Heim Nyhende Kystkommunar mistar distriktsstøtte

Kystkommunar mistar distriktsstøtte

Regjeringa tilpassar seg nye europeiske reglar og sparkar ut enkelte kommunar frå ordninga med investeringsstøtte til distrikta. Samtidig slepp dei til nokre nykomarar.

 

 

Fleire framgangsrike kystkommunar må vike for innlandskommunar med treigare utvikling når regjeringa no endrar den distriktsretta investeringsstøtta.

Noreg må rette seg etter felles europeiske retningslinjer for regionalstøtte, og treng derfor godkjenning frå Efta før det nye forslaget som omfattar 281 norske kommunar blir sett i verk.

Tysdag sendte kommunaldepartementet inn framlegget om kva kommunar som skal få tilgang til den distriktsretta investeringsstøtta til ESA, overvakingsorganet til Efta.

Færre får støtte
Dei nye retningslinjene fører til at enkelte kommunar må ut av virkeområdet, opplyser Kommunaldepartementet i ei pressemelding.

I vurderinga av kva kommunar som får vere med, har departementet sett på korleis befolkningsstruktur og befolkningsutvikling, arbeidsmarknad og inntektsnivå har forandra seg over tid. I skrivet frå departementet heiter det at når situasjonen endrar seg, er det naturleg at dei justerer kva kommunar som skal vere med i virkeområdet.

– Endringane i virkeområdet støttar opp under biletet av todelinga av norsk næringsliv, der den tradisjonelle industrien og primærnæringane, som blant anna dominerer Innlandet, slit, medan dei kystnære regionane på Sør- og Vestlandet som er prega av eksportretta, ressursbaserte næringar, som olje og gass og sjømat, er i vekst. Sånn sett får vi eit virkeområde der kart og terreng stemmer betre overeins, seier kommunalminister Jan Tore Sanner.

Vestlandet ut, Innlandet inn
Med atterhald om godkjenning frå ESA, vil talet på kommunar i virkeområdet gå ned frå 284 til 281 kommunar. Flesberg (Buskerud), Finnøy, Vindafjord (Rogaland), Austevoll (Hordaland), Kristiansund, Aukra og Herøy (Møre og Romsdal) går ut av virkeområdet, medan innlandskommunane Øyer, Vestre Toten, Nord-Odal og Sør-Odal blir tekne inn.

Dei nye retningslinjene set visse avgrensingar for å gi regionalstøtte til blant anna energisektoren, finans og forsikring og transportsektoren.

Det nye virkeområdet trer i kraft frå 1. juli 2014 og skal gjelde fram til 31. desember 2020. (©NPK)

Førre artikkelEkte landsby
Neste artikkelKarl den store

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...