Heim Nyhende Sommarprat: Knut Aastad Bråten

Sommarprat: Knut Aastad Bråten

Den påtroppande redaktøren i Syn og Segn, Knut Aastad Bråten, skulle gjerne sett meir nynorsk i Aftenposten, Dagbladet og VG. 

Namn: Knut Aastad Bråten

Alder: 37

Yrke: Redaktør i bladet Folkemusikk, påtroppande redaktør i Syn og Segn.

Bruker sommaren til?
Eg har nettopp kome heim etter ein fantastisk pilegrimstur over sju dagar, frå Hedalen stavkyrkje i Sør-Aurdal til St. Tomas-kyrkja på Filefjell. Eg og kjærasten min, Knut Olav Åmås dreg snart på fjellvandring i Oberengadin i Sveits og til Comosjøen i Italia, noko som har vorte ein fin – og fast tradisjon.

Kvifor er språk så viktig?
Fordi språk er tre ting på ein gong: kommunikasjon, identitet og historie.

På kva område kunne nynorsken vore meir synleg?
I dei meiningsberande avisene som Aftenposten, VG og Dagbladet, i næringslivet, men også i skulane. Omkring 75 % av alle elevane som byrjar med nynorsk går over til bokmål i løpet av det 13-årige skuleløpet. Skulen har eit ansvar med å gjera elevane trygge på nynorsk slik at færre skiftar.

Kva trur du skjer med nynorsken etter stortingsvalet til hausten?
Både Høgre og Venstre er kultur- og språkmedvitne parti og er opptekne av nynorsk som eit levande skriftspråk, som kulturell ytringsform og som del av norsk historie. Eg trur ikkje eit eventuelt regjeringsskifte får konsekvensar for nynorsken.

Kvifor nynorsk?
Fordi det er språket mitt. Det er språket eg brukar kvar dag.

Meir sommarsnakk finn du her

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...