Ordførar i Stranda kommune håpar den norske katastrofefilmen «Bølgen», som har premiere neste år, både skal lokka fleire turistar til Geiranger og gjera politikarar og forskarar meir opptekne av ras og rassikring.
Utgangspunktet for filmen er skrekkscenariet innbyggjarane rundt Synnylvsfjorden på Sunnmøre har hengjande over seg; om kva som vil skje når eit stort fjellparti ved Åknes i Stranda kommune rasar ut og ei stor flodbølgje slår inn over land og folk. Fagfolk meiner at 54 millionar kubikkmeter fjell i verste fall vil rasa ut og at fjorden enkelte stader vil heva seg over tretti meter.
Filmen har eit budsjett på 48 millionar kroner og blir karakterisert som storslegen og spektakulær, men i Stranda kommune er det ikkje alle som likar at det blir laga underhaldning av trusselen dei lever under. Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) er ein av dei som har vore skeptiske.
– Det verkar som det var lettare å få løyvd millionar til ein katastrofefilm enn å investera i sikring og overvaking, seier han til A-magasinet.
Han seier samtidig at skepsisen i lokalsamfunnet til filmen er mindre no og at kommunen heller vil prøva å bruka filmen positivt.
– Vi har for lengst innsett at det ikkje er noko mål å kjempa imot. No må vi klara å skapa meirverdi gjennom merksemda filmen vil gje, seier Tryggestad. Han håpar filmen både skal lokka til seg fleire turistar og få forskarar og politikarar til å bli meir opptekne av skredfare og beredskap. (©NPK)