Heim Nyhende Ekte landsby

Ekte landsby

Prosjektet Ekte Landsbyliv skal føre til at Dokka innan 2015 er ein attraktiv og velkjent landsby der det er godt å både bu, arbeide og leve.

– Ekte Landsbyliv skal vere ledestjerna for utviklingsarbeidet i Nordre land kommune og alle skal bli inkludert i satsinga. Arbeidet skal vere prega av verdiane våre som er open, nær og skapande, seier prosjektleiar Ingrid Bondlid.

 

Bakgrunnen for at prosjektet starta opp i 2010 var ein nedgang i folketalet. Saman med samarbeidspartnarane Landsbyen næringshage og handelstandsforeininga Landsbylauget starta kommunen opp det fireårige prosjektet som er eit bulyst – og omdømmeprosjekt. I 2009 vart Dokka Noregs første offisielle Landsby. Dokka er med sine 3000 innbyggjarar ein aktiv handelslandsby og eit naturleg handelssenter for 12 000 – 15 000 menneske i Land og Etnedal, i tillegg til omkringliggande distrikt.

Foto: Ekte Landsbyliv
Foto: Ekte Landsbyliv
– Prosjektet har blitt godt tatt imot i lokalsamfunnet. Det har ført til aktivitet, positive medieoppslag, nye møteplassar, fysiske tiltak og det har støtta opp om eldsjelene i lokalsamfunnet, seier Bondlid.

Langsiktig arbeid
Målgruppene for prosjektet er samansette, men det blir satsa spesielt inn mot eigne innbyggjarar, potensielle tilflyttarar, hytteeigarar og turistar.

– Ekte Landsbyliv har engasjert og mobilisert mange og skapt ny aktivitet og fleire arrangement, samt at ein har styrka stoltheita og identiteten som landsbyborgarar. Det er heilt klart ein styrke at satsinga er bredt forankra.

– Me har etablert nasjonalt Landsbynettverk, der me deler erfaring og hentar inspirasjon, seier Bondlid som ikkje er i tvil om at stadsutvikling er eit langsiktig arbeid der det kreves innsats over tid.

Tydeleg marknadsføring
– Kva resultat ser de?

– Landsbyomgrepet og Landsbyen Dokka er kjent og me jobbar strategisk og målretta med å vere ein attraktiv stad å bu, leve og arbeide. Me arrangerer blant anna Landsbyfest, har Landsbymarknadar, Landsbyråd, deler ut Landsbypris og jobbar fysisk med utvikling i Landsbyen.

– Sjølv om dette bulystprosjektet varer ut 2014 ynskjer me å vidareføre utviklingskulturen, og skape nye moglegheiter for Landsbyen framover, slår Ingrid Bondlid fast.

Målet er at Dokka skal bli sett på kartet, og marknadsføre seg tydelegare. Prosjektet skal bidra til at handelsnæringa og andre verksemder utviklar seg positivt. Prosjektet er delt inn i fire delprosjekt: Landsbyprofilering, handels – og arrangementsutvikling, landsbyutforming og kulturell og sosial landsbyutvikling.

Les også: Landsbylosen

Les også: Profilerte hallingambassadørar

Foto: Ekte Landsbyliv

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...