Heim Nyhende Skei Grande styrer gjerne språkpolitikken

Skei Grande styrer gjerne språkpolitikken

Trine Skei Grande er dyslektikar. Likevel er språk og skuledebatten noko av det som er viktigast for henne.

Venstreleiaren heldt opningstalen til Dei nynorske festspela torsdag. Før opninga snakka ho med Nynorsk pressekontor om kor viktig og vanskeleg debatten rundt språk er.

– Norskfaget må bli slik andre språkfag vi lærer i norsk skule. Lærer vi engelsk, fransk eller andre framandspråklege språk, lærer vi også om kulturen i landet. Slik må norskfaget også bli, seier ho.

Gjerne kunnskapsminister
Ho likar tanken om å ta rolla som kunnskapsminister i ei ny regjering, og legg ikkje skjul på at ho meiner det blir eit skifte etter valet til hausten.

– Det er opp til veljarane om det skal bli ei mørkeblå regjering, eller ei blågrøn regjering, seier Skei Grande. Ho meiner det klart vil vere betre for språk- og skulepolitikken om Venstre blir med i kabalen.

– Norskdebatten i 2012 var litt rar. Han handla eigentleg om eit norskfag som nokon må ha «guts» til å rydde opp i. I staden for å rydde opp, så går ein til åtak på nynorsken. Sjølve norskfaget er i dag eit oppsamlingsfag der alt som ikkje passar inn andre stader i norsk skule, blir lagt, seier ho.

«Venstrefamilien»
Sjølv var Trine Skei Grande saksordførar for stortingsmeldinga som kom i 2009, Mål og meining. I tillegg har ho jobba veldig mykje med og er opptatt av språk, trass i at ho sjølv har hatt problem med lesing og skriving som dyslektikar. Ho meiner nynorsken er ein stor del av kultur- og kunnskapspolitikken generelt, og under festspela er ho i kjerneområdet for partiet. Det er mange frå «venstrefamilien», som ho kallar han, til stades.

Å halde opningstalen på Dei nynorske festspela 2013, kombinerer ho med å drive valkamp med ein rundtur saman med førstekandidaten på stortingslista til Venstre i Møre og Romsdal. Om ho er valt ut til å opne Dei nynorske festspela fordi Nynorsk-Noreg vil fri til Venstre i ei eventuell ny regjering, veit ho ikkje. Men sjølv meiner ho det er klokt av dei, med tanke på språk- og skulepolitikken. (©NPK)

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...