Stortinget sitt undervisningsopplegg Minitinget skal stimulere til politisk engasjement hjå elevar i vidaregåande skule. No kjem også eit opplegg for ungdomsskulen.
– Målet med Minitinget er å skape engasjement og vise dei korleis det demokratiske spelet fungerer. Noko av det viktigaste er å formidle kunnskap om demokratiet og det politiske livet, samt å stimulere til valdeltaking, seier rådgjevar i informasjonsseksjonen på Stortinget, Elin Relander Tømte.
Minitinget er lagt opp som eit rollespel der elevane får prøve seg som stortingspolitikarar, både i debattar, spørjetimar, komitémøte og under tv – intervju.
– Mange vert overraska over at det er så travelt å vere politikar. Det er mykje å setje seg inn i og det er lettare å forstå til dømes komitéarbeidet når dei sjølve får prøve, meiner Tømte som viser til at opplegget har fått mykje positiv respons, og at mange lærarar kjem attende år etter år med nye elevar.
Kva skjer i 2015?
I haust starta også Stortinget opp prosjektet 2050 – Valget er ditt der elevar på ungdomsskulen skal få prøve det politiske livet. Dette undervisningsopplegget er ein forkorta og noko lettare versjon av det dei eldre elevane får i Minitinget. Her byrjar ein med å vise ein film om eit tenkt samfunn i 2015 der mange av våre samfunnsproblem er løyste. Så vert det sett fokus på spørsmålet: kva har dei gjort for å få dette til? Deretter får elevane utvikle partiprogram som dei seinare stemmer over.
– Eg trur det er viktig for elevane å kome til Stortinget for å oppleve dette. Det som står i media og det faglege dei les i bøkene har ofte eit vanskeleg språk. I eit rollespel er det lettare å forstå kva som skjer, meiner Elin Relander Tømte.
– Vil gjerne bli politikar
Blant dei som i haust har delteke i Minitinget er Garborgsenteret på Bryne som har sett saman ei gruppe av elevar frå Bryne, Asker og Nord – Østerdal vgs som skal delta i utviklinga av senteret.
– Eg er kjempenøgd med opplegget. Og ganske overraska over at det var så grundig og ordentleg, seier Andreas Opstad (16) frå Asker som etter det tre timar lange opplegget på Stortinget godt kan tenkja seg ei framtid som politikar.
– Ja, eg har litt lyst til å bli politikar, seier han og smiler.
Mads Gjesdal (16) frå Bryne er samd i at opplegget er interessant å vere med på.
– Det er spanande å få betre innsikt i korleis politikarane jobbar, meiner han.