Heim Nyhende Over 4700 gjestar på Poesifestivalen

Over 4700 gjestar på Poesifestivalen

Ulvik herad har vel 1100 innbyggjarar. Få poesifestivalar i verda har så stor oppslutnad i høve til innbyggjartalet.

 

Over 4700 gjestar opplevde 35 ulike arrangement på ulike stader i Ulvik i løpet av festivalhelga. Høgdepunkta var mange.

Kråkevik og Falkeid: Fotograf Harald G. JohnsenKolbein Falkeid las og fortalde frå eit langt diktarliv og Herborg Kråkevik ramma inn ei minnerik stund med vakker song. Tingingsverket Ferdaminne av Tord Gustavsen bergtok publikum og Kjartan Fløgstad sine songskattar blei entusiastisk framførte av Berit Opheim, Gabriel Fliflet og Lars Klevstrand.


– Årets festival har igjen stadfesta at Hauge-senteret og Ulvik poesifestival er ein viktig formidlar og møteplass for lyrikk i mange former, seier dagleg leiar Geir S. Netland ved Olav H. Hauge-senteret. Vi har eit interessert publikum, både kortreist og langreist, som veit å setja pris på god poesi. Både forfattarar og utøvarar er begeistra over det unike publikummet vi har her i Ulvik.

Under opninga av den 10. Poesifestivalen i Ulvik blei Erlend O. Nødtvedt tildelt det nyoppretta Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar. Liv Bernhoft Osa las Hauge-dikt i Hauges hage og spelemannen Knut Hamre fortalte frå sitt livslange venskap med den store diktaren. Venelaget Olav H. Hauge gav i år Amboltprisen til professor Ole Karlsen som gjennom mange år har forska på Hauges forfattarskap.  

Ruth Lillegraven lanserte diktboka Skogen den grøne for barn og vaksne, og elevar frå skular i Ulvik, Granvin og Eidfjord blei dei første i landet til å sjå den nye skulesekk-produksjonen Les for livet.

Festivalpoetar som Cecilie Løveid, Øyvind Berg, Tone Hødnebø og Knut Ødegård belyste festivaltema Ordskifte gjennom lesing og samtale, og eit lydhøyrt publikum fekk høyre nye poetiske røyster som Juliane Rui, Bendik Vada, Øyvind Rangøy, Sigmund Løvåsen og Svanhild Amdal Telnes.

Den musikalske spennvidda var stor frå det energiske 9 grader nord til den stemningsvare kyrkjekonserten Tidekverv, som avslutta festivalen søndag ettermiddag.

Billettsal 11 prosent over budsjett

Tala hittil syner at Ulvik poesifestival selde billettar for 610 000 kroner, noko som er 11 prosent over billettinntektene frå førre festival i 2016. Vi hadde budsjettert med 4000 besøkande, og med eit besøk på nærare 12 prosent over budsjett er vi sjølvsagt svært nøgde med oppslutninga rundt årets festival, avsluttar Netland. 

Hauge-senteret sender ei stor takk til utøvarar, publikum, lokale samarbeidspartnarar og alle dei frivillige som bidrog til tre innhaldsrike og minnerike lyriske dagar i september.

– Ulvik har alltid vore ei sterk kulturbygd, seier festivalprodusent Jorid Lekve Eide. Folk i bygda stiller opp, både som eit lyttande publikum og som frivillige frå tidleg morgon til seine nattetimar under festivalen. Det både imponerer og rører å sjå kor mange som kjem på arrangementa våre, frå dei store konsertane til dei mindre litterære programpostane, seier Lekve Eide.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...