Heim Nyhende Vil ha nynorsk nettbank

Vil ha nynorsk nettbank

Sparebankar i nynorskdistrikt bør ha nynorsk nettbank, meiner banksjef Vidar Homme i Valle Sparebank. 

– Nynorsk i nettbanken har vore ei kampsak for mange nynorskbankar i Terra-samarbeidet i mange år. I Valle Sparebank får me med jamne mellomrom spørsmål frå kundar om når nettbanken kjem på nynorsk. I det siste har også lokalavisa Setesdølen gripe fatt i problemstillinga, og det var i denne samanhengen avisa laga eit oppslag om saka, seier banksjefen i Valle Sparebank til Sparebankforeningen. 

Han trur heller ikkje økonomien blir noko problem. 

– Det er rett at dette tidlegare har vore eit kostnadsspørsmål. Det er likevel eit poeng at slike tilleggsopsjonar i røynda ikkje er særleg fordyrande dersom det allereie i planleggingsfasen av innføringa av nye datasystem vert teke omsyn til språkleg valfridom. Sjølve omsetjinga kan gjerast utan den store kostnaden, fleire bankar og andre aktørar har meldt interesse for å bidra i dette arbeidet, meiner Homme. 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...