Heim Nyhende Vanskeleg med vegen

Vanskeleg med vegen

Vinterstengt veg kostar næringslivet i Vik i Sogn stort, både i pengar og i tapte moglegheiter. No må tunnellen gjennom Vikafjellet på plass, meiner både politikarar og næringslivet i kommunen.

Kvar veke viser vi deg eit glimt

frå ein av kommunane som er

med i LNK.

Denne veka: Vik

Gammalost

Nytt frå Vik:

Startar andre steget for
samhandling

Aktuelle lenker:

Vik kommune

Sogn avis 

Flickr

 

Den vesle kommunen Vik i Sogn har 2 768 innbyggjarar. Den er likevel ein relativt stor industrikommune med meir enn 300 arbeidsplassar knytte til industri av fleire slag. Her er stor flyt av varer som dagleg skal ut og inn av kommunen, men også av folk og kompetanse, fortel Svenn Egil Finden. Han leier marknadsavdelinga til Saferoad, morselskapet til bedrifta Vik Ørsta som produserer trafikktryggleiksprodukt i Vik.

Vik Ørsta må kvar vinter forholde seg til at det i praksis finst to hovudvegar ut av Vik: Den viktigaste er Rv. 13 over Vikafjellet – ein heilårsveg som var stengd i til saman 50 døgn sist vinter. Den andre er ferja mellom Vangsnes, Helle og Dragvik. Denne går ikkje nattetider.

Uroa

– All transporten vår skjer på vegen, hovudsakleg over Vikafjellet. Det er ingen tvil om at vi har store meirkostnader knytt til transport av varer når vi må sende desse på alternativet vegar dei dagane vegen over Vikafjellet er stengd.

Firmaet har ikkje konkrete tal på kor stort dette økonomiske tapet er, og Finden er nesten meir bekymra for moglegheitene for vekst som kanskje forsvinn i utfordringane knytte til vegen.

– Det som er vel så viktig for oss er transporten av folk. Vi sit på kunnskap og kompetanse som òg skal ut og inn av Vik. Folk som er avhengige av å reise i sitt arbeid må no gjerne køyre rundt halve Vestlandet for å komme seg til Bergen.

Løysinga på utfordringane er å få ein heilårsveg ein alltid kan lite på, og det betyr i praksis at ein må leggje vegen mellom Vik og Voss i tunnell.

– Å endre vegen som i dag går over fjellet har vist seg å bli eit for stort og kostbart prosjekt, så tunnell er den einaste tekniske løysinga som svarar seg i dag, meiner Finden.

Portforbod

Det er ordførar Marta Finden Halset samd i. Tunnellen gjennom Vikafjellet er ein ide det har vore jobba med i meir enn 50 år, og no ønskjer ordføraren å sjå det realisert.

– For oss handlar dette om å få ta del i velferdssamfunnet. Vi har i dag ikkje eit stabilt samband med omverda når vegen over Vikafjellet er stengd og ferga har slutta å gå for natta.

Ordføraren samanliknar det med å ha portforbod, og seier det dårlege sambandet med omverda gjer Vik til ei øy på fastlandet.

– Vikafjellet er den mest vinterstengde riksvegen i Noreg. Vi bruker opptil 7 millionar kroner i året på brøyting her i kommunen. Ein 15 kilometer lang tunnell mellom Vik og Voss vil både vi og regionen tene på.

Må inn i NTP

Med eit stabilt vegnett vil regionen kunne få eit utvida bu- og arbeidsområde, seier ho.  Men planen om ein tunnell gjennom Vikafjellet kom dessverre ikkje med i Nasjonal Transportplan dette året, seier ho vidare, og det skuldast ikkje at ikkje planane er på plass.

– Dette er truleg det einaste vegstrekket der alle overordna planar er ferdige, så det einaste som manglar no er å få den inn i Nasjonal Transportplan att.

Ho gler seg derfor over at fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane i sommar gjorde vedtak om å arbeide for å få tunnelen gjennom Vikafjellet inn i Nasjonal Transportplan før den skal opp i Stortinget i mars neste år.

– Busetjing og etablering av arbeidsplassar i Vik er avhengige av ein god veg, avsluttar ho.


Tunnell Vikafjellet:

  • Vil gå mellom Vik i Sogn og Fjordane og Voss i Hordaland
  • Blir 15 km lang
  • Estimert kostnad: 1,6 milliardar kroner

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Nynorsk teaterjubel i raudgrøn budsjettsemje

– Alle som er glade i nynorsk scenekunst, kan sende ein varm tanke og ei hjarteleg takk til Audun Lysbakken og SV. Det seier leiar...

Ny lærebok vil vise at nynorskopplæring er moderne

Lærarstudentar og norsklærarar som strevar med nynorsk får gjennom ei ny bok høve til å styrkje nynorskkompetansen sin. – Boka er sett saman av ulike...

Vel nynorsk for barnet ditt!

Er du ein av dei mange tusen føresette som veit at dette er siste året i barnehage, og neste haust er det skulestart? Kanskje...

Det nynorske næringslivet foreinar kreftene

Den nye medlemsorganisasjonen Nynorsk bedriftsforum skal vere eit landsdekkande nettverk av og for nynorskbedrifter. Målet er å betre dei språklege arbeidsvilkåra for nynorskbedriftene, slik...