Heim Innspel Opplæringslova må sikre likeverdig digital skulekvardag

Opplæringslova må sikre likeverdig digital skulekvardag

Nynorskelevane har i dag ein digital skulekvardag som er heilt dominert av skjermtekstar på bokmål. Ei kraftig kursendring må til for å sikre dei språklege rettane til desse elevane. Den viktigaste reiskapen for å snu denne utviklinga er ei skjerpa opplæringslov.

Eit utkast til ny opplæringslov er ute på høyring i desse dagar. Her står det mykje om utfordringane i det digitale klasserommet – også det som gjeld manglande tilbod for nynorskelevane. Men når det kjem til konkrete framlegg for å sikre dei språklege rettane til desse elevane, er utkastet ikkje godt nok. Her trengst det ein sterkare og meir eintydig lovtekst.

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa har levert ein høyringsuttale med desse hovudpoenga:
• Definisjonane av læremiddel og læringsressursar må vere tilpassa dagens bruk av digitale plattformer og læringsverktøy i undervisinga.
• Kravet om parallellversjonar for læremiddel må ikkje innehalde smotthol som undergrev nynorskelevane sine språklege rettar.
• Dagens desentraliserte ordning for innkjøp og bruk av læremiddel og læringsressursar er prega av ansvarspulverisering og ansvarsfråskriving. Sentrale utdanningsstyresmakter må føre tettare tilsyn med at lover og læreplanar blir følgde.

Det er ein tydeleg tendens at dei som utviklar læremiddel, no utnyttar skilnaden mellom «læremiddel» og «læringsressursar» til å omgå parallellitetskravet. Dette må lovteksten forhindre ved å inkludere «læringsressursar og læringsplattformer utvikla til bruk i skolen» i den aktuelle lovparagrafen. Dette tillèt at ein som før kan bruke bakgrunns- og kjeldestoff på både bokmål og nynorsk, men gjer at dei ressursane og læringsplattformene som er spesifikt utvikla av læremiddelprodusentar for bruk i skulen, må finnast på båe skriftspråk til same tid og pris.

Torgeir Parr Dimmen
Senterleiar Nynorsksenteret
Høgskulen i Volda

Det er også viktig at vi får ei lovformulering utan smotthol. Særleg formuleringa «så langt råd er» – som er nytta i lovutkastet – er ubrukeleg som kriterium for å oppnå reell endring på dette området.

Covid-19-pandemien førte til ein eksplosjon i teknologiutviklinga i skulen, då skular over heile verda over natta skulle legge om til fjernundervising. Dette arbeidet vart leia av dei amerikanske teknologigigantane, som i praksis er umoglege å kome unna for norske skular i dag. Å la dei avgjere sjølve kva som blir tilrettelagt for nynorske brukarar, vil vere det same som å akseptere at lite eller ingenting skjer.

For å sikre nynorskelevane sine sjølvsagde språklege rettar trengst difor formuleringar i lova som gjer det ulovleg for alle å bruke skriveprogram, læringsplattformer og verktøy for skrive- og lesestøtte som ikkje er tilgjengelege både på bokmål og nynorsk. Dette vil føre til at teknologiprodusentane blir nøydde til å føre inn støtte for nynorsk i skriveprogramma sine for å ikkje risikere å miste heile den norske skulemarknaden.

Eit poeng her er at skjerpa krav om digitalt skjerminnhald på nynorsk er viktig ikkje berre for elevar i nynorskområde, men også i sidemålsopplæringa for bokmålselevane.

I tillegg til klare krav trengst tyngre involvering frå sentralt hald.

Lovteksten, slik han er framlagd, vil i praksis bety at kampen for betre nynorsktilbod frå dei store teknologiprodusentane blir overlate til lokale lærarar og skuleeigarar. Dei har mange omsyn å ta når dei skal prioritere innkjøp og bruk av undervisingsressursar. Språkleg kvalitet er berre eitt av mange kriterium. Det skal nok mykje til at lærarar vel vekk ein elles god ressurs fordi han ikkje finst i nynorsk parallellversjon. I alle fall i bokmålsområde. Truleg også på mange nynorskskular.

Lokale aktørar har sjølvsagt heller ikkje same marknadsmakta som sentrale styresmakter i kampen for å utvikle likeverdige nynorsktilbod på dei digitale plattformene.

Det overordna nasjonale ansvaret for tilgang på eit likeverdig tilbod av kvalitetssikra læremiddel og læringsressursar til alle elevar i Noreg kan ikkje overlatast til grasrota – med tilvising til fine formuleringar i læreplanen. Her må departement og direktorat inn med mykje tettare tilsyn og oppfølging, slik at opplæringslova og læreplanane blir følgde.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...