Heim Nyhende Regjeringa vil ha brevposten over på nett

Regjeringa vil ha brevposten over på nett

Kvart år sender offentlege verksemder ut meir enn 125 millionar brev på papir. No har regjeringa endra regelverket for å gjere det lettare å gå over til nettbasert kommunikasjon.


Tidlegare måtte forvaltninga be om samtykke til kommunikasjon på nett. Men med dei nye reglane er samtykke ikkje lenger nødvendig. I staden må innbyggjarar som føretrekkjer brev på papir, reservere seg mot dei nettbaserte løysingane.

Dei nye reglane blei vedtekne i statsråd fredag.

– Vi har lenge fylt ut sjølvmeldinga på nett og logga oss inn for å sjå skatteoppgjeret. Regelendringa banar veg for meir av slik nettbasert kommunikasjon, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H).

– For folk flest betyr det betre tenester, raskare svar og greiare oversikt over korrespondansen med det offentlege, forsikrar han.

Regjeringa har samtidig gjort endringar i eforvaltningsforskrifta for å skjerpe krava til informasjonstryggleik. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...