Større einingar med fleire oppgåver er oppskrifta frå regjeringa som vil erstatte dei 19 noverande fylka med 10 regionar.
Kommunal- og regionalminister Jan Tore Sanner (H) la tysdag fram stortingsmeldinga om inndeling og oppgåver for dei nye regionane. Han var langt tydelegare i det ønskte talet på «om lag ti», enn på kva slags konkrete oppgåver dei nye regionane skal ha.
– Dai noverande fylkeskommunane har gått ut på dato, seier Sanner, og strekar under at større regionar også skal få større ansvar for samfunnsutviklinga. Dei skal kunne løyse oppgåver som femnar vidare enn det kommunar og fylke gjer i dag.
Saknar konkretisering
Han strekar under at det ikkje er regjeringa som skal teikne det nye kartet over regioninndelinga, og at talet ti ikkje er absolutt hogd i stein. Men det er først med rundt ti einingar at regjeringa seier seg villig til å overføre fleire statlege oppgåver til dei nye regionane.
I Stortingsmeldinga tek regjeringa til orde for at dei ti regionane skal få nye oppgåver på fleire område. Det skal vurderast om enkelte vegstrekningar skal omklassifiserast til regionalt nivå. Regionane kan få ansvar for tilskot til private lufthamner og ansvar for å byggje ut digital infrastruktur.
Regjeringa føreslår også at dei nye regionane skal få nye oppgåver innan kulturminnevern, kultur, næringsutvikling og friluftsliv.
Styreleiar Gunn Marit Helgesen i KS seier seg einig i korleis regjeringa skildrar situasjonen, men saknar verkemiddel for å styre samfunnsutviklinga i den ønskte retninga.
– Vi saknar til dømes ei konkretisering av korleis staten, gjennom fylkesmann og direktorat, skal følgje opp regionale planar, seier Helgesen.
– Sentraliseringsreform
Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum saknar også ei betre konkretisering av kva slags oppgåver dei nye regionane skal ha.
– Når Sanner skal klargjere kva oppgåver desse nye storfylka skal ha, er det ingenting konkret. Det er berre kravet om å slå seg saman som blir ståande. Dette er derfor inga oppgåvereform, det er endå ei sentraliseringsreform, seier Vedum.
Useriøs frist
SVs Karin Andersen meiner fristen fylka no får fram til 1. desember til å fatte vedtak om samanslåing, er «useriøs kort».
– SV er for regionar, men då må dei få større og viktigare regionale oppgåver – og dei må få tid til ein god prosess, seier ho. SV vil hindre at dei største kommunane overtek vidaregåande skule og kollektivtrafikk – oppgåver dei nye regionane må ha ifølgje Andersen.
Etter at vedtak om samanslåing er gjort, ønskjer regjeringa å legge fram ein proposisjon med ny regional struktur neste år. Dersom tidsplanen held, vil dei nye regionane kunne vere ein realitet frå 1. januar 2020, samtidig som den nye kommunereforma trer i kraft. (©NPK)