Heim Blogg Side 23

Ny undersøking: Stort behov for læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

– Det blir som å velja mellom ein Lada og ein Mercedes, seier rektor ved vaksenopplæringa på Stord, Steinar Rosset. Heller ikkje til neste år blir det løyvd pengar til fleire nynorske læremiddel, ifølgje regjeringa.

54 av 55 vaksenopplæringar i nynorskområde meiner tilgangen til nynorske læremiddel bør bli betre. Det viser ei undersøking utført av Framtida.no og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

– Eg starta i 2016. Det har skjedd ei positiv utvikling sidan då, men enno manglar det eit godt læreverk på nynorsk frå det lågaste til høgaste nivået, seier rektor Steinar Rosset ved vaksenopplæringa på Stord.

– Har kome ein lang veg

Mali Åm er inspektør og avdelingsleiar ved vaksenopplæringa i Ulstein kommune.

Mali Åm er inspektør og avdelingsleiar ved vaksenopplæringa i Ulstein kommune, og har dei siste åra fått støtte frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (tidlegare Kompetanse Noreg) for å vera ein ressursperson for nynorsk i vaksenopplæringa. Ho fortel at det har skjedd mykje frå 2010.

Gjennom Kompetanse Noreg stilte styresmaktene krav til både nynorsk og bokmål då dei lyste ut midlar til utvikling av læreverk for alfabetisering og B2-nivå.

I 2015 kom det første læreverk på B2 både på nynorsk og bokmål. Og i 2019 kom det to nye læreverk for alfabetiseringsdeltakarane.

Endeleg er det tilbod om nynorske læreverk heilt frå analfabete nybyrjarar til det høgaste nivået (B2-nivå).

– No har me ei ganske god breidde, seier Mali Åm, men legg til:

– Samanliknar ein med bokmål så har dei enormt mange fleire tilbod å velja mellom. Men det finst læreverk til å kunne undervisa. Me har kome ein lang ve

Trong for fleire digitale ressursar

På spørsmål om kva vaksenopplæringane saknar, så er det mange som svarar digitale læremiddel, ordbøker og tilleggsmateriale.

– Me ser at det kjem gode ressursar som me kunne tenkt oss å bruka, men når me spør om dei finst på nynorsk, så får me beskjed om at det ikkje finst pengar til å utvikla dei på nynorsk. I tillegg er det mangelfullt innan grammatikk, fortel Steinar Rosset.

– Me treng digitale ordlister. Dei burde koma på fleire språk og med fleire ord, seier Mali Åm. Dette er eit behov vi deler med framandspråklege i grunnskule og vidaregåande.

Steinar Rosset er rektor ved vaksenopplæringa på Stord. Foto: Svein Olav B. Langåker

Krev meir midlar til omsetjing

I grunnskulen og vidaregåande er det eit krav til at alle læremiddel kjem på både nynorsk og bokmål til same tid og same pris. Dette kravet gjeld ikkje for introduksjonsprogrammet for innvandrarar.

Steinar Rosset seier at nynorskkommunane er heilt avhengige av at Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse kjem med meir midlar til læremiddel på nynorsk. Han samanliknar det med forskjellen på å køyra ein Lada og Mercedes, der Lada symboliserer nynorsk og Mercedes bokmål.

– Du kjem deg fram til målet, men det er meir utfordrande å ha opplæring på nynorsk. Det finst fleire moglegheiter til å supplera opplæringa med gode ressursar på bokmål enn på nynorsk.

Ingen planar om særskilt løyving

Siste gong staten kom med ei eiga løyving til nynorske læremiddel for innvandrarar var i 2016. Siste utbetaling var i 2019.

Støre-regjeringa har ikkje planar om å koma med nye midlar til neste år:

– Det er ikkje lagt opp til ei særskild prioritering til dette i 2022, skriv statssekretær Nancy Herz i Arbeids- og sosialdepartementet i ein epost til Framtida.no.

Statssekretær Nancy Herz i Arbeids- og sosialdepartementet. Arkivfoto: Elise Løvereide, Framtida.no

Ho legg til:

– Regjeringa ønskjer å fremja likestilling mellom bokmål og nynorsk gjennom den nye språklova. Det er den einskilde kommunen som vel om kva målform den vil gi opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Det er også opp til den einskilde kommunen å velja kva slags læremiddel den ønskjer å bruka. Departementet skal ikkje godkjenna val av målform eller type læremiddel til bruk i kommunen.

Det er Kompetanse Noreg som har løyvd midlar til nynorske læremiddel før, innanfor sitt eige budsjett.

– Intensjonen vår var å lysa ut midlar i 2021, men på grunn av budsjettsituasjonen var det ikkje mogleg å lysa ut midlar i år. 2021 var eit veldig spesielt år på grunn av korona og innføring av ny læreplan, fortel Yngvild Ziener Nilsen, seksjonsleiar, seksjon for læreplan ved Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

Dei har i år brukt midlar på kompetansepakkar ved innføringa av ny læreplan. Ingen av desse pakkane er utvikla på nynorsk.

HK-dir vil omsetja nokre av kompetansepakkane til nynorsk i 2022.

Gode grunnar til å undervisa på nynorsk

Undersøkinga til Framtida.no og LNK viser at dei av kommunane som underviser på nynorsk er litt meir positive til læremiddelsituasjonen på nynorsk, sjølv om det også blant dei er eit fleirtal som synest situasjonen er «både òg» eller «ganske dårleg».

Steinar Rosset seier det er gode grunnar for å undervisa på nynorsk i nynorskkommunane.

– Me veit at det er lettare for foreldre å få undervising på nynorsk når dei skal følgja opp sine eigne ungar som har nynorsk på skulen. Det er eit viktig argument. Og me opplever at det kan ha gode resultat på integreringa i kommunen, gjennom at deltakarane lettare forstår og uttrykker dialekta i den kommunen dei bur i.

Ifølgje undersøkinga til Framtida.no og LNK, viser det seg at fleire innvandrarar blir buande i kommunar som gjev opplæring på nynorsk.

Saw Ngrein Zan (28) trur det er lettare å bli buande på Stord, sidan ho lærer nynorsk i vaksenopplæringa. Foto: Svein Olav B. Langåker

NRK Super får reaksjonar for BlimE!-satsing utan nynorsk

Då lærar Hilde Boksasp Lerum bad NRK om å få undervisingsopplegget til BlimE!-aksjonen på nynorsk fekk ho beskjed om å sende dei den nynorske teksten så dei kunne legge det inn.

BlimE!-aksjonen starta på MGP jr. i 2010, og det er tiande gongen i år at det er laga ein eigen BlimE!-song.

Bingo-brettet som lærar Hilde Boksasp Lerum ynskte å få på nynorsk.

Songen finst på teiknspråk, bokmål, samisk – han finst til og med på fransk og tsjekkisk!

Men ikkje noko av materiellet finst på nynorsk. 

Ikkje på nynorsk

I år har også NRK laga eit eige undervisingsopplegg for lærarar og elevar, men som heller ikkje finst på nynorsk.

Hilde Boksasp Lerum er lærar i 1. og 2. klasse på Skjolden oppvekstsenter. Ho klikka seg inn for å finne undervisingsopplegget og vart overraska då ho ikkje fann det på nynorsk.

– Éin ting er det som er laga til lærarane, eg forstår jo bokmål, men eg deler ikkje ut ting til borna som ikkje står på nynorsk, seier ho på telefon til Framtida.no.

Ho sende spørsmål til NRK og fekk til svar at ho kunne omsetje teksten, så kunne NRK legge det inn på sine sider.

– Då vart eg så irritert. Herregud, dei må jo ha nokon i systemet som kan nynorsk. Det hadde teke meg ti minutt, men det er ikkje min jobb. Eg er ikkje tilsett i NRK, seier ho.

Ho tykkjer det er rart at ikkje statskanalen hadde tenkt på begge målformer når dei har ein landskampanje. Men då ho fekk til svar at ho kunne omsetje for dei, vart ho irritert.

– Det er ikkje greitt. Det er litt nonchalant av ein statskanal.

NRK fortel at det var ein glipp frå deira side å ikkje sikre innhaldet i ein nynorsk versjon også.

– Det burde vi sjølvsagt ha laga, og vil sørgje for det i framtida, svarar prosjektleiar Ida Hartmann i NRK Super på e-post til framtida.no.

Frida Pernille Mikkelsen er leiar i Norsk Målungdom. Foto: Rebekka Hugøy Hovland/ Norsk Målungdom

– Utruleg kjipe signal til nynorskelevar

Frida Pernille Mikkelsen, leiar i Norsk Målungdom, tykkjer dette er skuffande. Ho meiner at når ein jobbar med ei kjempesatsing, som BlimE er, bør nynorsk vere ein sjølvsagt del av det.

– Det sender utruleg kjipe signal til tusenvis av nynorskelevar rundt om i landet. Betyr språket deira så lite for NRK? spør ho.

– Signalet er jo eigentleg ganske klart: «Vi ser deg ikkje» eller «Vi bryr oss ikkje om språket ditt». Eg reknar med at det ikkje har vore det som er tanken til NRK, men sanninga er at det er det som er signalet dei sender ut no, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.

Ho håpar NRK ryddar opp i dette raskt.

– Det blir for dumt at eit prosjekt som handlar om inkludering og samhald er ekskluderande.

Målungdomsleiaren meiner også at det er problematisk at undervisingsopplegget berre finst på bokmål.

– Det held ikkje. Mindre organisasjonar greier dette, det har vi nyleg sett med Sex og Politikk si Veke 6. Det burde vere ei lett sak for NRK. Her er ingen unnskuldingar gode.

Timo Emanuel S. Risnes (10), Adam Huliyeifuah (10), Andrea Jeanette Guttormsen (10), Inga Malene Koløy Kartveit (10), Alida Emanuelsen Fahlen (10) og Andrea Jeanette Guttormsen (10).

– Litt rart på bokmål

Elevane på Tjødnalio skule på Stord har fått med seg at BlimE!-songen finst på fleire språk. I år finst han på både teiknspråk, samisk, engelsk, fransk, spansk, italiensk, tsjekkisk – i tillegg til bokmål.

– Når dei har laga songen på så mange språk, så burde dei òg laga den på nynorsk, seier Angelica Veivåg (10).

– Det er litt rart å synga «jeg» og «hjertet mitt» på bokmål, seier Inga Malene Koløy Kartveit (10).

– Eg håpar dei kan laga ein nynorsk song òg, legg ho til, og dei andre nikkar.

Elevane har ei klar melding til NRK Super:

– Ver så snill, NRK, kan me få BlimE!-songen på nynorsk?! ropar femteklassingane.

Svar frå NRK:

Framtida.no sende følgjande fem spørsmål til statskanalen:

– Meiner de at lærarar skal omsetje materiale for statskanalen?
– Kvifor finst det på samisk og teiknspråk og ikkje tilgjengeleg på nynorsk?
– Korleis speglar dette NRK si vilje til å innfri nynorskkravet?
– NRK har sagt dei skal satse på nynorsk, kvifor gjeld ikkje det her?
– Kva signal sender dei til nynorskbrukande barn?

Dette svara prosjektleiar Ida Hartmann i NRK Super på e-post til framtida.no:

«I NRK Super ønsker vi at alle barn i hele landet skal kjenne seg igjen i innholdet vårt og føle seg inkludert. Vi er opptatt av å speile det språklige mangfoldet og tilbyr innhold på begge målformene. De siste årene har vi oppfylt kravet om minst 25 prosent nynorsk.

Til årets BlimE! lagde vi for første gang BlimE-diplom og -bingo som lærerne kunne bruke sammen med et undervisningsopplegg om vennskap og inkludering. Det er en glipp fra vår side at disse ikke finnes i en nynorsk versjon. Det burde vi selvfølgelig ha laget, og vil sørge for det i framtiden.

Teksten til BlimE-låta skrives og synges på den dialekten artisten har. I tillegg er den tilgjengelig på samisk og finnes som video på tegnspråk».


Ål er årets nynorskkommune – får unge til å halda på nynorsken

Meir enn 70 prosent av ungdomane i kommunen vel å halde fram med nynorsk på ungdomsskulen. «Det er unikt i Hallingdal», står det i grunngjevinga frå juryen.

Ål kommune ligg i eit område der nynorsk ikkje er eit sjølvsagt språkval. Difor er det ekstra viktig at kommunen legg til rette for at innbyggjarane skal få møte og bruke nynorsk, meiner juryen.

Ål kommune ligg i Hallingdal i Viken fylke. I Viken har tre av i alt 51 kommunar nynorsk målvedtak. To av dei ligg i Hallingdal.

– I ei tid der reformar, stordriftsfordelar og interkommunalt samarbeid er fyndord, er det viktigare enn nokon gong for ein kommune som Ål å styrkje lokalsamfunnet gjennom felles språk, historie og identitet. Elles kan Ål som randområde for nynorsk skriftspråk drukne i møte med fylket og nabokommunane, seier juryleiar og seksjonssjef i Språkrådet, Margrethe Kvarenes.

I år er det Ål sin tur

I finalen hadde Ål kommune sterk konkurranse frå Herøy, Stad og Kvinnherad kommunar.

Desse tre kommunane, som alle ligg i trygge nynorskområde, syner solid språkleg sjølvkjensle og er gode døme på kva ein bør gjere som kommune for å halde nynorsken oppe som bruks- og kulturspråk.

Likevel er det Ål kommune som trekkjer det lengste strået. Kommunen har alt på stell, med målbruksplan og språkmålsetjingar i planverk og strategidokument, og arbeider systematisk med næringsliv, kulturliv, skule, barnehage og kommuneadministrasjon for å styrkje nynorsk som bruksspråk. Kommunen imponerer særleg ved medviten bruk av nynorsk i kultur- og næringsliv.

«Tiltaka gjev resultat: Meir enn 70 prosent av ungdomane i kommunen vel å halde fram med nynorsk på ungdomsskulen. Det er unikt i Hallingdal», står det i grunngjevinga frå juryen.

Fin premie

Kvart år sidan 2009 har Kulturdepartementet og Språkrådet delt ut prisen «Årets nynorskkommune». I 2021 har juryen sett spesielt etter kommunar og fylkeskommunar som har gjort ein ekstra innsats for skaffe nynorske læremiddel og læringsressursar til skuleelevane sine.

Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel delte ut prisen på eit arrangement på Litteraturhuset i Oslo 22. november. Prisen er på 100 000 kroner.

Les også: Aust mot vest i kampen om å bli Årets nynorskkommune

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) deler ut prisen for Årets nynorskkommune 22. november. Foto: NTB Kommunikasjon / SMK

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Barnehageborna i nynorskkommunane møter meir bokmål enn nynorsk i song og høgtlesing. Det viser ei undersøking som Pirion og Landssamanslutninga av nynorskkommunar gjennomførte tidlegare i år.

No har Sunnfjord kulturskule og litteraturformidlar Janne Karin Støylen utvikla eit nytt digitalt kurs for barnehagane som skal styrkja arbeidet med nynorsk.

Skal vera lett å bruka

Det digitale kurstilbodet på Pirion.no er sett saman av videoar, oppgåver til samtale og andre ressursar. Kvar økt tar maksimum éin time å gjennomføra.

– Tanken er at det skal vera lett å ta det i bruk på personalmøte i barnehagane, fortel Pirion-redaktør Svein Olav B. Langåker. Han fortel at dei er inspirert av Språkløyper til Lesesenteret og Utdanningsdirektoratet.

Kurset er støtta av Utdanningsdirektoratet og Kulturtanken, og tar utgangspunkt i erfaringane frå det treårige prosjektet «Kulturbarn Sunnfjord».

Høgt fagleg innhald

Professor ved Høgskulen på Vestlandet, Eli Bjørhusdal, byrjar kursrekkja med eit miniføredrag om kva det vil seia å vera nynorsk barnehage – og korleis nynorsk språk og kultur kan vera ein del av både overordna målsettingar og det daglege arbeidet i barnehagekvardagen.

Litteraturformidlar Janne Karin Støylen har laga ei økt om leseglede og språkstimulering på nynorsk.

– Den nynorske barnebokhylla er smekkfull av førsteklasses litteratur, nye forfattarar kjem stadig til og det er berre ein ting å gjere: Lese! I kurset let me ein kjend og kjær frosk vise oss det han kan om å vera i ei god bok. Han har eit tips og to om finna fram til dei beste forteljingane, seier ho.

Utvida repertoar

Distriktsmusikarane Ole Nilsen og Ingrid Schei Stuhaug i Sunnfjord kulturskule har har laga fleire økter om folkemusikk i barnehagane.

– Me har laga kurset for å synleggjera eit songmateriale som er eigna for born i barnehagealder, men som kanskje ikkje er tilgjengeleg for barnehagepersonellet på same måte som songar ein finn i songbøker eller i anna læringsmateriell, seier Ingrid Schei Stuhaug.

Tradisjonssongar Unni Løvlid deltar med både eit miniføredrag og åtte songar som er spelte inn på video slik at sjåarane òg får sjå rørslene til songane.

– Songane er eigna for denne aldersgruppa av fleire grunnar, fortel Ingrid Schei Stuhaug.

– Det er enkle melodiar, korte tekstar, og tematikken er ofte det born er opptatt av, slik som dyr og eventyr. Det er også rørsler til songane, noko som gjer dei ekstra morosame å bruka. Dette gjev også høve til å tilpassa materialet ut frå alderen på borna i barnehagen.

Ein god start

– Me håpar kursrekka vil vera til inspirasjon og bidra til å bevisstgjera oss om å velja nynorsk når me kan i kulturarbeidet i barnehagen, seier Janne Karin Støylen.

Ho følgjer gjerne opp med besøk og fysiske Pirionkurs.

Pirion-redaktør Svein Olav B. Langåker håpar òg at andre prosjekt og utviklingsarbeid i andre kommunar kan dokumenterast og delast i ei utviding av den digitale kurspakken.

Sjå det digitale Pirionkurset her!

Språkdirektøren: Det norske språket har ein sterk posisjon

0

– Det norske språket, både nynorsk og bokmål, har ein sterk posisjon i samfunnet, og det er ikkje trua av utrydding, seier direktøren i Språkrådet, Åse Wetås.

Wetås opna Språkdagen på Det Norske Teatret i Oslo tysdag med på gjere opp status for det norske språket i dag. Ho minte om at norsk har sterk både formell og uformell støtte i heile samfunnet, i det offentlege og i media.

Språkdirektøren rosa den nye språklova, som blir gjeldande frå 1. januar 2022. Ho meiner språklova vil bidra til at norsk skal stå støtt også i framtida. Her er det krav om ein tydeleg og offensiv språkpolitikk, der hovudmålet er å ta vare på ikkje berre det norske språket, men også dei godkjende minoritetsspråka samisk, kvensk, romani og romanes.

Sjå opptak frå Språkdagen her!

Klart språk

Eit av felta Wetås peika på i innlegget sitt, er det ansvaret det offentlege Noreg no får for å bruke det norske språket på ein måte som gjer det klart og forståeleg for innbyggjarane. Ho rosa arbeidet som er gjort i fleire offentlege etatar for å bruke eit klart og lett forståeleg språk.

– Det er gjort mykje godt arbeid med dette, men mykje står att. Det er mange eksempel på at det har vorte betre, men arbeidet skal halde fram. Det er ikkje minst viktig i helsesektoren, der bruken av eit klart og lett forståeleg språk lett kan fjerne misforståingar, og det kan få som utslag at helsekøane blir kortare, sa Åse Wetås blant anna.

Ikkje alt er roseraudt for det norske språket. Engelsk et seg inn på stadig fleire område, og ikkje minst får dei unge inn svært mykje engelsk via til dømes dataspel, Tiktok og YouTube. Her meiner språkdirektøren det er naudsynt med ordningar som gjer det attraktivt å bruke norsk i utviklinga av nye tenester.

Norsk fagspråk

Ho var også inne på problemet med at ein aukande del av norsk forsking berre blir publisert på engelsk, og at også mykje av undervisinga i den høgare utdanninga går føre seg på engelsk.

– Vi må ha eit fagspråk på norsk. Om vi ikkje har det, vil vi gå glipp av viktige debattar. sa ho.

Manglande nynorsk-vilje

Eit anna problem er forholdet mellom bokmål og nynorsk. Wetås hevda at det verkar å vere ein manglande vilje hos tilsette i statsapparatet mot å bruke nynorsk i formidlinga, og at dette faktisk er eit teikn på manglande respekt for dei 600.000 innbyggjarane her i landet som har nynorsk som hovudmål.

Ho tok også opp at nynorske lærebøker kjem mykje seinare ut til skulane enn lærebøker på bokmål, og ofte manglar det nynorske versjonar av dataprogramma elevane brukar.

Wetås kravde vidare ei ekstra satsing for elevar som brukar teiknspråk som sitt hovudmål. Det er viktig å minne om at teiknspråk er eit fullverdig språk, sa språkdirektøren.

Hurdalsplattforma

Trass i at det er mange problem for språket, uttrykte Åse Wetås optimisme. Ho meiner Hurdalsplattforma, som meislar ut politikken til den nye regjeringa, gir håp om ei satsing på det norske språket.

Språkrådet skal vere tilsynsorgan for den nye språklova. I språklova blir det slått fast at bokmål og nynorsk er heilt likestilte målformer, og at det er viktig å klage dersom ikkje offentlege organ følgjer lova.

– Det er viktig å gjere etatar som ikkje følgjer språklova merksame på dette. Og send gjerne ein kopi av klagen over til Språkrådet, så skal vi hjelpe dei med å setje i verk tiltak som kan gjere dei i stand til følgje lovverket, seier språkdirektør Åse Wetås. (©NPK)

Aust mot vest i kampen om å bli Årets nynorskkommune

Dei tre vestlandskommunane Herøy, Kvinnherad og Stad konkurrerer om å få prisen Årets nynorskkommune 2021. I finalen blir dei utfordra frå aust av Ål kommune i Hallingdal.

Prisen går til ein kommune eller fylkeskommune som tek særleg godt vare på det nynorske skriftspråket. I 2021 har juryen sett spesielt etter kommunar og fylkeskommunar som har gjort ein ekstra innsats for skaffe nynorske læremiddel og læringsressursar til skuleelevane
sine.

Margrethe Kvarenes leiar juryen som kårar Årets nynorskkommune. Foto: Moment Studio

– Det har vore sterk konkurranse om prisen i år. Fire kandidatar er med på oppløpssida, alle med sterke tiltak for å tryggje nynorsk som bruksspråk på viktige samfunnsområde, seier Margrethe Kvarenes, seksjonssjef i Språkrådet.

Kjempar om 100 000 kroner

Kvarenes leiar juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet. I juryen sit også representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) deler ut prisen på eit ope arrangement på Litteraturhuset i Oslo 22. november. Prisen er på 100 000 kroner.

Det er juryen som kårar Årets nynorskkommune, men her kan du stemma på kven du meiner fortener prisen i den uoffisielle avrøystinga til Framtida.no!

Kven bør bli Årets nynorskkommune?

Avstemminga i fjor sette fyr på internett, og totalt kom det inn over 260.000 stemmer. Til slutt stakk Voss herad av med sigeren.

Kjerneområde mot randsone

Tre av dei fire nominerte kommunane i år ligg i trygge nynorskområde. Herøy i Møre og Romsdal og Kvinnherad og Stad i Vestland syner solid språkleg sjølvkjensle og er gode døme på kva ein bør gjere som kommune for å halde nynorsken oppe som bruks- og kulturspråk.

Herøy syner til gjennomtenkte nynorsktiltak i barnehage og skule og nyttar marknadsmakta si godt i val og utvikling av læremiddel på nynorsk.

Kvinnherad syner òg til slitesterke tiltak over tid og skal særleg ha ros for å vere medviten om tilhøvet mellom integrering og språkbruk.

Stad kommune har gode rutinar for systematisk arbeid, og kommunen viser til særleg gode og varierte kulturtilbod på nynorsk.

Ål er utsidaren i årets finale. Kommunen ligg i Hallingdal i Viken, der nynorsk ikkje er eit sjølvsagt språkval, slik det er i kjerneområda for nynorsk. Ål kommune viser at dei lokale tiltaka for å styrkje nynorsken er trygt forankra i det kommunale planverket. I praksis imponerer kommunen særleg ved medviten bruk av nynorsk i kultur- og næringslivet.


Nynorskrekord i Nasjonal avisveke

Framtida Junior har sendt ut over 15.500 aviser i samband med Nasjonal avisveke. Det er ny rekord.

– Det er veldig kjekt at så mange barn og unge får lesa avisa vår, og veldig stas at me opplever rekordetterspurnad, seier Svein Olav B. Langåker, redaktør for Framtida Junior.

Nasjonal avisveke blir arrangert av Mediekompasset ved Mediebedriftenes Landsforening. I veke 44 kvart år får skular over heile landet tilbod om gratis aviser og tilgang på gratis materiell for elevar på 4.,6. og 9.trinn.

Dei siste åra har skulane også fått tilbod om Framtida Junior til 6. trinn.

Framtida Junior har denne gongen laga ei miljøutgåve der elevane blant anna får lesa om klimatoppmøtet i Glasgow og bli med på tokt til Arktis – i tillegg til at dei får eit klimaspel som er utvikla i lag med Miljøagentane på Stord.

Miljøutgåva er støtta av Vestland fylkeskommune og miljøfondet til Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM).

Framtida Junior har òg utvikla eit miljøjournalistkurs for elevar frå 6. trinn, der elevar får opplæring i journalistikk og tips til miljøsaker. Kurset er støtta av Vestland fylkeskommune

– Me har enno nokre plassar igjen, så viss det er nokon skular som vil ha besøk av oss, så er det berre til å ta kontakt, seier Svein Olav B. Langåker i Framtida Junior.

Målrørsla om statsbudsjettet: – Støre bør finna fleire nynorskmillionar

0

Sjølv om regjeringa på fleire område vidarefører satsinga på nynorsk og føreslår enkelte nye nynorske tiltak, etterlyser fleire sentrale nynorske aktørar ei sterkare nynorsksatsing.

Regjeringa føreslår å setja av 1,2 millionar kroner til ein nynorsk forfattarskule for minoritetar i regi av Samlaget og tenkjetanken Minotenk og Nynorsk pressekontor får midlar til å fullføra arbeidet med nynorskroboten som er eit verktøy for automatisk omsetjing frå bokmål til nynorsk.

– Ikkje nok til å følgja opp språklova

Hovudinntrykket til målrørsla er likevel at nynorsksatsinga i framlegget til statsbudsjett er for svak.

– Regjeringa vidarefører meir eller mindre den satsinga dei har hatt på språk og nynorsk dei siste to åra, men ikkje noko meir enn det. Det hadde vi håpt på sidan vi har fått ei språklov som har store ambisjonar for nynorsken, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag til Nynorsk pressekontor.

– Vi ventar også på ei ny opplæringslov som skal gjera situasjonen for nynorskelevane langt betre. Då hadde vi venta at Erna Solberg og regjeringa hennar i det siste statsbudsjettet sitt hadde lagt med dei pengane som krevst for å oppfylla dei språkpolitiske ambisjonane som den avgåande regjeringa trass alt har, seier han.

Mållagsleiaren saknar ekstra pengar til satsing på digitale læremiddel på nynorsk, og seier det er nynorskbrukande elevar som no blir skadelidande fordi dei ikkje får lese- og skriveopplæring på sitt eige språk.

No set han si lit til den nye regjeringa og håpar Støre vil finna plass til fleire nynorskmillionar.

Styreleiar i Nynorsk kultursentrum Lodve Solholm. Foto Ivar Aasen-tunet / Anders Aanes

Langt unna

Heller ikkje Nynorsk kultursentrum meiner forslaget til statsbudsjett er nok til å følgja opp ambisjonane i språklova når det gjeld nynorsk.

– Det er positivt at Språkrådet har fått midlar konkret til å følgja opp ambisjonane i språklova, men 500.000 kroner er langt frå den auken på 12 millionar som Språkrådet søkte om, seier styreleiar i Nynorsk kultursentrum, Lodve Solholm, i ei pressemelding.

Han er også nestleiar i styret i Språkrådet.

Uroa for nynorsk i barnehagar og skule

Også Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) meiner det trengst ei sterkare nynorsksatsing i budsjettet.

– Nynorskkommunane etterlyser fleire midlar til satsingar på nynorsk i budsjettet for Kunnskapsdepartementet, seier styreleiar Sara Hamre Sekkingsstad i ei pressemelding.

Ho meiner det er stor trong for fleire digitale læremiddel og ressursar på nynorsk.

LNK er særleg uroa over framtida til Pirion, etter at støtteordninga der avisa har fått støtte dei siste åra er føreslegen fjerna frå statsbudsjettet. Pirion er ei kulturavis for alle som jobbar med barn og har som mål å stimulera språk- og kulturarbeidet i barnehagane og småskulen. Avisa blei starta for vel 20 år sidan av LNK og Noregs Mållag.

Nynorsk kultursentrum hadde håpt på 600.000 kroner i statsbudsjettet for å få til heilårsdrift ved Vinjesenteret. Desse pengane er ikkje på plass i budsjettforslaget. Her eit bilete frå i sommar. I midten leiar Kristian W. Rantala, program- og vertskapsansvarleg Åsne Vesaas (t.v.) og digital formidlar Line Omland Eilevstjønn. Foto: Yngve Vogt / NPK

Saknar midlar til Vinjesenteret

Både mållagsleiaren og direktøren i Nynorsk kultursentrum hadde også håpt at regjeringa skulle finna pengar til å fullfinansiera Vinjesenteret. Dei 600.000 kronene dei søkte om, er ikkje komne med på forslaget til statsbudsjett.

– Vi har søkt om ei auka løyving for heilårsdrift og for å ha fire tilsette ved Vinjesenteret. Det har vi ikkje fått gjennomslag for, seier Øvereng.

– Kva konsekvensar får det om budsjettforslaget skulle bli ståande?

– Den førebelse konsekvensen er at vi må sjå litt meir etter andre midlar eksternt. I tillegg må vi kanskje prioritera litt annleis internt. Vi har eit sterkt ønske om å satsa meir i Vinje og i Vestfold og Telemark, men det kan henda vi må gjera litt om på formidling og ein del skuleopplegg som vi har ønskt å setja i gang, seier Øvereng. (©NPK)

Ny forfattarskule inn på statsbudsjettet

Det norske Samlaget og Minotenk har oppretta Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring.

I sitt forslag til statsbudsjett, sette regjeringa av 1,2 millionar kroner til den nye skulen.

– Det er gledeleg at regjeringa ser verdien av å gjere den nynorske litteraturen meir mangfaldig og representativ for samtida vår, seier Edmund Austigard, administrerande direktør i Samlaget.

Løyvinga er ein del av Kulturdepartementets «krafttak for mangfald.» Forfattarskulen startar opp i januar 2022.

– Samlaget ser Forfattarskulen som ein viktig del av vår langsiktige strategi for å utvide det norske ytringsrommet, både gjennom litteratur og den offentlege samtalen. I litteraturen skal alle kunne kjenne seg att, og samstundes bli rikare av andre sine blikk, seier Austigard.

Les meir om forfattarskulen her!

Uroa for støtta til tiltak for nynorsk i barnehagar og skule

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) etterlyser ei nynorsksatsing i budsjettet for Kunnskapsdepartementet.

– Nynorskkommunane etterlyser fleire midlar til satsingar på nynorsk i budsjettet for Kunnskapsdepartementet, seier styreleiar i LNK, Sara Hamre Sekkingstad. Ho understrekar at det er stor trong for fleire digitale læremiddel og ressursar på nynorsk.

LNK er særleg uroa over framtida til Pirion, etter at støtteordninga der Pirion har fått støtte dei siste åra er føreslått fjerna i statsbudsjettet. Pirion har som formål å stimulera språk- og kulturarbeidet i barnehagane og småskulen, og blei starta i år 2000 av LNK og Noregs Mållag.

Hjelper til i språkarbeidet

I ei undersøking som LNK og Pirion gjennomførte tidlegare i år, kom det fram at det blir sunge og lese meir på bokmål enn nynorsk i nynorske barnehagar.
Barnehagestyrarane svarar at noko av det viktigaste som skal til for å få meir nynorsk i barnehagane, er meir bevisstgjering.

– Pirion starta tidlegare i år ein serie med digitale kurs for å skapa meir samtale og bevisstgjering om gode tiltak for å styrka språkstimuleringa på nynorsk. Dette er etterspurt i barnehagane, og veldig synd om me misser støtta til det vidare arbeidet vårt, seier redaktør for Pirion, Svein Olav B. Langåker.

Legg om støtteordningane

I forslaget til statsbudsjett er prosjektstøtteordninga som Pirion har fått støtte frå dei siste åra endra til å berre gjelda tiltak mot mobbing, medan andre organisasjonar blir føreslått å få grunntilskot. Pirion er ikkje blant organisasjonane som får grunntilskot i forslaget til statsbudsjett.

– LNK skulle ønskt at Pirion kom inn med fast grunntilskot, seier styreleiar i LNK, Sara Hamre Sekkingstad.

Fast støtte til Magasinett, men mindre

Eit anna viktig nynorsktilbod som LNK driv, Magasinett, er mellom organisasjonane som regjeringa føreslår å gje grunntilskot.

– Det er viktig og gjev ei meir føreseieleg framtid for satsinga vår på barn og ungdom, seier Svein Olav B. Langåker, som òg er redaktør for Magasinett og leiar for dei digitale skuletilboda til LNK.

I 2021 får Magasinett over 1,2 millionar i støtte frå Utdanningsdirektoratet til to prosjekt med artikkelseriar, skrivekonkurransar og skrive- og debattkurs for elevar i grunnskulen og vidaregåande. I forslaget til statsbudsjett for 2022 får Magasinett 130.000 mindre enn i år.

– Me opplever ein stor auke i talet på lesarar våre på Magasinett, Framtidajunior.no og Framtida.no og håpar det er mogleg å få til ein auke i støtta og ikkje ein reduksjon, avsluttar Langåker.

HANDLINGSPLAN 2021-2022

Vedteke på landstinget til LNK på Stord, september 2021

NYNORSKKOMMUNANE (LNK) – TIL TENESTE

PRINSIPPROGRAM
LNK skal leggja til rette for at medlemene kan vera aktive og stolte nynorskbrukarar
og medvetne i språkspørsmål.
LNK skal arbeida for å sikra nynorsk som eit jamstilt og fullgodt bruksspråk innanfor alle delar av det offentlege. LNK skal ta eit ansvar for språkutviklinga i
medlemskommunane, og ta på seg informasjons- og kulturfaglege oppgåver som set nynorsk inn i nye samanhengar.

LNK skal vera ein pådrivar i høve til sentrale styresmakter og andre samarbeidspartar kommunane har, for å få dei til å ta språkjamstillinga på alvor. LNK skal vera ein konstruktiv, positiv og framoverretta samarbeidspart.

LNK skal ta opp saker på vegner av medlemene.

LNK skal vera ein medlemsorganisasjon, men samstundes leggja vekt på fellesskapet gjennom å tilnærma seg medlemene på ein måte som stimulerer til dialog og
tovegskommunikasjon.

ARBEIDSPROGRAM
1. Arbeid overfor medlemene våre.
LNK skal:
• styrkja språkopplæringa i kommunar, fylke og stat. LNK skal gjera medlemene gode i nynorsk, slik at dei kan tilby gode tenester til innbyggjarane sine
• arbeida for å setja språkspørsmål og språkpolitikk inn i ein vidare kulturell
samanheng, mellom anna ved å syna samanhengar mellom språk, identitet, kultur og
samfunnsutvikling
• arrangera fagsamlingar og fellestilskipingar for medlemene
• tilby kursa «På saklista» og «På brett og tavle» gratis til medlemene så langt økonomien tillet dette, og bruka tid på å presentera kursprogramma under rekrutteringsferder/medlemsbesøk
• arbeida for at medlemene trekkjer inn språk som ein naturleg del av omdømmebygginga
• arbeida for å betra kompetansen kring informasjonsarbeid i kommunane
• arbeida for meir medvetne haldningar til språk og kultur i barnehagane
• synleggjera nynorsk som bruksspråk innanfor alle sektorar – men arbeid med å synleggjera nynorsk på nett for barn og unge skal framleis prioriterast
• vidareutvikla samarbeidet med ABC Startsiden omkring Framtida.no, Framtidajunior.no og Startsida.no
• vidareutvikla samarbeidet med relevante programvareprodusentar, og arbeida for at det vert utvikla fleire digitale læremiddel, appar og meir relevant programvare på nynorsk
• sikra at Framtida.no og Framtidajunior.no får ein meir føreseieleg økonomi
• utvikla og driva nettstaden Pirion.no vidare, og arbeida for at stiftinga får ein føreseieleg økonomi
• utvikla og driva nettstaden Magasinett.no vidare, og arbeida for at stiftinga får ein meir føreseieleg økonomi
• arbeida særskilt inn mot «randsone- kommunane» som er medlemer i LNK – altså
område der nynorsk står svakt og er utsett for språkpress frå områda dei grenser til
• arbeida for at kommunane vedtek språkplanar og integrerer desse i kommunale planverk
• arbeide for gode fellesformuleringar og politikk på anbodsfeltet, som lettar arbeidet til kommunane med å sikra at dei kjøper inn tenester og varer på nynorsk.
• vidareføra LNK-fordelskortet – på nett
• arbeida for at medlemene gjennom planverka sine tydeleggjer kven som har ansvar for språk i kommunane

2. Arbeid inn mot sentrale styremakter og andre samarbeidspartar
LNK skal:
• arbeida for at kommunane ikkje skal ha meirkostnader av di dei har valt nynorsk som administrasjonsspråk, eller av di dei har språkleg delte parallellklassar/grupper i
grunnskulen
• samarbeida vidare med Språkrådet og Nynorsk kultursentrum om kartlegging av
haldningar til språk i kommunane
• arbeida for at staten, ut frå demokratiomsyn, fører vidare satsinga på ”klarspråk”
• styrkja samarbeidet med dei kommunale organisasjonane – både på arbeidsgivar-
og arbeidstakarsida
• arbeida for å få på plass årvisse kontaktmøte med KS – også på regionnivå
• synleggjera nynorsk marknadsmakt – at LNK representerer meir ein halv million menneske som bur i nynorskkommunane, og at om lag 100 000 nynorskbrukarar er tilsette i offentleg sektor
• arbeida for at fleire statlege etatar vert flytta til nynorskkommunar
• arbeida for å styrkja norskfaget i grunnskule og vidaregåande skule
• arbeida for å få på plass att ei ordning med språkleg godkjenning av læremiddel
• arbeida for at framandspråklege får fullgode læremiddel på nynorsk. Det skal vera eit statleg ansvar å syta for at det finst tilgjengeleg læringsmateriell av god kvalitet på nynorsk for framandspråklege
• arbeida for at «nynorskgruppa» i Kompetanse Noreg utviklar seg til også å bli ein fagleg pådrivar for fleire midlar til nynorsk læringsmateriell for framandspråklege.
• arbeida for at arbeidsinnvandrarar frå EØS får same rett til norskopplæring som andre framandspråklege har – finansiert gjennom statlege overføringar
• arbeida for å sikra nynorskbruk også innafor dei nye organisasjons- og selskapsformene som vert tekne i bruk i det offentlege
• gje fråsegner om og fremja medlemene sine synspunkt og interesser i samband med språk- og kultursaker

3. Kontakt med medlemene og informasjonsarbeid
LNK skal:
• utvikla den digitale satsinga i organisasjonen vidare, og følgja opp bruk av teknologiske nyvinningar
• føra vidare drifta av Framtida.no, Framtidajunior.no, ABC Startsida.no,
Magasinett.no, Pirion.no og LNK.no innafor dei budsjettrammene som til ei kvar tid gjeld
• ha aktiv kontakt med media og relevante styremakter for å få fram aktuelle saker
• utvikla samarbeidet med lokalavisene vidare
• setja av minimum to veker kvart år til medlemsbesøk og rekruttering
• stimulera til samarbeid mellom medlemene gjennom å skipa til konferansar, fagsamlingar og kurs
• arbeida vidare med strategisk nettverksbygging som kan synleggjera
nynorskkulturen.

4. Økonomi/administrasjon
LNK skal:
• ha ein tilfredsstillande eigenkapital (om lag 20% av omsetnaden)
• føra vidare dei rekrutteringsstrategiane som til ei kvar tid er vedtekne i styret
• vidareføra dei økonomiske samarbeidsavtalane, og vurdera nye
økonomiske samarbeidspartnarar
• føra vidare den noverande, desentraliserte organisasjonsstrukturen, men vurdera
alternative løysingar dersom praktiske, økonomiske eller strategiske omsyn skulle tilseia dette

Alver-ordføraren tar over som leiar av LNK

Sara Hamre Sekkingstad, ordførar i Alver kommune, blei på torsdag vald som leiar av styret for LNK Nynorskkommunane då landstinget var samla på Stord. Svein Olav B. Langåker er tilsett som ny dagleg leiar frå nyttår.

Leiar av valnemnda, Siri Klokkerstuen, sa at den nye leiaren av styret representerer den nye tida.

Sara Hamre Sekkingstad takka for tilliten og sa at det er store skor å fylla etter leiaren som ikkje tok attval, Solfrid Borge. Borge har vore styreleiar i LNK dei siste 16 åra.

– Eg kjenner organisasjonen frå utsida, og eg gler meg til å bli kjent med organisasjonen som styreleiar, seier ho.

Relevant og viktig

Sara Hamre Sekkingstad opplever LNK som relevant og at det blir løfta viktige tema for kommunane og samfunnet.

– Eg gler meg til å jobba saman for å gjera LNK endå meir relevant for medlemmane våre.

LNK har i dag over 100 medlemmar.

I talen hennar til landstinget sa Alver-ordføraren at ho opplever at fleire og fleire unge frå heimkommunen går over frå nynorsk til bokmål og endrar dialekt når dei drar til Bergen eller møter bergensarar. Ho vil vera med på å sikra

– Eg er sikker på at vi med den vedtekne handlingsplanen skal løfta fram mange saker i åra som kjem. Eg gler meg til dette, sa den nyvalde leiaren.

Solfrid Borge takka av som styreleiar av LNK, medan Sara Hamre Sekkingstad tok over. Foto: Vigleik Brekke, Øygarden kommune

Ny dagleg leiar

Dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland, går av med pensjon til nyttår og styret har tilsett Framtida.no-redaktør Svein Olav B. Langåker som dagleg leiar frå nyttår.

– Eg ser fram til å jobba saman med styret og andre gode samarbeidspartnarar for å utvikla nye prosjekt og satsingar som kan løfta nynorskarbeidet i barnehagar, skule, kultur, forvaltninga og andre område, seier han.

Langåker har vore tilsett i LNK som journalist og redaktør for Framtida.no i over 11 år.

– Det blir ei anna rolle eg får frå nyttår av, men eg er glad for å få lov til å leia organisasjonen og gler meg å jobba saman med dei tilsette i redaksjonen for å vidareutvikla dei digitale tilboda til LNK – både Framtida.no, Framtida Junior, Pirion og Magasinett.

Strøyma landstinget

Landstinget til LNK starta onsdag og har blitt strøymt på Facebook-sida til LNK, slik at fleire har fått høve til å sjå det undervegs eller seinare. Av mange tema på landstinget var den nye språklova. Forfattar og tidlegare direktør på Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, innleia om nye språklova som gjeld frå 1. januar 2022.

– Den nye lova slår fast eit rettsleg likeverd. Det er noko av det viktigaste med lova. Ingen kommunar kan oversjå språklova som mellom anna har ein klar samanheng mellom nynorsk og klarspråk. Språklova blir så viktig som brukaren gjer ho til. Snakk mykje og ofte om språklova, sa Grepstad.

Andre tema på landstinget var vaksenopplæringa for innvandrarar, nynorsk i næringslivet og samfunnet og den digitale framtida og nynorsken.

Teknologidirektør i Microsoft Norge, Shahzad Rana, kom med fleire utfordringar og invitasjonar til samarbeid for meir nynorsk i det digitale rommet.

– I grunnen litt absurd at det er meg, fødd i tjukkaste Punjab, som kom til Noreg som 8-åring og med urdu og punjabi som morsmål som får det kallet å rettferdiggjera nynorskens plass i det digitale rommet. Dette trur eg ikkje sjølv Ivar Aasen hadde sett koma når han samla dialektar for å skapa nynorsk. Samtidig viser det at mangfald ikkje har grenser, sa Shahzad Rana. Ved sida av jobben i Microsoft har han vore med i framtidsutvalet til Språkrådet.