Heim Nyhende Olav H. Hauge-senteret opnar 4. september

Olav H. Hauge-senteret opnar 4. september

Komplett publikumstilbod ferdig til Ulvik poesifestival.

 

– Utstillinga blir ei spanande reise inn i poesiverda, der alle gjestene kan oppdage noko nytt om lyrikk og Olav H. Hauge, seier dagleg leiar Geir S. Netland, som ser fram til å gje publikum eit komplett tilbod i Ulvik. Den offisielle opninga av Olav H. Hauge-senteret blir torsdag 4. september. Hauge-senteret kan då presentere eit komplett tilbod, med ny basisutstilling om Olav H. Hauge sitt liv og verk. Utstillinga vil også vise lyrikk i mange former på tvers av språkgrenser. I utstillinga vil publikum bli kjende med ulike sider av Olav H. Hauge og få fleire inngangar til det lyriske universet hans.

 

Geir Netland er dagleg leiar ved Hauge-senteret.
Geir Netland er dagleg leiar ved Hauge-senteret.
– Publikum skal også få oppleva utdrag frå den mangfaldige verdslyrikken som rommar alt frå kunstdikt til songlyrikk og brukslyrikk, seier Netland i ei pressemelding. Utstillinga oppmodar til deltaking, undring og utfordrar fleire sansar. Løysinga nyttar arealet og dei ulike romma i det gamle heradshuset der Hauge-senteret held til, på ein god og kreativ måte.

Den opphavlege planen var utstillingsopning i mai, men ein ønskjer å bruke meir tid på å kvalitetssikre innhald og utstillingselement. Det vil seie at Olav H. Hauge-senteret opnar med eit samla publikumstilbod i september, som mellom anna inkluderer ny utstilling, nytt formidlings- og kulturprogram, ny resepsjon og museumsbutikk. Den grøne kafé er allereie på plass i senteret med ein ekstern drivar.

Den offisielle opninga blir no dagen før Ulvik poesifestival som Hauge-senteret arrangerer frå fredag 5. til søndag 7. september. – Vi håper med dette å trekkje endå fleire gjester og tilreisande til poesibygda Ulvik og ei innhaldsrik festivalhelg, seier Netland.

Det var utstillingsprodusenten SixSides som vann anbodskonkurransen om utforming av basisutstillinga. SixSides er ein av dei leiande aktørane i Norge når det gjeld utvikling og design av profesjonelle og opplevingsrike møtestader, og står mellom anna bak det nye Arbeidermuseet i Oslo og Rock City i Namsos.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Digitalt nynorskseminar for folkevalde i kommunane

Alt du treng å vita om nynorsk i kommunepolitikken på 45 minutt!  Kva kan du som kommunestyrerepresentant gjere for nynorsken i kommunen din? Me inviterer...

Mållaget etterlyser betre nynorskpolitikk i partiprogramma

– Dei fleste partia bør få betre nynorskpolitikk før dei går inn i valkampen. Det seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. Han har...

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...