Heim Blogg Side 16

Dialektprisen 2022 går til Karsten Warholm

0

Norsk Målungdom har kåra Karsten Warholm til vinnaren av Dialektprisen 2022.

Prisen går kvart år til eit dialektføredøme for ungdom, og blir delt ut av landsstyret i Norsk Målungdom. Warholm får prisen for å vera ein stolt ambassadør for dialekta si.

– Han er ikkje berre verdsmeister i hekk, men òg i dialekt, seier leiar i Norsk Målungdom, Tobias Christensen Eikeland.

Prisvinnaren

Karsten Warholm er ein idrettsutøvar frå Ulsteinvik. Han blir rekna som ein av Noregs beste idrettsutøvarar gjennom tidene. Han er verdsmeister i hekk, og vann OL-gull på 400 meter hekk i Tokyo i 2021. Han vart kåra til årets namn på Idrettsgallaen i 2018 og 2020.

– For meg er det naturleg å halde på dialekta mi, sjølv om eg har flytta frå Ulsteinvik og Sunnmøre, seier han.

– Det er sjølvsagt ikkje alltid like enkelt å halde på dei mest typiske dialektorda, for det er rett og slett ikkje alle ord alle forstår når ein er utanfor heimplassen, men eg tør påstå at dei fleste dialektorda har eg framleis i vokabularet mitt.

Sjølv om han har vunne meisterskap verda over, er han framleis stolt over å vera sunnmøring!

– Det er ein del av identiteten min, og eg finn det naturleg å snakke slik eg alltid har snakka, sjølv om eg har flytta til ein annan kant av landet, seier Warholm om kvifor han synest dialekt er viktig.

Prisen

Dialektprisen vart utdelt for første gong i 2001, og blir delt ut kvart år av landsstyret i Norsk Målungdom. Det er den einaste språkprisen som blir delt ut av språkengasjerte ungdommar, noko som også bidreg til at han er ein av dei mest prestisjetunge. Blant tidlegare prisvinnarar finn vi namn som Victor Sotberg, Linda Eide og Daniel Kvammen.

Utdelinga

Prisen vart delt ut på Det Norske Teatret laurdag 5. november kl. 15.00.

SV vil støtta Pirion – viktig støtte til viktig tiltak for nynorsk i barnehagar og skule

SV vil sikra støtte til Pirion gjennom sitt alternative statsbudsjett.

I over 20 år har Pirion jobba for å stimulera språk- og kulturarbeidet i barnehagane og småskulen. Men ei endring i prosjektstøtteordninga til Utdanningsdirektoratet i 2021 gjorde at Pirion har stått utan høve til å få statsstøtte.

Fredag føreslo SV å sikra 400.000 kroner i støtte til Pirion.

– Det er svært gledeleg, og er eit viktig tiltak for å sikra meir bruk av nynorsk i barnehagen og småskulen, seier dagleg leiar for LNK, Svein Olav B. Langåker.

Hjelper til i språkarbeidet

I ei undersøking som LNK og Pirion gjennomførte i 2021, kom det fram at det blir sunge og lese meir på bokmål enn nynorsk i nynorske barnehagar.

Barnehagestyrarane svarar at noko av det viktigaste som skal til for å få meir nynorsk i barnehagane, er meir bevisstgjering.

– Pirion jobbar systematisk for å auka bevisstgjering om gode tiltak for å styrka språkstimuleringa på nynorsk for dei minste. No håpar me SV og regjeringspartia blir samde om å støtta Pirion, seier redaktør for Pirion, Svein Olav B. Langåker.

I Hurdalsplattforma understrekar regjeringspartia at nynorsk fremmast og sikrast gode vilkår.

Noregs Mållag og Landssamanslutninga av nynorskkommunar starta Pirion i 2000, og sidan starten har Pirion jobba for å styrkja og inspirera språkarbeidet i barnehagar og barneskular.

Nynorsk teaterlys i SV-budsjettet

Fredag la SV fram sitt alternative statsbudsjett med lysglimt for den nynorske scenekunsten.

– SV har gitt 3,5 millionar til Det Vestnorske Teateret og 2 millionar til Teater Vestland, akkurat som vi bad om. Det lovar godt for dei nynorske teaterscenene også i 2023, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Då regjeringa la fram sitt framlegg til budsjett tidlegare i haust, var det utan ekstra millionar til dei nynorske teatera på Vestlandet. I budsjettet SV no legg fram, er millionane inne, og drifta for dei to teatera er sikra for neste år.

– Det Vestnorske Teateret er ein nynorsk maktdemonstrasjon på gateplan i Bergen sentrum. Nynorsken og den nynorske scenekunsten breier seg i byen og tar den plassen han fortener. Plasseringa er symboltung, og i seg sjølv ei viktig språkpolitisk markering. Mållaget er svært nøgd med at SV vel å prioritere denne markeringa, seier Peder Lofnes Hauge.

På måndag set regjeringa og Sosialistisk Venstreparti seg ned for å forhandle statsbudsjettet.

– SV går inn for nokre viktige tiltak. Vi ønskjer dei lykke til i forhandlingane og håpar nynorskmillionane får gjennomslag, avsluttar mållagsleiaren.

Fire nynorskbøker nominert til Brageprisen

Carl Frode Tiller er ein av fire nynorskforfattarar som er nominert til Brageprisen 2022.

I dag vart dei nominerte til Brageprisen 2022 annonsert.

Tre av fire nynorskromanar som er nominerte er gjevne ut på nynorskforlaget Samlaget.

Aina Basso er nominert for sakprosaboka Dei dødsdømde, medan Hilde Myklebust er nominert for ungdomsromanen SplintraAlfred Fitjestøl er nominert for biografien Innerst i hjertet har jeg min forstand: biografien om Georg Johannesen.

Den fjerde, Carl Frode Tiller, er nominert i kategorien skjønnlitteratur for diktsamlinga Det framande landet, utgjeven på Aschehoug.

Her er dei nominerte til Brageprisen 2022:

Skjønnlitteratur

  • Kniven i ilden – Ingeborg Arvola (Cappelen Damm)
  • Stakkar – Matias Faldbakken (Forlaget Oktober)
  • Femten år. Den revolusjonære våren – Vigdis Hjorth (Cappelen Damm)
  • Det framande landet – Carl Frode Tiller (Aschehoug)

Open klasse: Sakprosa for barn og unge

  • Det kuleste fra vikingtiden – Martin Aas (Kagge Forlag)
  • Dei dødsdømde – Aina Basso (Samlaget)
  • Rigel. Urettens ekko – Ida Kristine Larmo (Strand forlag)
  • Mer enn en klubb – Peder Samdal (Cappelen Damm)

Barne- og ungdomsbøker

  • Familien Brattbakk – Julia Kahrs (Gyldendal)
  • Splintra – Hilde Myklebust (Samlaget)
  • Grisaldo – Bjørn F. Rørvik og Per Dybvig (ill.) (Cappelen Damm)
  • Oppskrift mot ånder som knuser ting – Tyra Teodora Tronstad (Aschehoug)

Sakprosa

  • Krigsherren i Kreml – Aage Storm Borchgrevink (Kagge Forlag)
  • Innerst i hjertet har jeg min forstand: biografien om Georg Johannesen – Alfred Fidjestøl (Samlaget)
  • Haugianerne – Trygve Riiser Gundersen (Cappelen Damm)
  • Afghanerne – Åsne Seierstad (J.M. Stenersens Forlag)

Prisvinnarane vert annonsert og heidra på Dansens Hus i Oslo den 24. november.


Forfattar Carl Frode Tiller fylte 20 år i 1990. Det året starta han på sosialantropologi før han reiste til Brasil. Foto: Aschehoug/privat

Nynorsk næringslivspris går til Optima pH

Noregs Mållag gjev nynorsk næringslivspris 2022 til Optima pH.

– Dei får prisen fordi dei har ein imponerande heilskapleg språkprofil, som gjennomgåande held den høgaste språklege kvalitet, seier Anders Riise, juryleiar og styremedlem i Noregs Mållag.

Nynorsk næringslivspris er ein nasjonal pris. Han vart fyrste gong delt ut i 2006. Føremålet med prisen er å fremja innsats for og bruk av nynorsk i næringsverksemd. Årets pris vart delt ut på haustseminaret til Noregs Mållag i Oslo.

Nyttar språket på alle flater

Juryen merkar seg at Optima pH nyttar det same gode språket i alle flater dei er synlege. Det gjeld både på heimesida, Facebook, Instagram og på sjølve produkta dei sel.

– Ikkje minst merkar juryen seg måten firmaet marknadsfører seg på, som i tillegg til godt språk er prega av god informasjon, humor og originalitet. At alt dette blir formidla på nynorsk, er svært gledeleg å sjå, seier Anders Riise.

Familieselskap

Opphavet til det familieeigde firmaet går tilbake til 1987, då veterinær Magne Skjervheim gjorde forsøk med å tilsetja maursyre i fôr til gris. I dag tilbyr Optima pH eit breitt utval produkt til både folk, dyr og til reinhald.

– Økologi er ein hjørnestein for firmaet, og dei held fram økologi som samanhengen mellom levande organismar og miljøet. Litt som samanhengen mellom nynorsk og dialektane. Begge delar har vist seg å gje gode resultat, seier Anders Riise.

Unik verdi

Juryen håpar at andre leverandørar til landbruket, og andre næringar, merkar seg fordelane ved å nytta nynorsk i marknadsføringa. Mange verksemder speler på lokal tilknyting, identitet og kultur.

– Vi trur at å bruka det språket som best uttrykkjer den kulturen ein vil knyta identiteten sin til, er det som gjev det beste resultatet. I vår tid er det å vera unik ein viktig verdi, og her gjev nynorsken eit klart konkurransefortrinn. Det er marknadsføringa til Optima pH eit klart prov på, seier Anders Riise.

Nynorskorganisasjonane forventar kulturløft

0

I nyare tid har inga tidlegare regjering lagt fram eit kulturbudsjett der nynorskdelen er under 2 prosent.

– Me har von til at SV prioriterer å løfte nynorsktiltaka i budsjettforhandlingane, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

På vegner av 17 nynorskorganisasjonar var Sandsmark og Svein Olav Langåker, dagleg leiar i LNK Nynorskkommunane, i budsjetthøyringar i Stortinget tysdag. Dei deltok i familie-
og kulturkomiteen og kommunal- og forvaltningskomiteen.

– Det er 113 kommunar med nynorskopplæring i grunnskulen. Me krev betre tiltak for å sikre vaksenopplæring på nynorsk for innvandrarar og betre kulturtilbod på nynorsk i desse områda, seier Langåker.

Forventar nynorskløft

– Eit monaleg løft for barn og unge er viktig. Me vil at dei 7 000 førsteklassingane som byrjar med nynorsk i grunnskulen kvart år skal verte glade og trygge i språket sitt gjennom eit breitt kultur- og medietilbod gjennom heile livet, seier Sandsmark.

Han peika på at det er behov for auka produksjon av barne- og ungdomsbøker på nynorsk. Seks prosent av desse bøkene er på nynorsk, medan delen nynorskbrukande barn og ungdom nesten er det dobbelte.

– SV og regjeringspartia bør ikkje kunne leve med å redusere nynorskdelen av kulturbudsjettet i det første året språklova gjeld. Dei kritiserte den førre regjeringa for å ha for låge språkambisjonar. Eit samla nynorsk-Noreg ventar at dei leverer eit nynorskløft i statsbudsjettet for 2023, avsluttar Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Ber stortingskomité om å innfri nynorskløfte

0

Det er over 6 år sidan Stortinget bad Kunnskapsdepartementet om å sørgje for at nynorskelevar har rett til opplæring på eige språk gjennom heile grunnskulen. – Eg ber utdannings- og forskingskomiteen lytte til våre innspel og sørgje for handling, sa Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum under budsjetthøyringa i Stortinget i dag.


Sandsmark var saman med senterleiar Synnøve Marie Sætre ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa ved Høgskulen i Volda i høyringa i utdannings- og forskingskomiteen ved Stortinget. Dei presenterte budsjettinnspel og krav frå 17 nasjonale nynorskorganisasjonar i Nynorsk forum.

– Nynorskelevane treng digitale læremiddel, læringsverktøy og opplæring tilpassa dei frå barnehage og ut vidaregåande opplæring. Derfor er nynorskkompetanse i barnehagane, språkdelt ungdomsskule og digitale læremiddel og læringsverktøy avgjerande for at det skal vere mogleg å halde på språket sitt gjennom skulegangen, seier senterleiar Sætre i ei pressemelding.

– Nynorsk står sterkt i dag. Av mindretalsspråka i Europa er berre fransk i Sveits og Belgia og katalansk i Spania større. Språket vårt er i bruk i skulen, arbeidslivet og dagleglivet. Samstundes er me under dobbeltpress frå bokmål og engelsk, understrekte Sandsmark i høyringa. Han understrekte at det også er behov for læremiddel i høgare utdanning på nynorsk.

– Ordninga er i dag avgrensa til små fag med små opplag. Det gjer at det vert for lite nynorsklitteratur i dei store faga, som til dømes lærarutdanning, helse- og sosialfag og ingeniørfaga, avsluttar Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Vestland fylkeskommune er årets nynorskkommune

Vestland fylkeskommune trekte det lengste strået i tevlinga og utkonkurrerte sine «eigne» kommunar Kvam, Bergen og Stad. Også Vinje kommune i Vestfold og Telemark var blant dei nominerte kommunane.

Juryen heidrar Vestland fylkeskommune for det grundige og gjennomtenkte arbeidet med nynorsk på alle samfunnsområde.

I år har juryen sett særleg positivt på kommunar som har sett i gang tiltak for å etterleve krava i den nye språklova.

– Vestland fylkeskommune er best i si klasse og har nytta dei verkemidla kommunen rår over. Dei tilsette har god kjennskap til språklova, noko det har vore viktig for oss å løfte fram i år. I Vestland er nynorsken representert i planar og strategiar, og han er synleg i offentlege rom, seier juryleiar Margrethe Kvarenes.

Gode språklovstiltak

Vestland fylkeskommune har mellom anna oppdatert retningslinene for klart språk og god nynorsk slik at dei samsvarar med språklova, orientert om språklova på avdelings- og seksjonsmøte og sendt ut Språkrådets digitale kurs om språklova til over 6000 tilsette.

«Vinnaren har arbeidd grundig og systematisk for å sikre at tilsette kjenner språklova, og at dei har kompetanse og høve til å følgje opp. Dei syner strategisk leiarskap, og nynorskarbeidet har ringverknader for heile regionen», står det i grunngjevinga frå juryen.

– Det er gledeleg å sjå ein fylkeskommune som gjer eit så godt og systematisk arbeid for nynorsken. Mange fylkeskommunar har slått seg saman dei siste åra, og da er språkarbeid ein god måte å byggje ein ny organisasjon på. Dessutan har fylkeskommunane fått nye plikter etter språklova, og det er viktig at dei kjenner godt til kva som står i lova, seier Kvarenes.

Kultur- og likestillingsministeren delte ut prisen

Frå i år deler Kultur- og likestillingsdepartementet og Språkrådet ut prisen «Årets nynorskkommune» annakvart år, og prispotten er dobla til 200 000 kroner. Prisen blei delt ut av kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen under eit frukostseminar på Litteraturhuset i Oslo 24. oktober.

 

Les også: Desse knivar om å verte Årets nynorskkommune

Foto: Ilja C. Hendel/Kulturdepartementet. Kollasj: Framtida.no

Vinje mot Vestlandet i Årets nynorskkommune 2022

Vestlandsfeltet framstår uhyre sterkt i kampen om å bli Årets nynorskkommune 2022. Vinje er utfordraren frå Vestfold og Telemark.

Dei tre vestlandskommunane Stad, Bergen og Kvam er alle nominerte til prisen, det er òg Vestland fylkeskommune. Blir det intern strid og vill vest? Kan Vinje vinne igjen? Svaret kjem 24. oktober. 

Prispotten for 2022 er dobla samanlikna med tidlegare år, og er no på 200.000 kroner. Forklaringa er at Kulturdepartementet går over til å dele ut prisen annakvart år framover. Premien er altså ekstra attraktiv i år, og det blir to år til neste gong den beste nynorskkommunen i Noreg kan vinne pris. 

Prisen går til ein kommune eller fylkeskommune som legg godt tilrette for nynorsken. I år vil juryen sjå særleg positivt på (fylkes)kommunar som har sett i gang tiltak for å etterleve krava i den nye språklova. 

Kulturministeren deler ut prisen

Prisen blir delt ut av kulturminister Anette Trettebergstuen måndag 24. oktober kl. 9.30–11.30 på Litteraturhuset i Oslo. Arrangementet er gratis og ope for alle, og det vil også bli strøymt.  
 
Meir informasjon og lenkje til sendinga finn du her:
Årets nynorskkommune (sprakradet.no) 

Debatt og rapportlansering

Er det berre i dei nynorske kjerneområda at nynorskelevar skal få høve til å bli trygge språkbrukarar? Kva utfordringar har kommunar i dei språklege randsonene, og korleis kan ein sikre nynorskelevane i såkalla språknøytrale område? 

Språkrådet har samla kunnskap om dette og lanserer Rapport om språkbyte. Eit kunnskapsoversyn om språkbyte frå nynorsk til bokmål.
 
Fjorårets vinnar, Ål kommune, ligg i randsona. Kommunen fekk prisen for å fremje eit språk som er truga. Ordførar Solveig Vestenfor stiller til debatt på Litteraturhuset.

Rogaland fylkeskommune er språknøytral, men må ta omsyn til nynorskkommunar i administrasjonsområdet sitt – innbyggjarar og kommunar som har rett til å bli møtte på nynorsk, og skuleelevar på nynorskskular. Korleis står det til med rettane til nynorskkommunane og nynorskelevane i Noreg?

Inghild Vanglo frå Rogaland fylkeskommune og Svein Olav Langåker frå Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) stiller òg til debatt. 

Astrid Randen er debattleiar. 

Sunnfjord-ordførar om at Teater Vestland ikkje får auka støtte: – Oppsiktsvekkande løftebrot 

I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett får Teater Vestland ikkje den venta auken i løyvingar til husleige i Nynorskhuset. Dette bryt med staten sine positive signal gjennom fleire år og kjem til å gå ut over drifta. Det vil publikum få merke.   

Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett torsdag 6. oktober var dårleg nytt for Teater Vestland. Det får ordføraren i Sunnfjord kommune, Jenny Følling, til å hente fram dei skarpaste orda:  

– Dette er oppsiktsvekkande. Det er eit klart løftebrot at ein ikkje står ved dei lovnadane som er gitt, seier ordførar Jenny Følling frå sitjande regjeringsparti SP i ei pressemelding frå Teater Vestland.

Fylkesordførar og partikollega Jon Askeland er ikkje mindre uroa på vegner av kulturlivet i fylket. Han kallar det dramatisk og peiker på oppbygginga etter pandemien.  

– Teater Vestland er ein sentral kulturaktør i Vestland, og dei har verkeleg fått kjenne på konsekvensane av pandemien. Dei og sektoren er i ein kritisk fase no, der det må satsast om teateret skal klare å koma på offensiven att. Når dei då ikkje vert høyrde, så er dette dramatisk – både for tilsette, og for innbyggjarar som risikerer å få eit ytterlegare redusert kulturtilbod, seier Jon Askeland.  

Publikum må betale prisen  

Teatersjefen kallar kulturbudsjettet eit angrep både på distrikta og nynorsken og får altså støtte frå både Sunnfjord-ordførar Jenny Følling og fylkesordførar Jon Askeland. 

Teater Vestland er inne i ei avgjerande tid med innflytting i nye lokale i den største nynorskklynga i Norge – Nynorskhuset – neste år. 

– Nynorskhuset står ferdig om åtte månader, og vi har allereie skrive under på leigekontrakten. Vi kan ikkje trekke oss, og no lemper staten prisen som må betalast over på publikum, seier Cecillie Grydeland Lundsholt.  

Når 2 millionar skal hentast frå dagens driftsbudsjett, får det alvorlege konsekvensar: Færre produksjonar, mindre turnéverksemd. 

Styreleiar i Teater Vestland, Rasmus Mo, peiker på at dette bryt med alle politiske lovnadar teateret har fått i arbeidet med finansiering.  

– Prosessen med Nynorskhuset har gått over nesten fem år. I løpet av desse åra har signala både frå staten og eigarane, det vil seie Vestland fylkeskommune og Sunnfjord kommune, heile tida vore at vi skal gå for Nynorskhuset. Det har vist att, ikkje berre i festtaler, men i løyvingane både frå staten og eigarane. Når vi no endeleg står på målstreken, trekker staten seg. Det bør få folk i Vestland til å reagere, seier styreleiar for Teater Vestland, Rasmus Mo.  

Publikum i Vestland ikkje prioritert 

Teatersjefen meiner det er noko som skurrar i årets kulturbudsjett. 

Regjeringa foreslår å gi 23,3 milliardar kroner til kultur- og likestillingsfeltet. Teater Vestland får ei auke på 2,9 prosent i overføringane, men det dekker ikkje løns- og prisveksten og er i realiteten eit kutt, og altså inga støtte til husleiga i Nynorskhuset. 

– Kulturminister Anette Trettebergstuen prøver å framstille forslaget til kulturfeltet i statsbudsjett som gode nyheiter for distrikta. Ho gjentek løfta om at uansett kor ein bur, så skal ein ha tilgang på god kunst, kultur og idrett. Men at dette budsjettet skal vere ei styrking av kulturlivet lokalt og regionalt er vi djupt ueinige i, seier teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt og utdjupar:  

– Teater Vestland er det største nynorske turneteateret i Norge. Vi kjem med teater til folk der dei bur lokalt og regionalt, og vi svarer på satsingane i Hurdalsplattforma: Fleire kulturarbeidsplassar, kultur der folk bur, styrking av nynorsken. Vi er ikkje døve for det som skjer i verda og at presset på den norske økonomien er stort, men med statsbudsjettet som blei lagt fram i dag, er det i alle fall tydeleg at nynorsk scenekunst til folk som har busett seg i distrikta i Vestland ikkje er ein prioritet, seier teatersjefen.

Vidareføring av Forfattarskulen for skrivande med minoritetsbakgrunn

Samlaget er glade for at regjeringa ser behovet for å oppretthalde støtta til nynorsk litteratur på omlag same nivå som for 2022. 

Dette budsjettforslaget betyr at Samlaget og Minotenk kan vidareføre Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring på omlag same lest som i år.

– Det betyr vidare at den omfattande og ressurskrevjande satsinga på litteratur for barn og unge kan halde fram. Budsjettforslaget betyr dermed mykje for unge lesande, og ikkje minst arbeidet med å auke mangfaldet i litteraturen og den offentlege samtalen, seier forlagsdirektør Edmund Austigard i ei pressemelding.

Uroa for framtida

I budsjettsøknaden peika Samlaget på behovet for å styrke tilgangen på nynorsk litteratur for barn og unge. Det er framleis slik at tilbodet på nynorsk ikkje kan samanliknast med bokmålstilbodet. Særleg gjeld dette viktige sjangrar som sakprosabøker, serielitteratur og lettlesbøker.

Budsjettframlegget inneber ikkje noko reell styrking, men vidareføring av nivået for 2022. Samlaget er uroa for at ulikt litteraturtilbod kan gi ulike opplæringsvilkår for barn og unge, og vil arbeide vidare med partia stortinget for å betre situasjonen på sikt.

Ventar fleire nynorsk-millionar i forhandlingane

– Det må koma meir pengar til nynorsken etter Audun Lysbakken og SV har sagt sitt, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag. 

Året 2022 starta med eit rekordstort Noregs Mållag og ei ny språklov. Dette meiner Noregs Mållag ikkje syner igjen i statsbudsjettet regjeringa legg fram i dag.

Eit samla nynorsk-noreg har gjennom Nynorsk forum ei auka løyving til Noregs Mållag øvst på prioriteringslista.

– Det er vi som må gje ei handsrekking lokalt, som får klager der det ikkje fungerer og som tek eit ekstra tak for ikkje å ramla bakpå i språkpolitikken. Folk melder seg inn i Mållaget når dei opplever at nynorsken ikkje blir tatt godt nok hand om, og der taler veksten i Mållaget for seg sjølv, seier Peder Lofnes Hauge i ei pressemelding.

Ny opplæringslov kan ikkje bli ei kvilepute

Statsbudsjettet kjem ikkje med ei løysing til dei nynorskelevane som i dag ikkje har digitale læremiddel og digitale læringsressursar på nynorsk eller som ventar på språkdelt ungdomsskule-klasse.

– Den nye opplæringslova som kjem vert viktig, men det pågåande lovarbeidet kan ikkje vera ei kvilepute for å gje nynorskelevane dårlegare opplæring enn bokmålselevane i ventetida, seier mållagsleiaren.

Manglar nynorsk teatersatsing

Peder Lofnes Hauge set pris på at ordboksarbeidet ved Universitetet i Bergen får løyvingar som gjer at dei kan halda fram arbeidet sitt.

– Mållaget meiner at Det Vestnorske Teateret burde få den auka statlege løyvinga dei treng for å vidareføra den viktige nynorske teatersatsinga i nynorskbyen Bergen, seier Peder Lofnes Hauge.