort og set opp Bibelen som teater.
Bjørn Sundquist er Gud, medan Marius Næss er Jesus. Begge har bakgrunn frå Hammerfest. Mannen som har tatt på seg den vanskelege oppgåva å dramatisere Bibelen, er Stein Winge.
Winge kan fortelje at Bjørn Sundquist allereie er så inne i rolla at han presenterer seg som Gud når han ringjer regissøren. Seks timar lang blir framsyninga, som har premiere 1. februar neste år. Fredag slapp teatret billettane samtidig med at Bibelselskapet lanserte ei ny litterær utgåve av Bibelen på nynorsk.
Maraton
Det er ikkje første gong Sundquist og Winge lagar ei maratonframsyning saman. På slutten av 1980-talet samarbeidet dei om «Merlin», også det ei seks timar lang framsyning på Det Norske Teatret. Den gongen spelte Sundquist sonen til djevelen.
– Bibelen er eit fantastisk teatermanus, seier Stein Winge.
Han har arbeidd med prosjektet i to år.
– I utgangspunktet kunne det virke som eit umogleg prosjekt, seier sjefdramaturg Carl Morten Amundsen.
Han har rekna ut at skal ein dramatisere heile Bibelen vil det ta nesten fem døgn utan pause.
– Då eg fekk denne fortvilande oppgåva for eit par år sidan hadde eg aldri lest Bibelen. Eg trudde eg hadde gjort det, men det hadde eg ikkje. Det har vore fascinerande lesing, seier Winge.
Eiga tolking
Fleire forfattarar, blant dei Ari Behn, Maria Tryti Vennerød, Terje Nordby og Cecilie Løveid, har fått i oppgåve å ta for seg ulike historier frå Bibelen og gi si eiga tolking. Så skal Winge sy det heile saman. Manus er med andre ord ikkje teksttru mot Bibelen.
– Vi må lage vår eigen teatralske versjon. Det er mykje i versjonen vår du ikkje finn igjen i Bibelen, men som kunne ha skjedd, seier Winge.
Framsyninga er delt i to delar. Første del hentar stoffet frå Det gamle testamente og har fått tittelen «Ørkenvandring». Andre del er basert på Det nye testamentet og heiter «Jesus frå Nasaret». Fredagar og laurdagar skal begge delar visast på éin kveld, elles i veka blir det éin del per kveld.
– Sara Strindberg har skapt ein uhyggeleg slutt, seier Stein Winge. (NPK)