Meir enn fire av ti norske føretak har sponsa eller samarbeidd med kulturlivet i løpet av det siste året, viser ei fersk undersøking.
Myten om at kultursponsing først og fremst er eit storby-fenomen, blir slått hol på av ei ny undersøking utført ved Handelshøgskolen BI. Faktisk ligg Oslo-føretaka heilt på botn i eit fylkesvis oversyn over kor stor del av føretaka som har sponsa eller samarbeidt med kulturlivet, ifølgje Forskning.no.
23 prosent av bedriftsleiarar i Oslo fortel at føretaket dei leiar, har samarbeidd med kulturlivet det siste året.
Føretak i Finnmark, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal ligg på toppen i kulturinteresse. Her ligg delen kulturpartnarar på 70 prosent eller meir. I Oppland er talet 57 prosent, i Hordaland 50 prosent og i Rogaland 41 prosent.
Konjukturavhengig
Undersøkinga viser at interessa til næringslivet for å sponse eller samarbeide med kulturlivet svingar over tid.
– Private pengar er konjunkturavhengige, påviser Anne-Britt Gran, som er professor i kultur og leiing ved Handelshøgskolen BI.
Gran har sidan 2007 gjort jamlege målingar av norske føretak sine bidrag til finansiering av kulturlivet. Målingane viser to markante skift i perioden frå 2007 til 2013. Etter at finanskrisen gjorde seg gjeldande i norsk næringsliv i 2008, fall delen føretak som sponsa eller finansierte kulturlivet til 35 prosent mot slutten av 2009.
To år seinare, i 2011, var delen tilbake igjen på normalen på 40 prosent. I 2013 oppgjev 44 prosent av bedriftsleiarar at dei har sponsa eller samarbeidd med kulturlivet i løpet av dei siste åra. Dette er den høgaste delen som er målt sidan undersøkinga starta i 2007.
Kultur – mest for dei store
Det er dei store føretaka som i størst grad sponsar og samarbeider med kulturlivet. Halvparten av leiarane i føretak med meir enn 20 tilsette seier i 2013 at dei har sponsa eller samarbeidd med kulturlivet i løpet av det siste året.
For føretak som har mellom 5 og 19 tilsette, ligg delen kulturpartnarar på 44 prosent.
Undersøkinga viser at 38 prosent av føretaka som har samarbeidt med kulturlivet, i stor eller svært stor grad har fått innfridd sine forventningar til samarbeidet.
Langt færre, 20 prosent, svarar at dei i liten eller svært liten grad har fått innfridd forventningane.