Heim Nyhende Fornøgd, men ikkje mett

Fornøgd, men ikkje mett

Ordførar Rune Øygard (Ap) i Våga vart kåra til Årets kommuneprofil 2009 på tampen av fjoråret. Han er glad for det, men vil slett ikkje ha all æra sjølv.

– Det er flott at folk legg merke til det vi gjer, er Øygards beskjedne kommentar til det heile. Han er i det heile oppteken av å understreke at det står eit «vi» bak alt som skjer i Vågå, slik seg hør og bør ein ordførar.

Rune Øygard (50) har etterkvart fått lang erfaring i nettopp det å vere ordførar. No er han inne i sin fjerde fireårsperiode som politikar og ordførar i Vågå kommune, og mykje tyder på at han gjer ting vel der han sit. Oppslutnaden til partiet hans lokalt auka frå 30 til 75 prosent før førre val. Statsminister Jens Stoltenberg held Øygard og Vågå fram som eit førebilde. Vågå hadde positiv folketalsutvikling i fjor, for første gong sidan 70-talet.  Fotograf Morten Krogvold og matnestor Anre Brimi skal vere med og utvikle kulturskulen i kiommunen. Er alt berre fryd og gammen i Vågå, kanskje? Nei, seier ordføraren, her er nok å ta tak i.

– Vi bur i ein kommune med høg gjennomsnittsalder, med dei utfordringane det fører med seg. Regionen vår har og ein del negative kvalitetar i høve folketalsutvikling, eit magert næringsliv og manglande tilgang på risikokapital, for å nemne noko.

Øygard meiner løysinga er å ta tak i det kvar einskild kommune har å spele på. Vågå kommune vil aldri bli attraktiv for alle, seier han, og ein skal heller ikkje prøve å bli god på alt. Dei urbane kvalitetane må ein dyrkje andre stader enn Vågå.

– For oss har det til dømes passa å snu næringsarbeidet på hovudet og tenkje nytt. Vi har dyrka kulturmangfaldet og bukvalitetane i kommunen i forvissing om at næringsliv oppstår der folk bur og trivast. Heile vegen har vi fokus på mulegheiter heller enn avgrensingar.

– Dette har fungert hjå oss, men det tyder ikkje at det vil fungere like godt hjå andre. Kvar kommune må finne sitt språk og sjå kva som er deira sjel. Vi har gjort det som høver bra med vår historie.

Eksterne auge

Når Rune Øygard snakkar om «vi», så er det ikkje berre tilsette, folkevalde og innbyggjarar han snakkar om. Vågåordføraren er kjend for å vere ein god nettverksbyggar, og kan skilte med ein eigen klubb som kjem til Vågå kvart år for å tenkje nye tankar og leggje grunnlaget for nye strategiar. Dette er ikkje først og fremst lokale krefter, men vel så gjerne folk frå regionalt og landsdekkande poltikk, næringsliv og kulturkretsar. Stein Erik Hagen er mellom dei som kjem for å bidra.

– Det gjeld å vere audmjuk i høve si eiga avgrensing, meiner Øygard. – Å få auge som ser oss utanfrå kan gje oss innspel vi elles ikkje ville fått. Her kan vi kanskje få svar på kva som skal til for at vi skal bli attraktive for nye innbyggjarar og nye verksemder.

Det er ikkje berre storfolk frå næringsliv og politikk som får seie sitt. Ordføraren er oppteken av at alle stemmer skal høyrast, og då særleg dei som veit kor skoen trykkjer. Difor har han invitert unge jenter spesielt til å vere med og spele inn idear til kommunen.

– Utviklinga viser at det er dei unge jentene som vil avgjere samfunnsstrukturen i framtida, noko vi mellom anna ser i utdanningstrendane. Det er viktig at vi er attraktive for desse når dei skal bu og arbeide i framtida.

Blir ikkje høyrd

– Kva trur du blir den største utfordringa for småkommunane i landet framover?

– Sentralisering av kunnskap. Folk frå distrikta blir alt for lite brukte i nemnder og utval på nasjonalt nivå, og det er eit problem. Det verker som det finst ei oppfatning av at utkantkommunar representerer avgrensingar.

Dette har djupare røter enn berre reine fordommar, meiner Øygard. Folk i byane har mindre forankring i distrikstnoreg no, det er ikkje så mange byfolk som har ei mor eller ein far som soknar til bygdene lenger. Det gjensepglar seg i media, i politikk og på alle samfunnsområde, og det blir ikkje gitt mykje rom for dei særkvalitetane bygdene har, seier han.

– Vi i distrikta blir tvungne til å organisere oss på same måte som dei store bykommunane, og det er ikkje rett.

– Og løysinga er?

– Mellom anna å overbevise næringslivet om at det finst kvalifiserte folk og gode grunnar til å etablere seg i distrikta.

For Vågå sin del skal svaret på framtidas utfordringar mellom anna vere å satse på skule. Kommunen treng unge, kompetente folk i framtida, og til det trengst det gode skulemiljø, meiner ordføraren.

– Framtida til Vågå, går du framleis inn i den som ordførar, eller ønskjer du deg over til andre beite etterkvart?

– Eg må seie at det ikkje er noko meir spennande enn å jobbe så tett innpå innbyggjarane som eg gjer. Det er som å ha eksamen kvar dag. Men vi må ikkje bli eit stivnande folk, heller. Det er viktig å sleppe andre til.

Førre artikkelFormidling nyttar
Neste artikkel– Bruk oss meir

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...