Heim Nyhende Helsingar frå Hovland

Helsingar frå Hovland

I boka «Frå Ragnar til alle» blir lesarane kjende med ei ny side av forfattarskapen til Ragnar Hovland når dei får lese e-postane hans.

Det er Samlaget som gjev ut boka som er ei samling av e-postar Hovland skreiv medan han jobba som konsulent i forlaget frå 2000 til 2009. Han var på kontoret to dagar i veka, og på desse dagane, og av og til på andre dagar, fekk kollegaene hans flust av e-postar om alt frå Luster-nytt til kvardagsfilosofi.

Hovland fortel at e-postane kom spontant. Det var ingen bevisst plan bak utsendingane.

– Eg kjeda meg vel litt på jobben og sat med små idear. Det er slik at interne e-postar stort sett er kjedelege. Eg hadde lyst til å gjere noko anna med dei.

Den første e-posten i boka er datert til 16. august 2000. Der presenterer Hovland serien «Komplett uforståelege songar vi gjerne syng med på» – med heile teksten til Ante-songen.

Folkeskikk å lese e-post

Det tok litt tid før responsen på dei første e-postane kom. Men etter kvart fekk Hovland svar frå nokre av kollegaene. Då følte han at han var inne på eitt eller anna.

– Det var nok eit mindretal av kollegaene som svarte, seier han.

– Men alle las det du sende ut?

– Ja, det reknar eg med. Ein skal lese e-post ein får i innboksen. Det er vanleg folkeskikk.

Med kontortid to dagar i veka, fann Hovland rom for å «hyre inn» ein fiktiv fråværsassistent til sprite opp dei elles så trauste fråværsmeldingane. Ifølgje Hovland kan ei klassisk fråværsmelding til dømes lyde: «Er borte frå kontoret. Tilbake måndag klokka 15.00».

Slike meldingar kom ikkje når ein fråværsassistent var inne i biletet. I ein av e-postane med emnefeltet «Automatisk svar ved fråvær» står det: «Eg er Ragnar Hovlands fråværsassistent. I går trudde eg eg såg den første kvitveisen, men det var feil. Som så mykje anna i livet mitt. Men det er vel Hovland du skal ha tak i, tenkjer eg, og mine små observasjonar bryr du deg vel lite om. Ja, Hovland er normalt på kontoret onsdag og torsdag. Men han sjekkar e-posten innimellom, så kven veit om du ikkje høyrer frå han ein vakker dag. No skal eg setje meg framfor tv-en med ein sixpack og zappe litt.»

Samla på e-postane

Kva samlagskollegaene likte best å lese om, er vanskeleg for Hovland å seie. Spekteret av tema var vidt, og i utvalet som kjem i bokform er det med helsingar frå både Shanghai, Jølster og Luster, små konkurransar, òg små, nærast livsfilosofiske utgreiingar. Men felles for alle e-postane, er at dei har blitt samla på av fleire.

Erle Stokke og David Aasen arbeidde mange år i Samlaget saman med Hovland. Til boka gjorde Stokke eit grovutval av tekstar og fekk med seg Aasen og Hovland i siste runde.

– E-postane frå Ragnar var noko av det første eg oppdaga då eg starta i jobben, seier David Aasen, redaktør i Samlaget.

Han samla på e-postane frå dag ein.

– Alle i Samlaget har eit forhold til Ragnar Hovland som den anerkjende forfattaren han er. Men med e-posten hans oppstod ein ganske uformell atmosfære, i tillegg til at vi blei kjend med ei meir personleg litterær stemme. Mange opplevde at vi tok del i noko hemmeleg, noko ingen andre visste om.

Ikkje planlagt utgjevne

At e-postane gjorde noko med arbeidsmiljøet er ikkje Aasen i tvil om.

– Det blei i alle fall ikkje dårlegare arbeidsmiljø, seier forfattaren sjølv.

Aasen kjenner ikkje til andre bøker der e-postar kjem til uttrykk på denne måten.

– Det er tilsvarande bøker, men då med brev eller dagboksnotat. Ofte ser ein på måten dei er skrivne på at forfattaren har håpa at dei ein gong kjem til å bli gitt ut. Men slik er det ikkje med e-postane til Ragnar. Dei kan ein sjå er skrivne til dei næraste medarbeidarane hans, seier Aasen.

Det blei ein brå stopp for e-postane merkt med «Til: Alle» frå Hovland då han slutta som konsulent i Samlaget. I dag skriv han berre e-post innanfor ein samanheng.

– No er eg like sakleg som andre folk, sånn omtrent, seier han. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...