Heim Nyhende Lite å hente på næringsutvikling med større kommunar

Lite å hente på næringsutvikling med større kommunar

Kommunane arbeider ikkje utan vidare betre med næringsutvikling berre dei blir større, viser ein ny forskingsrapport.

 

Det trengst i alle fall meir kunnskap for å kunne seie noko klart om dette, går det fram av rapporten «Brikker som manglar. Kunnskap om næringsrettet samfunnsutvikling om kommunestørrelse», som forskingsinstituttet Norut har laga på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

– I dei undersøkingane vi har gått gjennom, ser vi ingen tydeleg samanheng mellom kommunestorleik og måten dei arbeider på, seier seniorforskar Elisabeth Angell i Norut til Nationen.

Rapporten stiller seg dermed tvilande til den klare konklusjonen ekspertutvalet for kommunereforma kom fram til i sluttrapporten sin i fjor, nemleg at ein kommune bør ha minst 15.000– 20.000 innbyggjarar for å kunne arbeide godt med næringsutvikling.

Norut-forskarane meiner at kunnskapsgrunnlaget er altfor spinkelt til å kunne trekkje så klare konklusjonar.

– Hovudbodskapen i undersøkinga vår er at det ikkje ser ut til å vere nokon store forskjellar i nærings- og samfunnsutviklinga i store og små kommunar, men vi manglar kunnskap for å kunne seie noko heilt sikkert, seier Angell.

Statssekretær Jardar Jensen (H) i Kommunal- og moderniseringsdepartementet seier i ein e-post til Nationen at Norut-rapporten ikkje går imot det som har komme fram tidlegare.

– I rapporten frå Norut blir det peika på at kapasitet kan vere ei utfordring. Større kommunar kan ha større fagmiljø og dermed leggje forholda til rette for at fleire personar i kommunane kan arbeide aktivt med næringsutvikling, seier Jensen. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...