LNK skal arbeida for å skapa positive haldningar til nynorsk språk og kultur og for at kommunane og styresmaktene tek desse sakene opp gjennom sine planverk.
LNK tek på seg å vera talerøyr for medlemene og spreia informasjon som styrkjer dialektane, nynorsk skriftspråk og dei kulturtradisjonane dette står for.
MEDLEMSFORDELAR
Alle medlemskommunane i LNK har rett på eit kurs i året til sterkt redusert medlemspris, anten det er På saklista-kurset eller lærarkurset På tavle og på skjerm.
Medlemmane har òg medlemsrabatt på overnatting på Bondeheimen og bøker hos Samlaget. Alle medlemmane blir invitert på Landstinget vårt annakvart år, og er del av fellesskapen av nynorskkommunar i Noreg.
Ta kontakt på post @lnk.no dersom du har spørsmål om medlemskap.
SATSAR DIGITAL
På LNK.no vil du kunna finna ut kva som skjer i LNK og kven medlemene våre er. Prinsipp- og arbeidsprogram for organisasjonen er lagt ut og me har peikt på ein del internettsider som truleg er av interesse for medlemene våre.
LNK driv også viktige satsingar som Framtida.no, Framtidajunior.no, Magasinett.no og Pirion.no.
MEIR OM LNK
- LNK arbeider for auka bruk av nynorsk i offentleg verksemd
- LNK arbeider for auka nynorsk kompetanse i det offentlege, for å få fram praktiske hjelpemiddel for nynorskbrukarane og for å utvikla oppdaterte, rimelege og brukartilpassa opplæringstilbod i nynorsk offentleg språk
- LNK er ein kultur- og interesseorganisasjon for nynorskbrukarar i kommunal sektor og ein samarbeidspartnar for stat og private verksemder og organisasjonar, i arbeidet for nynorsk språk
- LNK tek opp og fremjar spørsmål som tek vare på interessene til medlemene, og driv haldningsskapande arbeid overfor departementa, bransjeorganisasjonar og andre
- LNK samordnar nynorskbrukarane sine rettar når det gjeld nynorsk i materiell til bruk i kommunen, i skulen og i informasjon retta mot publikum.
- LNK set søkjelyset på aktuelle saker gjennom kurs, konferansar og anna. Døme på slike saker er utvikling av nynorske hjelpemiddel, kommunalt informasjonsarbeid og språkbruk, reglane om parallellutgåver av skulebøker, fastpris-ordninga for bøker, reglane i utdanningslovene om målformer og målbruk, kulturarbeid blant barn, nynorskmateriell for framandspråklege.
DOKUMENT
ARBEIDSPLANAR
ÅRSMELDINGAR
POSTADRESSE:
LNK, Midthaugen 5, 5411 Stord
TELEFON:
Dagleg leiar Svein Olav B. Langåker, mobil 948 75 365
STYRE:
Styreleiar: Sara Hamre Sekkingstad
Nestleiar: Nils Johan Svalastog Garnes
Styremedlem: Hallvor Lilleslet
Styremedlem: Marie-Helene Hollevik Brandsdal
Styremedlem: Øyvind Strømmen
Varamedlemer
1. Reidun Sandvik
2. Iselin Haugo Stavn
3. Kåre Martin Kleppe