Sundvollen-erklæringa fortel at den nye regjeringa vil ha ei meir engasjerande sidemålsundervising. Ingen kan vere usamde i dette, så her blir det full støtte både frå målfolket og alle landets norsklærarar, skriv Torgeir Dimmen.
Dimmen er leiar for Nynorsksenteret og ser fram til eit godt samarbeid med den nye leiinga i Kunnskapsdepartementet for å nå dette målet.
Den nye læreplanen for norskfaget er eit godt grunnlag for betre sidemålsundervising. I formålsteksten til faget står mellom anna dette: «Det språklege mangfaldet [i Norge] er ein ressurs for barns og unges språkkompetanse. Med utgangspunkt i denne språksituasjonen skal barn og unge få eit bevisst forhold til språkleg mangfald og lære å lese og skrive både bokmål og nynorsk», skriv Dimmen i ein kommentar hjå Bergens Tidende.
Dimmen legg vekt på at skriftspråket nynorsk korkje er eksotisk eller uvanleg. Det har vore ein sjølvsagd del av norsk språk- og kulturhistorie i godt over 100 år og det er i dag bruksspråket til om lag 600 000 nordmenn.
– Nynorsk er formelt likestilt med bokmål, det kan brukast over alt i norsk samfunnsliv, og det blir forstått av alle som har ein eller annan variant av norsk som morsmål. Det er ikkje eit framandspråk, og elevane startar på eit nivå langt over null. Med andre ord: At vi har eit mylder av dialektar, to norske skriftspråk, samisk og ein flora av gamle og nye innvandrarspråk er ikkje eit problem. Det er ein ressurs. Denne ressursen er altfor dårleg utnytta i språkundervisinga i dagens skule, skriv Dimmen.
I kronikken lanserer Dimmen tre grep for å få ei meir engasjerande sidemålsundervisning:
- Tidleg start: Dette er det pedagogiske mantraet i mange fag i dag. Jo før ein byrjar, dess lettare og betre lærer ein den aktuelle ferdigheita.
- Mengdetrening: Nynorske tekstar bør brukast i alle fag på alle klassetrinn, ikkje berre i utvalde norsktimar på ungdomstrinnet.
- Lærarkompetanse: Gode læreplanar, lærebøker og læringsressursar er viktig, men aller viktigast er den kompetente og engasjerte læraren.