Heim Nyhende Vil ha skilt på nynorsk

Vil ha skilt på nynorsk

Leiinga ved Universitetet i Bergen seier likevel ja til skilt på nynorsk. 

 

– Då eg vart gjort merksam på denne saka, tenkte eg at me måtte få gjort noko med dette, seier universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken til nettavisa På Høyden.

På Høyden har tidlegare skrive om den nye skilthandboka som slo fast at alle skilt ved UiB skal vere på bokmål. 

– Skilt er tekst som har stor symbolverdi. I HF-bygget er det til dømes fellesskilting på nynorsk i dag. Dersom den nye handboka seier at me ikkje får lov til dette, er det ei dårlegare ordning enn den me har i dag, sa Arve Kjell Uthaug, administrasjonssjef ved Institutt for framandspråk til nettavisa ved universitetet.

Elvbakken lovar at arbeidet med å få nynorske skilt på plass allereie er i gang. 

– Eg tenkjer at no må dei grunneiningane som vil ha skilt på nynorsk gi melding om det. I dag har me mellom anna Senter for vitskapsteori og Institutt for framandspråk, seier Elvbakken.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...