Heim Nyhende Meir ungdomsmakt i kommunane

Meir ungdomsmakt i kommunane

Ni av ti kommunar har no fått til ei representasjonsordning for unge. Det er kommunalministeren godt nøgd med. 

 

Det er ein auke på ti prosentpoeng frå 2008.

– Det er bra at stadig fleire kommunar legg til rette for medverknad frå dei unge. Men vi er ikkje i mål før alle kommunane har etablert slike ordningar. Dei få som framleis ikkje har innført ungdomsrepresentasjon må gjere det, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

– Eg er oppteken av at forskjellege aldersgrupper er representerte i kommunale råd og utval. Unge kjenner unge best. Difor er det viktig at dei får medverke i saker som gjeld dei sjølve, seier Navarsete.

På oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet har Norsk Institutt for by- og regionforsking (NIBR) kartlagt politisk og administrativ organisering av kommunal verksemd. Dei har også sett nærare på organisering av tenesteproduksjonen og i kor stor grad kommunane til dømes nyttar marknadsmekanismar.

Eit generelt inntrykk er at organiseringa av kommunane er rimeleg stabil. Det viser seg at kommunane tek stadig meir i bruk ulike former for innbyggjardialog og at internett og sosiale medium blir viktigare i kommunikasjonen med innbyggjarane. 95 prosent av kommunane har også ordførar som arbeider på heiltid. 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...