Heim Nyhende Kvar fjerde veljar i tvil

Kvar fjerde veljar i tvil

750.000 veljarar er framleis i tvil om kva for eit parti dei skal stemme på under stortingsvalet måndag, viser ei fersk undersøking.

 

Ein av fire veljarar veit dermed ennå ikkje sikkert kven dei skal stemme på, ifølgje Norstats meiningsmåling for NRK.

At så mange ennå ikkje har bestemt seg er ein ny trend. Før var det tidleg meir opplagt kven som ville få stemma di, seier valforskar Rune Karlsen ved Universitetet i Oslo.

– Det var sterk samanheng mellom kven du var og kva du stemte på. Arbeidarar stemte på Arbeidarpartiet, folk i embetsverket stemte på Høgre og bønder på Bondepartiet (seinare Senterpartiet). Men dei store endringane i samfunnet har gjort koplinga mellom parti og veljarar svakare, seier valforskaren.

Han seier dei som ikkje har bestemt seg ennå i snitt er litt yngre enn dei som bestemmer seg før valkampen startar. Han understrekar likevel at det for dei aller fleste «siste liten-veljarane» står mellom to eller tre parti. Valkampen bruker dei til å få informasjon om alternativa og bestemme seg.

Valundersøkingane ved dei siste vala har vist at så mange som 11 prosent av veljarane ventar heilt til valdagen med å bestemme seg for kva for eit parti dei skal gå for. Det betyr at i underkant av 300.000 veljarar først hoppar ned frå gjerdet når dei går inn i stemmeavlukket. (©NPK)

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...