Heim Nyhende Tajik blæs liv i leselystaksjonen

Tajik blæs liv i leselystaksjonen

 

Kulturminister Hadia Tajik (Ap) vil lokke fleire unge til å lese, difor lanserer ho ein eigen leselyststrategi.

 

 Med strategien for leselyst vil Tajik blåse nytt liv i arbeidet med å etablere gode lesevanar i tidleg alder.

– Å lese er ei kjelde til personleg utvikling og underhaldning, og lesing opnar dessutan moglegheita til å ta deli den offentlege debatten. Å lese er ei demokratisk handling, seier Tajik.

Leselyststrategien er ein del av leseløftet 2010-2014, som samlar ulike nasjonale tiltak for lesing og formidling av litteratur. Kulturministeren har fått innspel til strategien frå aktørar som Kulturrådet, Dysleksi Norge, Forfatterforeningen og Nasjonalt lesesenter.

Nye prosjekt
Leselystaksjonen har 1,2 millionar kroner som skal brukast til nye prosjekt som skal fremje leselyst hjå barn. Tajik fekk gjennomslag for dei nye midla i revidert statsbudsjett i mai i år.

– Pengane skal gå til lesetiltak retta mot barn og unge. Vi etterlyser nye initiativ. Her er det moglegheit til å vere kreativ, seier Tajik.

Søknadsfristen for aktuelle prosjekt er 23. august.

Bøker & fotball
Leselyststrategien har også 1,55 millionar kroner tilgjengeleg for å vidareutvikle to leseprosjekt som allereie finst. «Hat trick» er eit tiltak kor bibliotekarar tek med seg bøker inn i fotballgarderobane for å vekkje leselysten hjå sportsinteresserte barn og unge. «Bok til alle» formidlar bøker til barn, unge og vaksne som har problem med lesing.

Tajik seier at leselyststrategien også er meint å samordne det som finst av allereie etablerte lesetiltak, og å stimulere foreldre som lesande førebilete. (©NPK)

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...