Heim Nyhende Ørnulf Opdahl festspelutstillar i 2014

Ørnulf Opdahl festspelutstillar i 2014

Ørnulf Opdahl skal vere festspelutstillar under Dei nynorske festspela 26.–29. juni 2014. Opdahl kjem frå Ålesund og er kjend langt utover Noregs grenser for tolkingane sine av den mektige, vestlandske naturen.

«Motiver som går igjen, er den ensomme vandrer, stupbratte fjellsider, møte mellom hav og himmel, lys og mørke, det vide utsynet og en nærmest våt følelse av vær og vind,» skriv nettstaden fineart.no.

I perioden 1985-1992 var Opdahl professor ved Kunstakademiet, og i 1998 var han festspillutstiller i Bergen. Han har fått Ålesund bys kunstnerpris og Møre og Romsdal fylkes kulturpris, og har i alle år hatt eit tett utstillingsprogram i inn- og utland. Han har utført utsmykkingar mellom anna for Stortinget, Telenor, Norges Bank og Universitetsbiblioteket i Oslo.

I dag er han representert i ei rekkje norske museum og samlingar, mellom andre Nasjonalmuseet for kunst, Bergen Kunstmuseum, Astrup Fearnley Museet for Moderne Kunst og Stenersenmuseet. I 2006 blei Opdahl også innkjøpt av British Museum.

Makt på Dei nynorske festspela
Grunnlovsjubileet neste år har inspirert festspelarrangøren til å velje makt som tema. – Makt gir oss store rom når vi skal fylle dei ulike programpostane, og vi vil gi publikum både gode festivalopplevingar og eit par kraftfulle debattar, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet. Dei nynorske festspela vil som tidlegare innehalde konsertar, litteratur, samtalar, kunst og eigne program for barn og unge. Festspela blir arrangert i Ivar Aasen-tunet og andre stader i Ørsta og Volda 26.–29. juni 2014 og heile programmet blir lansert 9. april.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...