Heim Nyhende AUF vil ha karakter i sidemål

AUF vil ha karakter i sidemål

Landsmøtet i AUF vedtok i helga at dei ønskjer eigen karakter i sidemål. Vedtaket vart gjort med stort fleirtal, og etter vedtaket braut det ut ståande applaus i landsmøtesalen.

– Vi er svært glade for vedtaket i AUF. Ein eigen karakter er avgjerande for å unngå svekking av sidemålsopplæringa, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

– Med dette vedtaket sender AUF eit sterkt signal til Arbeiderpartiet om at ungdomen ynskjer å styrkje nynorsken både som hovudmål og sidemål, ikkje svekkje faget ved å slå saman karakterar, seier Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom.

AUF viser mellom anna til korleis karakterar styrer undervisninga og at dersom karakteren i sidemål fell bort, vil det svært sannsynleg føre til mindre og dårlegare sidemålsundervisning. Dei er også tydelege på at dei ynskjer meir tid til grunnleggjande lese- og skriveferdigheiter i begge målformer, og tidlegare start med sidemål.

AUF har med dette snudd i synet på eigen karakter i sidemål. Dei har før meint at sidemål skulle vere ein integrert del av norskfaget, men at eigen eksamen/tentamen og karakter i sidemålet burde avskaffast.

– Landsmøtevedtaket er også eit viktig signal til Kunnskapsdepartementet sitt arbeid med norskfaget. Om ikkje lenge vert det sendt ut høyringsframlegg om revidert læreplan i norsk, der vurderingsformene er sentrale. Vi vonar Kristin Halvorsen lyttar til AUF og held fast på eigen karakter i sidemålet, seier Håvard B. Øvregård.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...
– Eg er mest glad å lesa i ambulanseboka mi, fortel Symre (5). Ved sida av ho sit frå venstre Trygve (5) og Jørgen (5).

Innspel til Lesekommisjonen frå Nynorskkommunane

Nynorskkkommunane – LNK har 104 medlemmar, mellom desse 85 kommunar, 3 fylkeskommunar, fleire regionråd og interkommunale selskap. For medlemmane våre er det viktig å...