Heim Nyhende Nytt liv i Folkets hus

Nytt liv i Folkets hus

Sauda er ein av dei få industristadane som framleis har eit folkets hus ståande. No skal Folkets hus bli kulturhus i Sauda.

Det stolte bygget er eit landemerke i Sauda. Midt i byen ligg den gule klossen, nøyaktig slik han vart reist i 1931. Den gongen skulle bygget stette behova industriarbeidarane hadde for rekreasjon, kultur og debatt. Men Sauda er ikkje det industrisamfunnet det var då, og i takt med tida har bruken av huset vorten mindre og har endra karakter.

Det vil seie, Folkets hus har faktisk fungert som eit lite kulturhus i mange år no. Her har kulturskule og lokale lag hatt øvingar, og mange kulturarrangement vert haldne her. Men huset tilfredsstiller ikkje dagens krav til tilgjenge, lyd og scene, og kommunen har i mange år jobba med å få seg eit skikkeleg kulturhus. Det skal det no bli orden på.

Byggjer på

– Det er Sauda fabrikkarbeiderforening som eig huset i dag, og Sauda kommune har leigd det i mange år. No ønskjer ikkje foreininga å eige bygget lenger, og kommunen skal få kjøpe det for 1 krone, seier kultursjef Åshild Øverland

Ho gler seg stort over at Sauda no omsider får sitt eige kulturhus, og legg ikkje skjul på at ho er svært fornøgd med at det vart Folkets hus kommunen til slutt landa på.

– Det er kjekt å kunne foreine dei historiske røtene i Folkets hus med samtida i eit nytt kulturhus. No skal vi få til eit funksjonelt brukshus, seier ho og forklarar:

Kulturhistorisk er bygget godt bevart, men rehabilitering er nødvendig. Det er heller ikkje tilgjengeleg for til dømes rullestolbrukar. Trappegangane og salane kan ein ikkje gjere mykje med, for då vil ein øydeleggje det originale byggverket, og det er tiltak som ein verken kan eller har lov til å gjere i eit bygg som i praksis er verna.

Storesalen Folkets Hus

For å bevare og samstundes utvide brukshøva i Folkets hus vil ein derfor byggje eit heilt nytt tilbygg på sida av huset. I tilbygget blir det sett opp heis som gjev tilkomst til 2. etasje og hovudsalen. I tillegg blir det ulike øvingsrom og ein ungdomskafé i nybygget. Å flytte Frivilligsentralen til Folkets hus er også ein idé som har kome opp.

Scena i hovudsalen er ikkje stor nok etter dagens krav, men dei unike veggmåleria som finst på sidene av scena, gjer at ei forlenging den vegen er uaktuell. I staden vil scena bli forlengd ut i salen.

Ser det unike

Det skal også gjennomførast andre tiltak, som handikapptoalett og brannsikring, og bygget må få ei meir moderne form for oppvarming.

I all hovudsak skal likevel Folkets hus framstå i si originale form. Kultursjefen ser at ein også i framtida vil måtte nytte andre bygg til arrangement som blir for store for Folkets hus.

– Vi vil ikkje kunne stette alle behov i framtidige arrangement, seier Øverland.

– Men vi ser også at mange artistar som kjem til Folkets hus i dag, ser det unike i dette bygget og toler at alt ikkje er i samsvar med moderne krav.

Lange røter

Og det er mykje historie som sit i veggene her. Saman med Allmannajuvet, kraftstasjonane, smelteverket – som framleis er i full drift –, Åbøbyen – kor dei tilsette på smelteverket budde –,og Sauda Klubb – som funksjonærane frekventerte – illustrerer Folkets hus det som har forma Sauda så sterkt: Den fattige jordbruksbygda som i løpet av ein tiårsperiode gjennomgjekk ei eksplosiv utvikling mot eit rikt og kraftfullt industrisamfunn. Utbygginga av Saudefaldene starta i 1913, og i 1923 starta produksjonen på smelteverket for fullt.

– Heile samfunnet vart snudd på hovudet, og innbyggjarane fekk vere med på å byggje opp det nye Sauda-samfunnet frå botnen av, fortel Øverland.

– Historia om Sauda representerer ein svært viktig del av noregshistoria, og Sauda vart på mange måtar ein spydspiss for det moderne samfunnet.

Sauda AashildOeverland kultursjef769
I glansdagane til Folkets hus var her dans minst to gonger i veka. Kultursjef Åshild Øverland gler seg til huset er rehabilitert. (Foto: Toyni Tobekk)

Vilje i folket

Tanken om å få eit kulturhus i Sauda har levd i fleire tiår, og ulike løysingar har vore vurderte og forkasta. No når kommunen har samla seg om å ta i bruk Folkets hus som sitt nye kulturhus, gjer det også utviklingsarbeidet mykje lettare, påpeiker Øverland. Det har ikkje vore lett å søkje om midlar til drift og utvikling så lenge ein ikkje har hatt ei permanent løysing å vise til. No har kommunen sjølv løyvd 20 millionar kroner til nybygg og renovering, og så må ein ut og skaffe dei resterande 10 millionane ein reknar med må til for å kome i hamn, frå andre kjelder. Øverland trur viljen til å støtte opp om huset i aller høgste grad er til stades i Sauda. Sjølv om ikkje alle har dei same kjenslene til den rørsla som i si tid bygde huset, så ønskjer folk at det skal vere eit kulturhus i byen. At ein skal klare å stable på beina dei midlane som trengst, ser ho derfor ikkje mørkt på. Folk har endåtil kome og bydd seg å vere med på dugnad viss det skulle vere behov for det.

– Vi har vore gjennom fleire lange prosessar, og folk har vorte skuffa før. Med denne avgjerda om å satse på Folkets hus kan vi omsider byrje å prosjektere. No er det viktig å komme i gang.

Fleire saker frå Sauda i LNK-avisa nr 3 som kjem i neste veke!

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...