Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange medlemsbesøk, og gjennomført rekordmange prosjekt. Landstinget vårt hadde det beste oppmøtet på 14 år.
Me har har tilsett ny prosjektmedarbeidar for å styrka nynorsk i Rogaland. Satsinga på barn og unge held fram med stor aktivitet i Framtida.no og Framtidajunior.no – og auka i lesartalet på den siste.
I det følgjande kan du lesa meir om aktivitetane til LNK i løpet av 2025.
Storsamling på landstinget
Landstinget på Panorama Hotel i Øygarden 3.-4. juni 2025 samla totalt 114 deltakarar. Det er det høgaste deltakartalet på 14 år, og tilbakemeldingane etter landstinget er svært gode.
Tema på landstinget var:
- Korleis skal staten ta «særleg ansvar for å fremje nynorsk» dei neste fire åra?
- Inspirerande nynorskundervising
- Språkteknologi og KI – kva må kommunane passa på?
- Frå fine ord til handling – korleis følgja opp språkbruksplanar og språkpolitikk i kommunane
- Tema: Korleis engasjera ungdom i kommunen og lokaldemokratiet?

Statssekretær Trude Storheim i Kultur- og likestillingsdepartementet deltok på landstinget til LNK og deltok med helsingstale og i ein samtale om korleis staten skal ta «særleg ansvar for å fremje nynorsk» dei neste fire åra.
Landstinget fekk merksemd gjennom fleire oppslag i lokalaviser. Nynorsk pressekontor var til stades under heile landstinget og Øygarden kommune spelte inn podkast om mykje av det som skjedde på landstinget.
Landstinget til LNK vedtok ein ny strategi for 2025-2029, reviderte vedtektene og godkjende årsmeldinga og rekneskapen. Vedtektsendringa gjer det tydeleg at landstinget kan vedta dagsaktuelle språkpolitiske fråsegner.
Landstinget vedtok desse fråsegnene:
Kommunane må få dekkja kostnadene til språkdelte klassar
Krev demokratisk kontroll over språket – regjeringa må setja krav til skriveprogram
Medlemmane vart informert om landstinget på førehand gjennom nettsidene våre, gjennom nyhendebrevet vårt, sosiale media, i pressemelding og presseoppslag i Nynorsk Pressekontor og Vestnytt – og i e-post direkte til kommunane. Og LNK har sendt ut pressemeldingar, lesarbrev og delt informasjon på LNK.no etter landstinget.
I forkant av landstinget, arrangerte nettverket Nynorskfylket Vestland ei samling på landsmøtehotellet. Fleire av deltakarane der deltok også på landstinget.

Kursverksemd
Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege subsidierte språkkurs, som blir administrerte og gjennomførte av av Fretland & Fretland AS i Lærdal.
«På saklista» er det mest populære kurset vårt, som tek for seg klarspråk, rettskriving og hjelpemiddel for alle som skriv nynorsk i offentleg sektor. Kurset byggjer på fagboka På saklista. Klart språk i det offentlege av Jostein Avdem Fretland og Jan Olav Fretland. Kurset går over to dagar, og me kan tilby kursa våre over heile landet, fysisk eller på nett.
I tillegg til det ordinære «På saklista»-kurset har me ein tilpassa variant, der dag 1 er ein kursdag for leiarar og andre som har ansvar for språkarbeid, medan dag 2 er ein workshop med ei mindre gruppe av saksbehandlarar, der dei arbeider saman med kurshaldaren for å forbetre kommunale vedtaksmalar, brevmalar og liknande. Fokuset på dag 1 er då primært klarspråk, hjelpemiddel i skrivinga og organisering av språkarbeidet.
I 2025 gjennomførte LNK 12 nynorske klarspråkkurs i medlemskommunane våre, eitt fleire enn året tidlegare. Me har halde kurs i alle kommunar som har bede om det, og har marknadsført kursa på nettsidene våre, i nyhendebrev, på e-post til kommunane og på medlemsbesøka me har gjennomført.
Me ser at det kjem stadig nye kommunar som er interesserte i kurs, samstundes som fleire kommunar har kurs kvart år. Med den så pass store interessa for kursa i 2023, vurderte styret at interessa kunne bli større enn me har budsjett for i 2024. På styremøtet i desember 2023 vedtok styret å utvida budsjettet med 50.000 kroner, samstundes som me innfører ein eigendel på 25 prosent av kurskostnaden. I 2022 auka ramma med 100.000 kroner. Det kan vera vanskeleg å auka budsjettposten noko særleg meir utan at det går ut over drifta elles.

Jostein Avdem Fretland er dagleg leiar for Fretland & Fretland og held dei fleste av På saklista-kursa. Fretland & Fretland AS i Lærdal har sidan 2020 hatt ansvaret for utvikling, innsal og gjennomføring av kursa til LNK.
Deltakarar oppfattar «På saklista» som både eit språkkurs, eit saksbehandlingskurs og eit klarspråk-kurs. Tilbakemeldingane deira er svært gode, og dei legg vekt på nytten av kurset i den kommunale kvardagen.
Me tilbyr òg lærarkurset «På skjerm og på tavle», som går over 5–6 kortare digitale samlingar. Her lærer deltakarane både forskingsbasert nynorskdidaktikk og nynorsk rettskriving på tilpassa nivå. Kurset bruker boka Rett & Godt (Søyland/Fretland) som kurshefte.
På oppdrag frå Bergen kommune lanserte LNK i september 2023 eit ope og gratis digitalt nynorskkurs for lærarar. Kurset er utvikla av Jan Olav Fretland, tidlegare dosent ved Høgskulen på Vestland, og ein nestor innanfor nynorskdidaktikken. Kurset er sett saman av fleire videoar og oppgåver som deltakarane får løysa digitalt.
LNK har òg bidratt på fleire seminar og inspirasjonssamlingar for lærarar i Øygarden og i Rogaland i 2025.
Kursverksemda for barn og unge blir nemnt under kapitla om Framtida.no og Framtida junior.
Språkplanar
Å støtta medlemskommunane med å laga språkbruksplanar er eit viktig arbeid for LNK. LNK har det siste året vore i kontakt med fleire kommunar med råd til arbeidet med språkplanar.
Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer på ein mal som LNK har sendt ut, med lokale justeringar.
Språkbruksplanar er viktige av di dei set språkspørsmål på dagsorden i kommunane og plasserer ansvaret for kommunespråket hos ein etat eller avdeling. Planane fører til sikrare språkbruk hos tilsette og til ei meir medviten haldning i språkspørsmål generelt.
Ein språkbruksplan i kommunen kan vera ein god reiskap til å skapa engasjement og haldningar til korleis me brukar språket.
I januar 2025 la LNK ut ein oppdatert mal for språkbruksplan på LNK.no. I malen kjem LNK med fleire konkrete tiltak til korleis kommunane kan driva god, lokal språkpolitikk basert på beste praksis i kommunane og faglege råd. Malen blei til etter innspel frå Nynorsksenteret, Noregs Mållag og Nynorsk kultursentrum, og er oppdatert med den nye språklova og språkteknologi og kunstig intelligens er òg tematisert.
LNK oppmodar alle medlemene om å bruka malen som eit utgangspunkt for diskusjon og endeleg vedtak om ein kommunal språkbruksplan – og oppmodar alle medlemmar om å oppdatera språkbruksplanane sine til språklova som byrja å gjelda frå 1. januar 2022.
Når planen er vedteken må han gjerast kjent for alle tilsette. Han bør plasserast i personalhandboka, og delast ut til alle nytilsette. Det er viktig at leiarar og tilsette kjenner eigarskap til språkbruksplanen i kommunen.
Når det gjeld tema for innhald i språkbruksplanane i bruk, er krav om rettskriving, administrasjonsspråk og klarspråk det som er mest vanleg. Språkbruk og språkfremming i ekstern kommunikasjon er òg ein del av språkplanane til eit fleirtal av dei som svara. Mindre vanleg er det å nemna språkbruk og språkfremming innan andre delar av kommunal drift, som til dømes innan skule, barnehage, vaksenopplæring og bibliotek. Berre fire kommunar set krav til nynorskkompetanse ved tilsetjing. I stillingsutlysingar opplyser nær 63 prosent av kommunane om administrasjonsspråket i kommunen.

Framtida.no
LNK har drive nyhende- og debattavisa for unge sidan 2025. Framtida.no har hatt eit svært godt redaksjonelt år, og fått mykje støtte til å gjennomføra kvalitetsjournalistikk som har nådd breitt ut og vorte lagt merke til.
Framtida.no har i løpet av 2025 hatt to siteringar i NPK (Nynorsk Pressekontor) og fire siteringar i NTB. Ei av desse var toppsak i både NRK og VG.
Framtida.no hadde 579 775 brukarar i 2025, ein nedgang frå tidlegare år.
58,8 % av lesarane kom frå mobil, 38,8 % frå desktop og 2,4 % frå tablet. Framtida.no har òg ei betydeleg mengd trafikk frå læringsplattformer, noko som tydar på at journalistikken vert brukt i undervisninga.
Trafikken på Framtida.no kan framleis ikkje måla seg med tala frå koronaåra, men redaktøren ser på sakene som vert best lese at det er saker som styrer Framtida i rett redaksjonell retning.
Bemanning
Framtida.no har i 2025 hatt eit stabilt mannskap med tre fulltidstilsette, i tillegg til ein fulltidstilsett i Magasinett. På grunn av sjukdom og permisjon i Magasinett har me hatt ein fast vikar gjennom året. Magasinett har òg hatt tre ferievikarar. I tillegg har Framtida.no våren 2025 teke imot ein praktikant frå Nynorsk Avissenter i Førde og hatt ein praksiselev frå medieproduksjon på Fyrstikkaléen VGS. Framtida.no hadde òg to elevar frå Operasjon Dagsverk, som fekk opplæring og spesialtilpassa arbeidsoppgåver.

Meiningsportalen
Framtida.no har i 2025 publisert 144 meiningsinnlegg som er lese over 48 000 gongar.
Desse innlegga er kome inn både via e-post og meiningsportalen, som har vore ein suksess sidan lanseringa i 2023. I tillegg er det innlegg som redaksjonen har etterspurt frå skribenten, og innlegg som er republisert frå sosiale medium eller andre aviser med løyve.
Framtida har òg vorte kontakta av mellom anna Nationen, VG og ABC Nyheter for republisering av innlegg.
Teknisk overgang
I løpet av året har Framtida.no fullført ei digital lausriving frå ABC Nyheter som inneber at me no eig vår eigen Google Drive og e-postsystem, noko som har ført til noko auka kostnadar. Dette var ei endring me venta ville kome, men som likevel innebar ei rask omvelting.
I samband med omstillinga valde Framtida.no å halde fram med Google sine system, som passar godt til små bedrifter. Me har òg valt ein enkel support-avtale med Garnes Data, som passar oss som lita bedrift godt.
Redaksjonelle prosjekt
Framtida.no har ein stabil økonomi, men er avhengige av prosjektmidlar for å oppretthalda drifta. Den prosjektbaserte arbeidsmetoden bidreg i stor grad til nyskaping, innovasjon og kreativitet i ein liten redaksjon, som må tenkja utanfor boksen.
I 2025 budsjetterte Framtida.no med 400 000 kroner i prosjektmidlar. Redaksjonen fekk tilslag på 475 000 kroner i støtte. 50 000 av desse gjekk direkte til honorar som ikkje var budsjettert med. Vidare strekker nokre av midlane seg inn i 2026, noko som gjer at dei ikkje kan teljast som inntekt for 2025 åleine.
Under kjem ei oppsummering av prosjekta i 2025:
Ung kritikk 2025
Framtida.no fekk 50 000 i støtte til prosjektet Ung kritikk 2025. Dette er tredje året me får støtte til honorering av film- og seriemeldingar frå unge.
I 2025 har prosjektet resultert i 25 film- og seriemeldingar og 3 listesaker. Sakene er lest til saman 9000 gonger.
Redaktør Andrea Rygg Nøttveit og meldar Rakeb Berhanu Erana har òg vore i panelsamtale under Filmformidlingskonventet under BIFF i oktober, for å snakka om prosjektet og korleis me løftar unge meldarar. Dette viser at prosjektet har vorte lagt merke til i bransjen.
I løpet av perioden har Jenny Lund vorte rekruttert via Framtida.no til å verta filmmeldar i NRK. Jenny Lund har òg i perioden vorte invitert inn i NRK sitt radiostudio to gongar for å snakka om tema knytt til meldingar skrive for Framtida.no. Den eine gongen handla det om nyinnspelingar av live action-filmar i lys av Lilo & Stitch, den andre gongen om sjangeren body horror i lys av Den stygge stesøsteren.

Demokratiprosjektet «Summer of ‘25»
Framtida.no plar søkja om eit sommarprosjekt som er skreddarsydd for sommarvikarane våre, for å gje dei ei god og konkret arbeidserfaring der dei får eigarskap til eit saksfelt.
Sommaren 2025 fekk Framtida.no 200 000 kroner til demokratiprosjektet «Summer of ‘25» der me sende sommarvikarane våre ut på ungdomspartileirane, for å finna forskjellar og likskapar mellom dei. Prosjektet resulterte i 48 artiklar som har fått nesten 60 000 lesarar.
Fem saker vorte republisert i ABC Nyheter, der dei har nådd ei eldre målgruppe.
Framtida.no har òg produsert 14 TikTok-videoar i prosjektet som ved prosjektslutt hadde fått 43 360 visningar.
Framtida.no har òg lagt mykje flid i å spreia sakene via Instagram.
Framtida.no har i prosjektperioden hatt godt over éin million visningar på Instagram. Me har nådd over 120 000 kontoar, noko som er 57 prosent meir enn i føregåande periode.
Prosjektet hadde òg svært gode tal å visa til når det gjaldt å løfta unge stemmer og mangfald blant kjeldene. I prosjektet har 161 intervjuobjekt blitt sitert i 48 saker. Nokre kjelder er intervjua i fleire saker. Snittalderen på kjeldene med kjent alder er 20,5 år, noko som betyr at Framtida.no bidreg til å løfta ei gruppe som i mindre grad vert brukt som kjelder i media.
Ifølgje Fritt Ord sin eigen rapport om kven som kjem til orde i media, er berre 6 prosent av kjeldene i aldersspennet 20–29 år. Aldersspennet 10–19 år utgjer berre 2 prosent av kjeldene i sakene forfattarane har sett på. Prosjektet sine kjelder strekker seg frå 13 år og opp til ukjent vaksen alder. Det er svært få kjelder over 30 år.
Kjeldene kjem frå heile det politiske spekteret.
Framtida.no sin redaktør vart òg invitert som paneldeltakar på Spire si valvake for å snakka om kva unge har vore opptekne av i denne valkampen, med utgangspunkt i prosjektet.

Unge stemmer 2025
Framtida.no fekk i april 2025 100 000 kroner i støtte frå Bergesenstiftelsen til prosjektet Unge stemmer, der me intervjua førstegongsveljarar i forkant av valet. Det vart òg gjennomført fem debattkurs og etterfølgjande debattar for unge, i regi av Svein Olav Langåker.
Til saman deltok 200 ungdommar på debattkurs i Stord, Fitjar, Fjaler, Stad og Hardanger. Fleire stader arrangerte ungdommane debattar etterpå. Til saman nådde desse 1217 tilskodarar i fem ulike kommunar. Bibliotekarar i Vestland og Møre og Romsdal fekk òg kurs i debatt for ungdom i biblioteket.
Prosjektet resulterte òg i 16 artiklar som vart lese 3500 gonger.
Prosjektet tok særleg sikte på å løfta heilt vanlege førstegongsveljarar i forkant av valet. Redaksjonen var opptekne av å rekruttera vanlege førstegongsveljarar, som òg kunne svara på oppfølgingsspørsmål etter eit portrettintervju.
Å treffa den politiske breidda blant ungdommar er eit fokusområde for Framtida.no.

«Frivilligheit i individualismens tid»
Framtida.no fekk 50 000 kroner i støtte frå Sparebankstiftelsen DNB i tilslag for å gjennomføra ei spørjeundersøking om rekruttering til organisasjonane og 10 artiklar om «Frivilligheit i individualismens tid». Prosjektet skulle opphavleg vera avslutta i januar 2026, men er noko utsett og vil verta avslutta i mars 2026.
«Gen Z i maktas korridorar»
Framtida.no fekk i desember 75 000 kroner i støtte til prosjektet «Gen Z i maktas korridorar». Prosjektet var tenkt starta i desember 2025, men er utsett til februar-april 2026. I prosjektet vil Framtida.no intervjua unge politikarar verda over om politiske saker som pregar deira land, eit prosjekt som gjev gode moglegheiter for å utvida perspektiva til lesarane våre i ei spanande utanrikspolitisk tid.
Prosjektet søkte opphavleg om 215 000 kroner til 25 artiklar, og vert nedskalert til 10 artiklar på grunn av lågare tilslagssum.
Les heile årsrapporten til Framtida.no her!

Framtidajunior.no
Framtidajunior.no blir drifta av LNK, og er ei nynorsk nettavis for barn mellom 7–13 år. Framtidajunior.no blir mykje brukt i skulen, men nettstaden blir også mykje brukt i fritida.
I 2025 har 106.000 brukarar vore innom Framtidajunior.no, ein auke på 4,7 prosent. Auken i brukarar som kjem direkte til Framtidajunior.no har meir enn dobla seg samanlikna med året før.
I 2025 har me publisert 668 artiklar på Framtidajunior.no og 9 kvissar. I 2024 har me publisert 531 artiklar og 8 kvissar.
Framtidajunior.no har gjennomført fem skrivekonkurransar i 2025. Totalt kom det inn over 900 bidrag frå barn over heile landet. Dei beste tekstane er publisert på meiningar-sidene til Framtidajunior.no. Den første skrivekonkurransen var eit samarbeid med Tid for ti-aksjonen til Foreningen Les og Klimafestivalen Junior, og vinnarklassen fekk utdelt premien på Bergen offentlege bibliotek med klima- og miljøvernministeren til stades.

Framtida Junior har hatt fleire miljøjournalistkurs og kurs i bokbading og bokmelding i Stord, Fitjar og Bærum. SKL gav støtte til å gi ut ei miljøutgåve og til miljøjournalistkurs i Sunnhordland.
Framtida Junior fekk støtte av Fritt Ord i 2025 til å laga ein artikkelserie og ei temaavis om krig og fred. Redaksjonen har intervjua barn frå heile Noreg, frå Kirkenes til Sogn – og me har intervjua barn med krig tett på kroppen, både i Ukraina og Gaza og me har intervjua barn som er flyktningar, frå både Russland og fleire afrikanske land. Og me har skrive om beredskap, vernepliktige, diplomati og fredsarbeid.
I desember fekk Framtidajunior.no og Framtida.no tildelt 500.000 kroner i innovasjonsstøtte frå Medietilsynet. Mesteparten av støtta skal gå til å laga oppdatert design på framsida på Framtidajunior.no, og ein debattportal og ein app for Framtidajunior.no og marknadsføring til skular.

Foto: Ragnar Rørnes, Klimafestivalen Junior
Framtida Junior – papiravis
I samarbeid med Hallingdølen, Hordaland, Os og Fusaposten, Sogn Avis, Sunnhordland og ABC Startsiden starta LNK papiravisa Framtida Junior i 2017. Målet har vore å bidra til å finansiera meir journalistikk på nynorsk for barn gjennom Framtida Junior gjennom abonnement og laussal av avisa. Avisene har allereie bidratt mykje inn i samarbeidet, med både gratis abonnementssystem, marknadsføring og innhald til papiravisa.
Avisa blei i starten trykt av Sunnhordland og Hordaland, men i 2025 måtte Framtida Junior skifta trykkeri og laussal forsvann. Høgare portokostnader og trykkekostnader og bortfall av gratistenester gjorde at avisa berre kom ut fire gonger i 2025 til dei kring 300 abonnentane som var igjen. Siste utgåva av Framtida Junior kom i november, og avisa vil ikkje koma ut som abonnementsavis meir.
Lesedigg og Lesedigg-klubben
Framtida Junior-redaksjonen driv Lesedigg.no. Tenesta skal hjelpa barn å finna kjekke bøker å lesa.
I lag med Høgskulen på Vestland og Stord folkebibliotek har me sidan 2023 drive med forsøk med ein leseklubb for barn frå 4.–6. trinn; Lesediggklubben. Klubben arrangerer fleire opne samlingar i biblioteket der me les høgt, snakkar om bøkene med barna og gjer ulike aktivitetar til bøkene. Prosjektet har mål av seg til å skapa ein modell for korleis ein kan skapa leselyst og få meir aktivitet i biblioteka.
Les gjerne lesarbrevet til Lesediggklubb-medlem Salomon (9): Vil ha lesediggklubb fleire plassar i Noreg

Nynorske læremiddel for framandspråklege
Mangelfull opplæring for framandspråklege er eit tema LNK har hatt på dagsordenen dei siste åra. Mange nynorskkommunar nyttar framleis bokmål som opplæringsmål for framandspråklege. Ifølgje ei undersøking Noregs Mållag gjennomførte sommaren 2025, 46 av nynorskkommunane opplæring på nynorsk for vaksne framandspråklege. Fire av desse kommunane har òg opplæring i bokmål. Det talet er LNK ikkje nøgd med.
I mange kommunar er det overlate til rektorane og dei som underviser kva skriftspråk som blir nytta i vaksenopplæringane. Dette meiner LNK er uheldig. Slike saker bør forankrast politisk. Derfor oppmodar LNK kommunepolitikarane om å ta tilbake den politiske styringsretten på dette området.
Eit av argumenta for å velja bokmål som opplæringsmål, er at det finst altfor få læremiddel på nynorsk for denne gruppa, og at det som finst, er for dårleg. Fram til 2019 har tilfanget auka, ikkje minst takka vera det arbeidet Kompetanse Noreg (no HK Dir) gjer og støtta dei har gjeve. For første gong sidan 2016 lyste HK Dir i 2025 ut 1,5 millionar i ny støtte til nynorske læremiddel.
LNK har i fleire år arbeidd for at det kjem fleire midlar til fleire læremiddel på nynorsk.
LNK er medlem i ei arbeidsgruppe i HK Dir og bidreg der til å setja desse spørsmåla på dagsordenen. Dagleg leiar er medlem i denne gruppa.

Meir mål i Rogaland
Prosjektet «Meir mål i Rogaland» skal styrka nynorsk i skulen og skapa språkleg sjølvtillit blant unge i Rogaland. Me vil styrkja engasjementet for hjartespråket vårt, og bygga gode, positive og trygge haldningar til språk blant unge, foreldre og lærarar. Over 13 200 elevar i Rogaland har nynorsk som hovudmål i grunnskulen i skuleåret 2025/2026. Dette er eit av dei viktigaste kjerneområda til nynorsken, og fleire av nynorskkommunane her er i kraftig vekst. Likevel er det òg eit av områda der flest elevar skiftar skriftspråk i løpet av vidaregåande.
Fylkestinget i Rogaland gjorde slikt vedtak i sak 12/22: «Fylkestinget er nøgd med at det er gjennomført ei rekkje tiltak for å fremje nynorsk og eit godt og klart språk i Rogaland fylkeskommune dei siste åra. Fylkestinget ber fylkesdirektøren syta for at arbeidet held fram også i åra framover. » Diverre ser me lite til endring i fråfallet. Meldinga frå tilsette i skulen og elevane fortel at det er vanskeleg å vera nynorskbrukar. Dette er ei utfordring for kultur og identitet i Rogaland.
Sommaren 2024 inngjekk LNK ein avtale med Rogaland Mållag om prosjektet «Meir mål i Rogaland». Lektor Trond Salte starta i stillinga som prosjektleiar i november 2025, og i løpet av dei tre fyrste vekene var han med mållaget på Nynorskstafetten, der dei var i møte med båe grunnskular, vidaregåande skular og kommunetilsette i heile søre del av Rogaland.
Tysdag 4. november var det fagdag for alle lærarane i vidaregåande skule i fylket. Fagdagen i norsk var på Hetland vidaregåande skule, og her fekk me lyfta fram nynorsken med føredrag frå Synnøve Sætre frå Nynorsksenteret, nemnte Salte, og lærarar frå Molde vidaregåande skule som snakka om korleis dei jobba for å motarbeida språkskifte. Tilbakemeldingane frå lærarane var stort sett positive, og fagnettverksansvarleg for norsk i Rogaland fylkeskommune, Anne Lise Straube Fjeldså (avdelingsleiar St. Olav vgs), har bestemt at skulane i region 2 og 3 skal kopiera Molde-modellen for å bremsa språkskifte i overgangen frå grunnskule til vidaregåande, i tråd med fylkeskommunen sitt vedtak «Tiltak for å fremje nynorsk i Rogaland fylkeskommune» frå 2022.
Prosjektleiaren skal framover jobba for:
- Kreative pedagogiske kursdagar og samlingar for lærarar
- Nynorskkurs for foreldre
- Skrivekurs for elevar
- Skrivekonkurransar for elevar
- Utvikling av digitale ressursar og pedagogiske opplegg
- Forfattarar og skribentar på skulebesøk
- Masterstipend til studentar som vil studera tiltak som hindrar språkskifte
- Utvikla nye tiltak for å bidra til å auka språkleg sjølvtillit

Høyringsfråsegner og påverknadsarbeid
LNK har kome med fleire høyringsfråsegner om dok 8-forslag om styrking av Språklova og bevaringsplan for nynorskarkiv.
Dei viktigaste språkpolitiske sakene for LNK i år har vore manglande stavekontroll på skriveprogram, finansiering av språkdelte klassar på ungdomstrinnet og læremiddel for innvandrarar.
LNK har deltatt i møte med politisk leiing i Kulturdepartementet om manglande stavekontroll for skriveprogram og andre viktige saker for nynorsken.
LNK har òg deltatt aktivt i Nynorsk forum og vore på budsjetthøyring i kommunalkomiteen for Nynorsk forum og snakka om behovet for midlar til læremiddel for vaksne innvandrarar og finansieringa av språkdelte klassar på ungdomstrinnet.
LNK har òg vore på møte og i kontakt med fleire rådgjevarar og representantar på Stortinget.
LNK deltok under Arendalsveka i år saman med fleire andre nynorskorganisasjonar, og dagleg leiar deltok i ein samtale om framtida til norsk språk i møte med KI og språkteknologi og kampen mot Silicon Valley.
Dagleg leiar har skrive fleire kronikkar, blant anna om nynorsk teksting på kino og strøymetenester saman med direktør i Språkrådet, Åse Wetås, som blei publisert i fleire aviser og ein kronikk om stavekontrollar saman med Nynorsk kultursentrum og Noregs Mållag som blei publisert i Klassekampen.
LNK har sendt ut fleire pressemeldingar i løpet året, om alt frå statsbudsjettet og stavekontroll på nynorsk til prosjekt Meir mål i Rogaland. LNK er nemnt 85 gonger i medieovervakingstenesta Retriever i 2025. Det er 16 fleire gonger enn i 2024.

Andre samarbeid og verv
LNK er medstiftar i Nynorsk kultursentrum som har hovudkontor i Ørsta, og avdelingar i Ulvik og Vinje. Tidlegare nestleiar i styret til LNK. Gunnar Strøm var rådsmedlem til desember 2023, medan Hallvor Lilleslett er vararepresentant. Då blei dagleg leiar rådsmedlem og Gunnar Strøm varamedlem.
LNK er medstiftar i Nynorsk Avissenter i Førde, saman med Firda Media as og Mediebedriftenes Landsforening (MBL). Dagleg leiar er styremedlem.
LNK er medstiftar i Nynorsk bedriftsforum, og dagleg leiar er styremedlem.
LNK driv Magasinett og Piron med utgangspunkt i langsiktige avtalar med dei to stiftingane. Begge avtalane vart reviderte i 2019. Dagleg leiar i LNK har vore styreleiar i begge stiftingane.
LNK har vore medlem i organisasjonen Nynorskfylket sidan tiltaket vart skipa i Førde i 2015. Etter regionreforma vart organisasjonen ført vidare som Nynorskfylket Vestland, no med fylkeskommunen Vestland som politisk og administrativ pådrivar. LNK er framleis med i nettverket, og dagleg leiar har vore med i arbeidsgruppa i forumet.
Dagleg leiar er òg medlem av Fagrådet for fagspråk og språk i samfunn og høgre utdanning hjå Språkrådet. Han er òg personleg valt inn som møtande vara i styret til Det Norske Samlaget, og er i tillegg rådsordførar for Litteraturselskapet Det Norske Samlaget. Dagleg leiar blei i februar 2025 òg personleg valt som styreleiar i Nynorsk pressekontor.
LNK er samarbeidspartnar til den nynorske barne- og ungdomsbokfestivalen Falturiltu og dagleg leiar er medlem programkomiteen til Falturiltuseminaret på Høgskulen på Vestlandet.
Dagleg leiar i LNK er med i juryen for Årets nynorskkommune. Frå 2022 blei det bestemt at prisen blir delt ut annakvart år. Neste utdeling er hausten 2026.
LNK er fast medlem om Forum nynorsk i opplæringa. Dagleg leiar møter fast i dette. I 2023 hadde Utdanningsdirektoratet ansvar for dette. Frå 2024 fekk òg Språkrådet eit delansvar for dette forumet.

Medlemer
Per 31. desember 2025 var 85 kommunar, tre fylkeskommunar og 17 regionråd/andre IKS medlemmar. Sande, Herøy og Vestnes sa opp medlemsskapen i 2024 og Stad og Vanylven i 2025. Utmeldingstida er to heile kalenderår etter oppseiinga er komen til styret. Dårleg kommuneøkonomi har gjort at fleire kommunar har vurdert medlemsskapen, men fleire av kommunane som har hatt saka til handsaming har landa på å halda fram med medlemskapen.
Medlemstal var per 31. desember 2019 126, det høgaste medlemstalet i LNK si historie. Av desse medlemene var 104 kommunar, fire fylkeskommunar og 18 regionråd/andre kommunale selskap. Grunna samanslåingar som følgje av kommune- og regionreformene vart talet på medlemer per 1. januar 2020 redusert til 85 kommunar, tre fylkeskommunar og 18 regionråd/andre IKS.
I løpet av 2025 var LNK på medlemsbesøk hjå 26 av medlemmane våre. Det er ny rekord.
Styre
På Landstinget 2025 gjekk Hallvor Lilleslet ut av styret, og Anne Sølvi Vatne inn i styret. Etter dette har styret i LNK vore sett saman slik:
Styreleiar: Sara Hamre Sekkingstad
Nestleiar: Nils Johan Svalastog Garnes
Styremedlem: Anne Sølvi Vatne
Styremedlem: Marie-Helene Hollevik Brandsdal
Styremedlem: Øyvind Strømmen
Varamedlemer
1. Bjørg Torsteinsrud (fast møtande)
2. Kåre Martin Kleppe
3. Reidun Sandvik
Styret har hatt fire styremøte i løpet av året.
Sponsorar og prosjektstøtte
Ingen andre nynorsktiltak når så mange brukarar for så lite pengar som Framtida.no og Framtidajunior.no. Me er svært glade for at støtta frå Kulturdepartementet til Framtida.no og Framtidajunior.no held fram.
Samarbeidsavtalen med KLP har gjeve LNK ei inntekt på 300.000 kroner, og samarbeidsavtalen med Fagforbundet har gjeve LNK ei inntekt på 250.000 kroner. Støtta har blitt brukt til å gi gratis språkkurs for tilsette i medlemskommunane, og støtta nettsatsingane våre. Avtalane vart fornya i 2024 og varer ut høvesvis 2027 og 2028. Ein samarbeidsavtale med Hotell Bondeheimen gjev styret og tilsette gratis overnatting, t.d. ved styremøte og andre reiser til Oslo.
Me er svært glade og takknemlege for støtta frå desse og alle andre som har støtta drifta vår i løpet av året som har gått.
Framtidajunior.no og Framtida.no har òg blitt støtta av Utdanningsdirektoratet gjennom Magasinett.
LNK har òg hatt nokre inntekter frå debattkurs og leiing av debattar, samtalar og bokbad.
SKL har sponsa miljøjournalistkurs og miljøavisa til Framtida Junior med 15.000 kroner.
Økonomi
Samla rekneskap for 2025 syner eit årsresultat på 165 812 kroner. Av ein omsetnad på 8 mill. i 2025 var 3,3 mill. statstilskot frå Kulturdepartementet, 2,1 mill. medlemskontingent, medan resten var eigne inntekter; først og fremst prosjekttilskot og annonsesal, i tillegg til tilskot frå samarbeidspartnarane Fagforbundet og KLP. Ein samarbeidsavtale med Hotell Bondeheimen har ein verdi på om lag 100 000 (gjeld gratis overnatting for tilsette/styre), men denne summen er ikkje synleggjort i rekneskapen. Administrasjonen og Framtida Junior-redaksjonen har i lang tid hatt gratis lokale hos Mediehuset Sunnhordland i Leirvik på Stord, men betaler for dette frå august 2025.
Revisjon
Hovden og Vatne statsautoriserte revisorar i Ørsta er vald som revisor for LNK.
Administrasjon og redaksjon
Dagleg leiar har vore Svein Olav B. Langåker. Rekneskapsførar har vore ECIT Stord.
I 2025 har Framtida.no hatt ein redaksjon på noko over tre årsverk. Framtida Junior har hatt vel to journalistiske årsverk.
Redaksjonen har kontor i Oslo og på Stord. Prosjektmedarbeidar Trond Salte har kontakt ved Garborgsenteret på Bryne. Frå desember har Framtida Junior-journalist Synne Ulltang jobba frå Bergen.
Organisasjonen er lokalisert på Stord og i Oslo. I samsvar med § 3–3 i rekneskapslova er det med dette stadfesta at ein føresetnad om framleis drift er lagd til grunn ved utarbeiding av rekneskapen. Arbeidsmiljøet i LNK er godt. Det legemelde sjukefråveret har gått ned frå 4. kvartal i 2024 til null fråvere i 3. kvartal 2025. Det har heller ikkje vore skadar eller ulukker på arbeidsplassen. Kjønnsbalansen i leiinga og i styret er god. Styret og administrasjonen følgjer opp vedtatt strategi for mangfald, inkludering og rekruttering.
Klima og miljø
Styret vedtok berekraftstrategi for LNK i septembermøtet. Denne strategien legg vekt på å redusera klima- og naturressursavtrykket til organisasjonen. Berekraftig transport, effektiv bruk av servertenester, innkjøp og fremjing av medvit om berekraft er dei viktigaste tiltaka. Rutinar og utviklingsarbeid for effektiv bruk av servertenester blei starta på i 2025 og held fram i 2026.
LNK driv ikkje med aktivitetar som fører med seg ureining av det ytre miljøet.
__________________
Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er ein kultur- og interesseorganisasjon for kommunar, fylkeskommunar og interkommunale føretak. Organisasjonen har som føremål å fremja nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd. Alle kommunar, fylkeskommunar og interkommunale føretak som gjer bruk av nynorsk språk i skulen og/eller i administrasjonen, kan verta medlemer i LNK.
Oslo, 26.02.2025
Styret i Landssamanslutninga av nynorskkommunar
Svein Olav B. Langåker, dagleg leiar
Sara Hamre Sekkingstad, styreleiar
Nils Johan Svalastog Garnes, nestleiar
Anne Sølvi Vatne, styremedlem
Marie-Helene Hollevik Brandsdal, styremedlem
Øyvind Strømmen, styremedlem










