Heim Innspel Ja takk, begge delar

Ja takk, begge delar

Norske akademikarar skal bli meir internasjonale. Er det til fare for det norske språket?

Dersom ein les strategiske dokument og planar frå dei norske universiteta, ser ein tydeleg at det er eit mål innan akademia å hevde seg i størst mogleg grad på den internasjonale forskingsarenaen.

Vi skal rekruttere og tiltrekke oss forskarar og studentar frå heile verda. For å gjere det meiner mange at vi må få fleire og betre nettsider på engelsk. Dei tilsette må kursast i engelsk, for forskarane må kunne kommunisere godt med utanlandske kollegaer og studentar. Jamvel administrasjonen skal perfeksjonere engelsken sin for å yte best mogleg service til dei som kjem til oss. Engelsk er blitt lingua franca, og nokre kallar det til og med «den nye nynorsken». Blir det norske språket utvatna? Vil det forsvinne i akademia?

«Samfunnsoppdraget krev fleirspråkleg kvardag», sa vår rektor Grønmo på haustseminaret til Mållaget i 2010. Med det opna han opp for at det eine ikkje hindrar det andre. Ja, takk, begge delar! Han meiner at framtida for norsk er lysare enn vi trur.

Ved Universitetet i Bergen er det vedteke av styret at vi skal ha ein parallellspråkleg praksis som språkpolitikk. Vi skal vere like gode i framande språk som i norsk. Men undervisingsspråket og administrasjonsspråket skal i hovudsak vere norsk.

Det er også slik at norske universitet og høgskular har eit lovfesta ansvar for å vidareutvikle og vedlikehalde norsk fagspråk. Som kulturberande institusjon skal vi ta vare på det norske språket. Som statsorgan skal vi følgje mållova.

Men er det lettare sagt enn gjort? Vert det publisert nok artiklar på norsk? Snakkar vi norsk med den utanlandske kollegaen som kom i vår, eller går det på engelsk? Nyttar vi norsk eller engelsk i møte når ein eller fleire møtedeltakarar er utanlandske? Og kva gjer vi med nynorsken oppi alt dette?

Samfunnsoppdraget er vidt, og krava er mange. Og er det verkeleg språkpolitiske vedtak, planar, strategiar, lover og retningsliner som inspirerer oss til å bli gode språkbrukarar?

Neppe. Men dei kan hjelpe oss til å setje oss mål og gje eit grunnlag for sette i gong tiltak. Dei er eigna til å gjere oss medvitne om at det er lurt å drive aktiv språkrøkt på eigen arbeidsplass, anten det gjeld undervising eller administrasjon.

Universitetet i Bergen har difor oppretta eit språkprosjekt for å møte nokre av dei språklege utfordringane vi har i kvardagen vår. Det er ikkje det at vi er dårlege i språk, men vi kan alle bli betre. Det dreier seg mellom anna om å utvikle gode kurstilbod i både norsk og engelsk for alle tilsette. No kan til dømes utanlandske tilsette få innføringskurs i nynorsk om dei vil. Ved å arrangere opne språkseminar kan vi diskutere korleis vi skal praktisere språkpolitikken vår i undervisinga og i administrativt arbeid. Vi ser også på nettsider, skjema og malar. Korleis skal vi uttrykke oss best mogleg der?

Gode språkambassadørar er kan hende like viktige. At leiinga set fokus på godt språk er ein ting, men inspirerande førelesarar har også stor påverkingskraft på språket.

For å sitere jusprofessor ved UiB, Jørn Øyrehagen Sunde: «Det går an å vere lokal og samstundes internasjonal. Ver internasjonal, skriv nynorsk!» Han fekk juristmållaget sin pris for å vere ein føregangsmann i faget sitt, og nynorsken står sterkt innanfor omgrepsapparatet han har vore med på å utvikle. Gjennom førelesingane ved Universitetet i Bergen er han dessutan ei levande inspirasjonskjelde for studentar som ønskjer å skrive nynorsk.

Å vere internasjonal medfører ikkje at ein skal gje slepp på det særeigne ved språket og kulturen vår. Det vil vel heller seie at vi skal dele det med andre?

Ellen Margrete Grong, rådgjevar Personal- og organisasjonsavdelinga Universitetet i Bergen

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...