Heim Blogg Side 24

Ottar Grepstad: Med språklova i hende

0

Innleiing på landstinget i Landssamanslutninga av nynorskkommunar på Stord.

Medan nyttårsrakettar og naudbluss dalar og lenge før nyttårskonserten vaknar nordmenn i 2022 opp i eit Noreg med ei ny lov om språk. I denne korte invitten til å drøfte meininga med livet og lova stoppar eg fem stader.

Eg peikar på mål som blei borte, prosess med mange utkast, dei viktige paragrafane for nynorskkommunane, status for lov og språk, og tiltak frå kommunar og fylkeskommunar.

Manuskriptet var ferdig før valdagen, og synspunkta er difor uavhengige av valresultatet. Eg har tenkt å vere såpass tydeleg at poenga når fram til bakarste benk.

Mål som blei borte

I 2009 drøfta Stortinget stortingsmeldinga Mål og meining om ein heilskapleg språkpolitikk som regjeringa Stoltenberg hadde lagt fram året før. For norsk språk samla parlamentet seg då om tre hovudmål:

1. Norsk – nynorsk og bokmål – skal sikrast som det overordna fellesspråket for alle i Noreg.

2. Norsk skal vere det samfunnsberande språket i landet, brukt til administrasjon og samfunnsdebatt, som held storsamfunnet saman og gir det identitet.

3. Norsk skal vere eit mest mogleg fullverdig eller komplett språk som kan brukast på alle samfunnsområde, og som har den statusen som trengst for dette.
Språklova byggjer på desse måla. I dei programma partia gjekk til val på for åra 2021–25, er dei knapt å finne 1. Ingen parti snakkar om fellesspråk, berre Arbeidarpartiet og Venstre har sett samfunnsberande på papiret, og Arbeidarpartiet er åleine om målet om to fullverdige norske språk. I den grad partia og politikarane har mål og meining i eigen språkpolitikk, skriv det seg mest frå av den velkjende innfallsmetoden.

Prosess med mange utkast

Etter språklover i 1930 og 1980 vedtok Odelstinget i mars 2021 ei tredje og utvida språklov. Under skiftande regjeringar hadde embetsverket i Kulturdepartementet då arbeidd med ei slik lov.

Eit første, komplett og ambisiøst framlegg til språklov låg føre i august 2013, men dette blei aldri behandla på noko politisk nivå i regjeringa Stoltenberg.
Regjeringa Solberg tok til på arbeidet med ei ny språklov seint i 2014. Då skulle lova ikkje utløyse nye språklege rettar for innbyggjarane. Det er uklart kor langt dette arbeidet kom.

Som ny kulturminister i 2018 tok Trine Skei Grande raskt til på lovarbeidet. Alt i august 2019 var eit framlegg ute på høyring før regjeringa Solberg la fram endeleg forslag i mai 2020.

Tre ganske ulike utkast til ei ny lov under fem kulturministrar på sju år er sjeldan kost. Det vil seie at sentrale medarbeidarar i staten har tenkt mykje på saka i lang tid, medan ein del av dei politikarane som har vore involverte over tid, alt er ute or språklovsoga.

Høyringsprosessar er meir enn politisk-administrative pliktløp. Arbeidet med høyringsfråsegner kan gi mykje innsikt i eit saksfelt som ein kjenner meir eller mindre til frå før.

Dette høvet nytta altfor få nynorskkommunar. Av 113 høyringsfråsegner med merknader hausten 2019 kom 3 frå fylkeskommunar og 5 frå kommunar som er med i LNK.2 Av dei 11 kommunane og fylkeskommunane som då hadde vore kåra til Årets nynorskkommune, sende berre 4 høyringsfråsegner.3 At LNK sende fråsegn, var nok eit argument for at mange ikkje gjorde noko sjølve. Det burde det ikkje ha vore.

Dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Måla frå 2009 er altså utgangspunktet for den nye språklova. Det er i seg sjølv nok til at ein gjennomsnittleg ordførar i ein gjennomsnittleg kommune må kunne ta dei på strak arm.

Lova er meir detaljert enn mållova av 1980, men dekkjer også mange fleire grupper av språkbrukarar enn gamlelova. Mellom dei 22 paragrafane bør LNK-kommunane særleg merke seg fem.

For første gong er offentleg forvaltning lovpålagt å særbehandle nynorskbrukarane positivt, i § 1 omtalt som «eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket». Dette inneber også at prinsippet nynorsk er bygt inn i lova. I språkmeldinga var dette omtalt som «at omsynet til nynorsk alltid skal vurderast eksplisitt når spørsmål som vedkjem norsk språk, blir tematisert». 4

Før denne lova var nynorsk og bokmål berre formelt jamstilte språk i offentleg forvaltning og skule. Med § 4 får bruk av nynorsk ein rettsleg likeverdig status med bokmål både i det offentlege og i alle andre delar av samfunnet. Lova dekkjer all språkbruk i offentleg og privat sektor. Difor kan ingen kommune oversjå språklova.

§ 9 speglar den politiske tyngda som etter kvart er lagt i arbeidet for klart og korrekt språk. Her har kommunar og fylkeskommunar mykje ugjort. Gjennom kursa sine har LNK ganske konsekvent halde fast ved samanhengar mellom det å bruke nynorsk og det å ordleggje seg klart. Med språklova blir dette sambandet stadfesta og framheva.
«Offentlege organ skal følgje den offisielle rettskrivinga for bokmål og nynorsk», heiter det i § 10. Dette gjeld både kommunar, fylkeskommunar og organ som desse eig.

Fylkeskommunane må vere klare over at kvar borgar no har ein lovfesta rett i § 15 til å få ymse brev, dokument og svar på sitt eige språk. Det gjer dette forvaltningsnivået til tospråksmiljø med krav om nok kunnskap til å skrive gode, klare dokument på korrekt nynorsk og bokmål. I fylkeskommunane med nynorsk administrasjonsspråk må ein vere veldig tydelege om kva det inneber for at nynorsk skal bli verande grunnlaget.

Etter § 16 skal kvart einaste statsorgan meistre å skrive både nynorsk og bokmål. I gamlelova var dette eit lovfesta krav til tilsette, medan krava til organa berre stod i forskrifta. No er krava til organa lovfesta, og eit statsorgan har høve til – men pliktar ikkje – å påleggje tilsette slik kompetanse. Her må kommunane følgje opp eigne krav til staten.

Forskriftene til dagens mållov blir førte vidare med mindre dei strir imot språklova. Der er ingen generell heimel for forskrift i den nye lova. Det ein ønskjer å oppnå for nynorskbrukarar, må såleis etablerast gjennom praksis. Reell status må delvis kome i staden for formell regulering.

Svein Olav B. Langåker leia samtalen med Ottar Grepstad, Hege Lothe (SV), Liv Kari Eskeland (H) og Sara Hamre Sekkingstad.

Status gjennom praksis

Kva som gjer at språk får ulik sosial og kulturell status, femner om faktorar som sjeldan kan lovfestast. Det vil likevel ikkje seie at ei lov ikkje kan påverke status. Eitt av rammevilkåra for nynorskbrukarane er korleis lova blir brukt, og kva status lova får over tid.

Ei lov i seg sjølv endrar ikkje all verda, sjølv om røykjelova har vist at det sanneleg kan skje. Språklova blir så viktig som brukarane gjer lova til. Dette var den beste språklova ein kunne få no. Då gjeld det å gjere språklova av 2021 viktigare enn mållova av 1980.

Sosialt og kulturelt har dei aller fleste nynorskbrukarane vore knytt til miljø, klassar, område med lågare status enn dei med mest sosial og økonomisk definisjonsmakt. I det meste av det 20. hundreåret var målrørsla og andre nynorskmiljø meir opptekne av å peike på brot på mållova enn å støtte dei som faktisk gjorde som Stortinget hadde føresett. Saman med presset frå bokmålsmiljø som ikkje aksepterte at dei var ein del av eit tospråkleg samfunn, svekte desse statusen for lova.

Denne fella må verken nynorskkommunar eller andre gå i etter 2021.

Oppfølging for endring

Dei direkte pliktene og rettane for kommunane er få, medan noko meir gjeld for fylkeskommunane. I oppfølginga av språklova peikar fem tiltak seg ut.

Språklova regulerer svært lite av det kommunane driv med. I det minste bør kommunane merke seg den intensjonen som ligg til grunn om språklege rettar for kvar innbyggjar i § 15. I det statlege Kontakt- og reservasjonsregisteret finn kommunane informasjon om kva språk innbyggjarane ønskjer. Staten pliktar å følgje det ønsket. Kommunane gjer klokt i å gjere det same. Det vil seie at kvar kommunane må syte for at avdelgane meistrar både nynorsk og bokmål.

Som før bestemmer kvar kommune over staten i spørsmålet om kva for eit av dei norske skriftspråka staten skal bruke til kommunen. Ordlyden i § 11 inneber at det ikkje lenger er lovfesta at det er kommunestyret som gjer slike vedtak. Her bør kvar kommune føre vidare regelen om at språkvedtak er det kommunestyret som gjer, ikkje administrasjonen. Kommunane kan på denne måten markere at så viktig er faktisk språk og språklov at kommunestyret avgjer utan delegert mynde.

§ 12–14 handlar om krav til sentrale og regionale statsorgan. Somt er velkjent, somt er nytt. Her bør nok LNK hjelpe kommunane med klare råd og retningslinjer om kva kommunane må vere merksame på.

Språkrettar kan stå på spel fleire stader enn i språklova. Det gjekk både meg og andre hus forbi at Stortinget hausten 2020 vedtok ei lov om integrering som gjeld frå 1. januar 2021.5 Der står det mykje om språklege rettar og plikter for innvandrarar, men språket norsk er uspesifisert, og dermed blir nynorsk usynleg.
For kommunane er opplæringslova særleg viktig. Ut frå intensjonane i språklova gjer kommunane no klokt i å rydde kraftig opp i arbeidet med innkjøp av digitale og andre læremiddel, programvare til skular og administrasjon, og ta konsekvensen av at ordbøker og ordlister faktisk skal vere godkjende av Språkrådet.

Like frå 1892 har innbyggjarane hatt rett til å seie sitt i lokale, rådgivande folkerøystingar om opplæringsspråk i skulen. Begge dei utvala som i 1995 og 2019 la fram forslag til ny opplæringslov, ville fjerne denne retten og gi den til kommunestyret.6 Det ville også KS, men ikkje regjeringa Solberg i høyringsframlegget.7 Gå berre ut frå at spørsmålet dukkar opp att. Difor bør ein skokk LNK-kommunar i høyringa om ny opplæringslov seie tydeleg frå før høyringsfristen 20. desember 2021 om at innbyggjarane deira skal ha den same retten som før til å påverke norsk språkpolitikk nedanfrå.

Open inngang

Frå no av er det altså tre ord som både riks- og lokalpolitikarar og tilsette i offentleg forvaltning bør ta på strak arm: fellesspråk, samfunnsberande og fullverdig. Desse orda bør vere like sjølvsagde som meter, kohort og karantene er blitt.
Språklova femner om så mykje at det vil ta tid for både LNK og andre å gripe tak i alt som må gjerast frå og med 2022. Det meste er ikkje gjort ved at språklova er vedteken. Tvert om, også for kommunane og fylkeskommunane er det meste ugjort. Eg ønskjer inderleg lykke til!

Kjelder:

1 Ottar Grepstad: På parti med språket? Språkpolitikk i norske partiprogram 1906–2025, Volda 2021, s. 15 ff.

2 Rogaland fylkeskommune, Telemark fylkeskommune, Vestland fylkeskommune, Fjell kommune, Gloppen kommune, Sveio kommune, Vinje kommune og Ålesund kommune.

3 Fjell kommune, Sveio kommune, Vinje kommune og Ålesund kommune.

4 St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining, Oslo 2008, s. 212.

5 Prop. 89 L (2019–2020) Lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringsloven) og Innst. 389 L (2019–2020), vedteken i Odelstinget 13.10.2020.

6 NOU 2019: 23 Ny opplæringslov, Oslo 2019, s. 384 ff.

7 Kunnskapsdepartementet: Høringsnotat. Forslag til ny opplæringslov og endringer i friskoleloven, Oslo 26. august 2021, s. 89–93.

Sjå videoopptak frå innleiinga og samtalen på landstinget! (første del av innleiinga kom dessverre ikkje med)

LNK vil ha betre opplæringslov for å sikre nynorske digitale læremiddel

0

Ei ny opplæringslov må bli mykje tydelegare for å sikre nynorskelevane ein digital skulekvardag på nynorsk. Det kjem det fram i ei samrøystes fråsegn frå landstinget til LNK Nynorskkommunane.

I den nye opplæringslova som regjeringa nyleg har sendt på høyring, blir det ikkje gjort nok for å sikre ein digital kvardag på nynorsk for nynorskelevane.

I februar i år skreiv 108 ordførarar under på eit opprop med krav om å få nynorskversjon av Google si programvare som vert brukt i skulen. Førebels kan vi ikkje sjå at kravet kan bli innfridd, heiter det i fråsegna som blei fremja av Vibeke Johnsen, varaordførar i Sogndal kommune.

Ikkje stram nok

I forslaget til ny opplæringslov forsøker regjeringa å sikre tilgangen på skriveprogram som stør nynorsk, men legg inn atterhaldet om at det berre skal kjøpast inn «så langt som råd».

– Framlegget til opplæringslov strammar ikkje godt nok inn definisjonen av eit læremiddel. Dermed er framleis like mange digitale læremiddel i ei gråsone, og praksisen med å tilby bokmålsversjonar til nynorskelevar kan halde fram, heiter det i fråsegna.

Ifølgje fleire undersøkingar LNK og Framtida.no har gjennomført, er det svært stort behov for fleire digitale læremiddel og læringsressursar på nynorsk. Fleire læremiddel kjem også for seint nynorsk.

Set kommunane i vanskeleg situasjon

Det nye lovforslaget set skuleeigarane og kommunane i ein vanskeleg situasjon som innkjøparar med uklare reglar å halde seg til. Dette er det fort nynorskelevane som taper på.

– Ei ny opplæringslov må difor vere klokkeklar i kravet til læremiddel og læringsverktøyprodusentane. Skal dei få innpass i skulen, må dei levere produkt på både nynorsk og bokmål. 

LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setje tydelege krav til ei ny opplæringslov i den pågåande høyringsrunden. 

Mange elevar ventar på nynorskbøkene – i år igjen

0

Noregs Mållag anslår at rundt 3.500 elevar på kvart kull av påbygg og studiespesialiserande har nynorsk som hovudmål og blir ramma av forseinkingar av pensumbøker på nynorsk.

Ein av dei er Lars Rydland Sæbø ved Kvitsund Gymnas i Vest-Telemark. For andre året på rad startar han skuleåret utan pensumbøkene han har krav på. Førebels har vidaregåandeeleven fått tre bøker på nynorsk dette semesteret.

– Det hadde vore mykje enklare å berre bruke bokmål, og å gløyme nynorsken. Men samtidig er det nynorsken eg har vakse opp med. Då har du lyst til å behalde språket likevel, seier Sæbø til NRK.

Han har aldri seriøst vurdert å gi slepp på nynorsk som skriftspråk.

– Ei kjent problemstilling

Live Havro Bjørnstad i Noregs Mållag seier til kanalen at mange unge er i same situasjon som Sæbø.

– Dette er ei kjent problemstilling som vi møter kvart einaste år.

Både Mållaget og Sæbøs erfaringar står i kontrast til Opplæringslova, som seier at elevar i grunnskulen har rett på læremiddel på ønskt målform.

Kva som skal kjøpast inn av læremiddel, er opp til fylkeskommunen og skulen. Dei må passe på at opplæringslova vert følgd.

– Dersom det er riktig at eleven ikkje får læremiddel på målforma si, betyr det at det er eit brot på opplæringslova, seier statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Anja Johansen (V) til NRK. Ho oppfordrar fylkeskommunane til å følgje opp dette.


Ål kåra til Noregs kulturkommune

0

Ål kommune vart under Arendalsuka utropt til Noregs kulturkommune 2021.

Kommunen vann fram i konkurranse med Bergen, Hammerfest og Kristiansund. Det er Norsk Kulturforum som deler ut prisen.

Juryen skriv i grunngivinga si at Ål har ein godt forankra, strategisk, langsiktig og systematisk kulturpolitikk.

– Økonomisk har kommunen vore villige til å satse på kultur, og planverket viser at dette òg vil skje i åra som kjem. Etter meininga til juryen er det eit svært godt og sterkt kulturliv i kommunen, skriv dei.

Dei trekkjer fram satsinga til kommunen på lokale kulturtradisjonar.

– Og dei kombinerer det på ein utmerkt måte med det ibuande ønske til unge om fornying – spesielt gjennom dans. Kommunen har til og med eit nasjonalt og internasjonalt mandat for å fremje både lokale og nasjonale dansetradisjonar, skriv juryen.

Juryen bestod av leiar Kristin Ørmen Johnsen (H) i familie- og kulturkomiteen på Stortinget, leiar i KS Bjørn Arild Gram og styreleiar Tor Helge R. Moen i Norsk Kulturforum. (©NPK)

SV krev betre nynorskopplæring i lærarutdanningane

Fleire undersøkingar viser at lærarstudentar får altfor lite undervisning i nynorsk gjennom utdanninga si. No vil SV endra på dette.

– Me må sikra at lærarutdanningane gjev tilstrekkeleg kompetanse til dei som skal undervisa i nynorsk som hovudmål og sidemål, seier Hege Lothe til Framtida.no.

Ho er leiar for Vestland SV og 1. kandidat for SV i Sogn og Fjordane.

Lothe viser til fleire undersøkingar som viser at grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. og 5.-10. klasse i tillegg til lektorutdanninga for 8.-13. klasse i liten grad førebur lærarane på å undervisa i nynorsk.

– Må gjera lærarstudentane trygge i nynorsk

Lærar og masterstudent Silje Høgelid (26) er 6. kandidat for SV i Sogn og Fjordane, og har erfaring med at nynorsk får liten plass ved lærarutdanningane i dag. Ho tar no statsvitskap ved Universitetet i Bergen, og har tidlegare gått på lektorprogrammet ved Universitetet i Oslo.

– Det blir rekna med at ein kan nynorsk på førehand, sjølv om mange ikkje kan det. Derfor meiner eg det er viktig at lærarutdanningane tar ansvar for å gjera studentane trygge i nynorsk, seier Høgelid på telefon til Framtida.no.

Silje Høgelid (26) frå Høyanger er 6. kandidat for SV i Sogn og Fjordane og lærar og mastergradstudent. Foto: Privat

Ho understrekar at lærarstudentane treng å læra nynorsk over tid.

– Om ein tar 180 studiepoeng i norsk, så nyttar det ikkje at nynorsk er ein liten del av eit fag på 10 studiepoeng. Skal du læra nynorsk godt, krevst det meir enn berre grammatikkundervisning, understrekar ho.

Hege Lothe er førstekandidat for SV i Sogn og Fjordane. Foto: Jo Straube / Sosialistisk Venstreparti

Nynorsk i fleire fag

Høgelid og Lothe ønskjer at lærarstudentane bør bruka nynorsk i fleire fag enn norsk for å bli skikkeleg gode i språket.

– Ein lærarstudent må få opplæring i korleis ein gjev god sidemålsundervisning og hovudmålsundervisning i nynorsk. Og lærarstudentane må læra om og ha forståing for kvifor me har to offisielle norske språk, og kvifor alle elevane i Noreg skal ha ei skikkeleg opplæring i begge språka, seier Hege Lothe.

Pilotprosjekt i Sogndal

SV føreslår at norskfaggruppa ved Høgskulen på Vestland i Sogndal bør få eit oppdrag og midlar til å utvikla ein «nynorsk i lærarutdanninga-pilot» med undervisning og testing for å sikra lærarstudentane kompetanse i å undervisa nynorsk som hovudmål og sidemål.

– Målet med pilotprosjektet er at det blir rulla ut på alle lærarutdanningane i Noreg, seier Hege Lothe.


Godt å møtast til festspel igjen

Festspelpublikummet i Ørsta og Volda fekk høyre og sjå programpostar med både Hallstein Bronskimlet, bibelspråk, konspirasjonsteoriar, frisk popmusikk og eksperimentell tango.

Trass færre arrangement har festivalen halde på breidda i innhald og uttrykk.

– Det har vore spennande å planleggje festival medan det framleis er pandemi, men vi er godt nøgde med gjennomføringa, seier arenaleiar Olav Øyehaug Opsvik om Festspela 2021, som gjekk av stabelen 10.–13. juni.

– Det førebelse publikumstalet er 1880, og innanfor dei gjeldande rammene er vi godt nøgde med dei tala. Der var få ledige sete på dei fleste arrangementa, seier Opsvik i ei pressemelding.

Diktvandring: Festspeldiktar Sigmund Løvåsen og diktar Anna Kleiva tok med seg publikum på diktvandring i Romedalen. Foto: Nynorsk kultursentrum

Festspeldiktar Sigmund Løvåsen har formidla ei stor breidde av sin eigen forfattarskap gjennom sceneframføringar, samtalar og lesingar – mellom anna ei spenstig økt i friskt vêr i Romedalen.

– Det har vore ei stor ære og ein fest å vere festspeldiktar, og eg vil takke alle frivillige, tilsette ved Aasentunet, dei som kokte kaffi, dei som spritvaska stolar, eit interessert, lyttande og lesande publikum, dei som køyrde oss hit og dit, og dei som gav oss lyd og mat. Takk! Proft gjennomført, godt program. Gode minne for livet, seier festspeldiktar Løvåsen.

På Studenthuset Rokken skapte Sunnmøre Baarelag og Synne Vo vill jubel, og på Ørsta kulturhus blei det sterke opplevingar med mellom anna teater og tingingsverk av festspeldiktaren.

– På grunn av restriksjonane har vi hatt endå meir samarbeid med desse scenene enn tidlegare år, og vi set stor pris på det vi har fått til saman, seier Opsvik.

Mange gjester trekte fram at det var godt å endeleg få møtast igjen og få påfyll gjennom spennande litterære og musikalske opplevingar, danseframsyningar, kunstutstilling og kveldar som blei runda av på Målbar ved «festivalhotellet» Møre folkehøgskule.

På avslutningsdagen kunne publikum mellom anna lære meir om bibelomsetjing i høve hundreårsjubileet til den første nynorskbibelen. Under Ivar Aasen-stemnet inviterte arenaleiar Opsvik tilbake til ny festival 9.–12. juni 2022, og Festspela kjem snart med meir informasjon om neste års festspeldiktar.

Med berre nevane: Festspeldiktar Sigmund Løvåsen og forfattar Siri Helle i samtale med Anders Totland om kroppsarbeid og jordbruk, med utgangspunkt i både dikting og sakprosa. Foto: Nynorsk kultursentrum

Tydde til sivil ulydnad etter manglande nynorsk i Heimevernet

0

Etter ni år med førespurnader om korrespondanse på nynorsk, rann begeret over for heimevernsoldat Erlend Trones (40).

Då innkallinga til heimevernsøving i februar i år igjen blei send til han på bokmål, svarte Erlend Trones med sivil ulydnad – han droppa å svare. Soldatar i Heimevernet er pliktige til å svare og møte når dei blir innkalla.

Trones fortel til VG, som omtalte saka først, at han på dette tidspunktet i ein niårsperiode hadde prøvd alt frå høflege brev, klagar og involvering av Spåkrådet.

– Eg synest det er veldig rart å måtte gå så langt, for eg er vanlegvis ein som respekterer lova, så det følest veldig framand å ikkje gjere det eg får beskjed om, men det har ikkje dei gjort heller, sier han til avisa.

Mållova er klar

Privatpersonar har ifølgje mållova rett til å krevje føretrekt målform i kommunikasjonen med statsorgan, og Forsvaret fell under denne kategorien. I tillegg skal skjema vere tilgjengelege på begge målformer.

Til VG viser Trones òg til at statsorgan som vender seg til et avgrensa område, skal nytte målforma til fleirtalet. Bergenshus heimeverndistrikt, som soldaten frå Ullensvang høyrer til, dekkjer i stor grad Vestland fylke, der nynorsk er dominerande.

«Vi tek svært alvorlig på denne saka. Vi ser ingen vilje til endring hjå Forsvaret eller Forsvarsdepartementet, snarare det motsette,» skriv direktør i Språkrådet Åse Wetås i eit brev til Forsvarsdepartementet som VG har fått innsyn i.

– Her har Forsvaret brukt ti år på ei sak som dei har plikt til å løyse raskt og som dei kunne løyst raskt viss dei hadde vilje til det. Vi ser ikke vilje til å følgje lova her, seier språkdirektøren til avisa.

Språkdirektør Åse Wetås meiner Forsvarsdepartementet eller Forsvaret ikkje praktiserer den språkpolitikken som er vedteken av Stortinget. Foto: Språkrådet

Forsvaret arbeider med ei løysing

Forsvaret erkjenner at Trones har rett, og at mållova gjeld også i Forsvaret.

Oberstløytnant Per Gunnar Grosberghaugen, kommunikasjonssjef i Heimevernet, uttalar til VG at dei tekniske løysingane i Forsvaret ikkje støttar innkallingsskriv i begge målformer. Forsvarsdepartementet opplyser til avisa at dei arbeider med ei løysing, slik at mållova vert etterlevd også i forsvarssektoren.

For Erlend Trones enda det med at han i slutten av april blei ringt opp av Militærpolitiet, med beskjed om at han måtte svare.

Det gjorde han til slutt ved å sende dei ein e-post, sjølvsagt på nynorsk, om at han ville møte.


Nynorsk litteraturpris til Tore Renberg: – Kan få lesarane i den nye tida til å elska litteratur

Tore Renberg får Nynorsk litteraturpris 2020 for romanen «Tollak til Ingeborg».

– Det har vore forløysande for meg å vera ein tospråkleg forfattar. Utan nynorsk hadde truleg ikkje Tollak til Ingeborg blitt til, sa prisvinnaren under utdelinga på Garborgsenteret på Bryne tysdag 1. juni.

Omslag: Cappelen Damm

Nynorsk litteraturpris er på 30.000 kroner, og har vore delt ut sidan 1982 av Noregs Mållag, Det Norske Teatret og Samlaget. Det er fyrste gong Tore Renberg, som har skrive dei fleste av romanane sine på bokmål, får prisen.

– Ei sterk historie

Juryen skriv at boka «er ei sterk historie som også kan få lesarane i den nye tida til å elske litteratur». Heming Helland Gujord, Carl Morten Amundsen og Marta Norheim har vore jury i år.

Framtida.no sin meldar skreiv i fjor haust at Tollak til Ingeborg er eit glimrande portrett av ein mann som skil seg ut frå mengda, og kalla romanen «ein moderne klassikar».


På jakt etter føregangskommunar på lokaldemokrati

0

Kommunar over heile landet er oppfordra til å søkje om å bli føregangskommune innan lokaldemokrati.

– Dette er ikkje ein konkurranse om å vere best på lokaldemokrati, men ei moglegheit til å vise fram korleis ein utviklar lokaldemokratiet på ulike måtar tilpassa ulike lokalsamfunn, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup i ei pressemelding.

Invitasjonen til å delta i lokaldemokratiprosjektet gjekk ut til kommunane i førre veke, og fleire har allereie meldt si interesse. Søknadsfrist er 6. august.

Det er stor variasjon i korleis kommunane har valt å organisere det politiske arbeidet og korleis dei jobbar med å vidareutvikle lokaldemokratiet.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal velje ut om lag åtte kommunar som har utvikla lokaldemokratiet på ein god måte som gjer det meiningsfullt å delta i lokalpolitiske prosessar. Målet er at andre kommunar skal bli inspirert og lære av føregangskommunane.

Føregangskommunane vil få midlar til å vidareutvikle lokaldemokratiet sitt i ein toårsperiode, frå hausten 2021 til sommaren 2023. Kommunane skal følgjast av eit forskingsteam, som skal evaluere og dokumentere korleis dei jobbar med lokaldemokratiet. (©NPK)

Sjå invitasjonsbrevet her! Søknadsfrist 6. august.

Fem utvalde blir nynorske pilotbibliotek

Nynorsk kultursentrum har valt ut fem kandidatar til å vere nynorske pilotbibliotek i 2021–2023. Satsinga skal gjere nynorsk kultur og litteratur meir synleg sør og aust i Noreg.

Gjennom den nye satsinga med nynorske pilotbibliotek skal Nynorsk kultursentrum og biblioteka samarbeide for å styrkje kunnskapen om nynorskformidling. Nynorsk kultursentrum fekk inn 24 søknader frå skule- og folkebibliotek i kommunar med nynorskelevar: tre frå Agder, tre frå Viken, seks frå Innlandet og tolv frå Rogaland.

Desse fem biblioteka er utvalde som nynorske pilotbibliotek:

– Innlandet: Lom folkebibliotek
– Rogaland: Sandnes bibliotek
– Rogaland: Skulebiblioteket ved Skeisvang videregående skole
– Viken: Hemsedal bibliotek
– Agder: Hægebostad og Eiken bibliotek

– Vi fekk inn gode søknader, og det var vanskeleg å velje. Vi gler oss over at så mange bibliotek er engasjerte i formidling av nynorsk kultur og litteratur. Vi har lagt vekt på å velje bibliotek som har levert sterke søknader, som er motiverte, og som ser ut til å ha kapasitet til å delta i aktivitetane det er lagt opp til. Desse omsyna har vi vege mot eit ønske om å ha med både bygder og byar, seier Tone Slenes, avdelingsleiar for nynorsk skriftkultur i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Eit av måla med satsinga er å gjere nynorsk synlegare for barn og vaksne i nedslagsfelta til dei utvalde biblioteka.

– Nynorsk kultursentrum vil vere med på å styrkje den nynorske sjølvtilliten i områda saman med lokale folkebibliotek og skulebibliotek. Saman kan vi fremje nynorsken og det språklege mangfaldet i landet vårt, seier Slenes.

Dei fem pilotbiblioteka får kvart år tilbod om tre arrangement, to utstillingar, føredrag og ei årleg formidlingssamling for bibliotekarar. Nynorsk kultursentrum vil lage eit brukarpanel saman med biblioteka for å få tilbakemeldingar og idear til utstillingar og arrangement.

Nynorsk kultursentrum har fast verksemd i Aasentunet i Ørsta, på Haugesenteret i Ulvik og på Vinjesenteret i Vinje. Stiftinga driv fleire nettstader og reiser kvart år rundt i 50–100 kommunar med utstillingar, arrangement og turnear.

Siri Kleiven Strøm og Arill Riise i TV 2 får nynorskprisen for journalistar

0

Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar går i år til nyheitsankera Siri Kleiven Strøm og Arill Riise i TV 2.

Nyheitsankera Siri Kleiven Strøm og Arill Riise i TV 2 trudde dei skulle på eit møte om stortingsvalet, då juryen for Kulturdepartementets nynorskpris overraska dei i kaffikroken i lokala til TV 2 i Bergen på torsdag, heiter det i ei pressemelding.

– Jobbar hardt med språk

– Tusen, tusen takk for ein så høgthengande pris. Det er enormt stort, for eg jobbar jo hardt med språk, og nynorsk er så sterkt knytt til identiteten min. Eg kjenner at eg nesten er på gråten, sa Siri Kleiven Strøm, til juryen.

– Eg blir nesten litt på gråten, eg og. Eg er glad for at TV 2 får denne prisen no, det er jo vi som har det munnlege talemålet og flest nyhendeanker som brukar nynorsk. Eg kjenner at eg blir fantastisk stolt. Det er ei ære, sa Arill Riise.

TV 2 vil oppmuntre til bruk av begge målformer

Årets pristildeling er ei anerkjenning av det viktige arbeidet prisvinnarane gjer, og det er òg ei påminning til TV2 om å vere medvitne den viktige rolla dei som allmennkringkastar speler i den norske tospråksstoda, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

– Dette er ikkje minst ei påminning til TV 2 om at vi må halde i hevd og oppmuntre til bruk av begge målformene, sa TV 2-sjef Olav Sandnes.


Stillingsutlysing: Dagleg leiar for LNK

Landssamanslutninga av nynorskkommunar, LNK, er ein interesseorganisasjon for kommunar og fylkeskommunar med føremål å fremja nynorsk språk og kultur. Organisasjonen tek og på seg informasjons- og kulturfaglege oppgåver som set nynorsk språk inn i nye samanhengar. Ved sida av kursverksemda legg LNK særleg vekt på tilbod til barn og unge. Organisasjonen driv mellom anna Framtida.no, Framtidajunior.no, Magasinett.no, Pirion.no, Startsida.no og LNK.no. Organisasjonen har i dag åtte tilsette. Dagleg leiar går av med pensjon frå årsskiftet og vi søkjer hans etterfølgjar.

Dagleg leiar har det daglege ansvaret for drift og utvikling av organisasjonen. Han eller ho skal følgja opp medlemskommunane, og sjå til at styret og Landstinget sine vedtak vert gjennomførte. Dagleg leiar har ansvaret for å leggja til rette og utvikla LNK si kursverksemd.

Vi ønskjer ein dagleg leiar som:

• Identifiserer seg med saka og vil vera ein pådrivar internt og overfor kommunar og sentrale styresmakter

• Har interesse for språkpolitisk arbeid, og kunnskap om offentlege prosessar

• Har gode samarbeidsevner og kan skapa engasjement blant tilsette og medlemskommunar

• Har gjennomføringsevne og er oppteken av resultat

• Har utdanning frå høgskule/universitet

• Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Vi tilbyr:

• Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver

• Løn etter avtale

• God pensjonsordning

• Hovudkontor i Oslo, med mogelegheit for å jobba frå heimekontor

Meir informasjon finn du på LNK.no, og spørsmål om stillinga kan rettast til styreleiar Solfrid Borge, som har telefon 95243044.

Søknad må sendast til solfrid.borge@lofthus.no innan 20. juni 2021.