Heim Blogg Side 22

Bruk språklova konstruktivt – for ein ny giv i språkpolitikken

0

For første gong har Noreg no fått ei allmenn språklov, ei lov om språkets status og bruk i heile samfunnet, ikkje berre i det offentlege, skriv Ingvar Engen, tidlegare seniorrådgjevar i Kulturdepartementet.

Viktigast av alt det nye Stortinget har vedteke, er at norsk språk endeleg har fått eit lovfesta vern. Det er på høg tid. I mange andre land har fleirtalsspråket lenge hatt eit slikt legalt ankerfeste. Sverige fekk ei allmenn språklov i 2009, Island i 2011. Danmark har to lover om dansk språk. For norsk har vi lenge hatt lova om målbruk, men den regulerte berre tilhøvet mellom bokmål og nynorsk og gjaldt berre i det offentlege, i praksis mest i staten.

Gjev status

Den nye lova slår fast at norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Ei slik statusgjevande lovføresegn er normdannande. Ho inneber at norsk skal ha funksjonen som det fellesspråket alle må meistra for å kunna integrerast i samfunnet. Ho inneber også at norsk skal vera det føretrekte bruksspråket. Slik vil lova kunna førebyggja domenetap for norsk språk. For statusføresegna må sjåast i lys av lova sitt formål om å styrkja norsk som eit samfunnsberande språk som skal kunna nyttast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet.

At lova dermed famnar så mykje vidare enn den tidlegare mållova, betyr også at nynorsk no har fått ein rettsleg likeverdig status med bokmål ikkje berre i det offentlege, men i alle delar av samfunnet, ei svært viktig prinsippendring. Lova har også som formål å fremja likestilling mellom bokmål og nynorsk. Slik skal lova vera ei motvekt mot alt det som gjer at nynorsk har vanskelegare rammevilkår enn bokmål. I likestilling ligg mellom anna at lova skal verka i retning av ei jamnare bruksfordeling mellom bokmål og nynorsk i heile samfunnet.

Positiv særbehandling av nynorsken

Ei allmenn språklov rettar ein appell til alle språkbrukarar, private som offentlege. Men det er rimeleg å stilla ekstra krav til det offentlege. Derfor har lova eigne ansvarsreglar for offentlege organ. Dei har no fått eit lovfesta ansvar for å bruka, utvikla og styrkja bokmål og nynorsk, og eit særleg ansvar for å fremja nynorsk, det norske språket som i utgangspunktet er minst brukt. Det siste inneber ei positiv særbehandling av nynorsk. At dette prinsippet no er lovfesta, representerer eit viktig gjennomslag, som kan gi ekstra tyngd til arbeidet med å styrkja nynorsken si stilling.

Det er presisert i lovmerknadene at det offentlege sitt ansvar for å utvikla norsk språk stiller krav til språkleg kvalitet og til å sikra ein oppdatert norsk terminologi innanfor eige fagfelt. Slikt utviklingsarbeid vil også vera med på å styrkja språket. Språkstyrking var eit nøkkelord i språkmeldinga frå 2008, og premissane i proposisjonen byggjer i mangt og mykje vidare på denne meldinga. Eit sentralt prinsipp her er at alle departement har eit overordna språkpolitisk ansvar innanfor eigen sektor. Også dette sektorprinsippet har no fått eit rettsleg ankerfeste gjennom ansvarsreglane i språklova.

Urfolksspråk og minoritetsspråk

Det offentlege ansvaret, sektorprinsippet medrekna, gjeld også dei andre språka som til liks med norsk har historisk heimstadrett i Noreg. I lova blir alle desse innordna i eit felles system av nasjonale språk med offisiell status, med spesifikke statusnemningar som avspeglar at dei likevel har ulike funksjonar i det norske samfunnet. I tillegg til nasjonalt hovudspråk er det tre andre slike statuskategoriar. Samiske språk har fått status som urfolksspråk, kvensk, romani og romanes som nasjonale minoritetsspråk, og norsk teiknspråk har fått status som nasjonalt teiknspråk.

Ansvaret for samisk språk har frå før basis i sameparagrafen i Grunnlova, som også nemner kultur og samfunnsliv. Språkets status og bruk er nærmare regulert i samelova. Språklova stadfestar det offentlege ansvaret for samisk språk i ei tilsvarande føresegn som for norsk språk. Som samisk er kvensk, romani og romanes verna etter det europeiske sjarteret for regions- og minoritetsspråk, men no har offentlege organ fått eit lovfesta ansvar for å verna og fremja dei. Dette ansvaret omfattar også norsk teiknspråk, som ikkje har tilsvarande folkerettsvern. For norsk teiknspråk betyr derfor språklova eit ekstra langt steg framover.

Plikter for offentlege organ

I tillegg til dei allmenne ansvarsreglane har lova meir detaljerte pliktreglar om offentlege organ sin eigen språkbruk. Dei fleste regulerer forholdet mellom bokmål og nynorsk, kjem i staden for den omtalte mållova og har som siktemål dels å ta utvida omsyn til språkbrukarane, dels å gi auka bruk av nynorsk. Eit illustrerande døme er at fylkeskommunane no får plikter som før berre omfatta statsorgan. Alle må dei no svara private og kommunar i deira eige språk, mens nøytrale fylkeskommunar må veksla språk i allmenne dokument, slik at det blir ei rimeleg fordeling mellom bokmål og nynorsk.

Også for statsorgan er pliktene utvida. Ein ny klageregel gjer at private kan få personlege dokument utferda på nytt dersom dei ikkje har fått det i sitt eige språk. Kravet om at skjema skal finnast både på bokmål og nynorsk, gjeld no også digitale sjølvbeteningsløysingar. For regionale statsorgan som er språknøytrale, er det allmenne vekslingskravet supplert med kvotekrav slik at nynorskbruken skal auka. For sentrale statsorgan er heimelen for kvotekravet på minst 25 prosent av kvart språk flytta frå forskrift til lov, eit tydeleg signal om at regelen må handhevast strengare enn til no.

Her er realkompetanse i nynorsk ein nøkkelfaktor. Derfor er det no lovfesta at statsorgan og fylkeskommunar pliktar å byggja opp og halda ved like den skrivekompetansen som skal til for å kunna bruka nynorsk og bokmål etter reglane. Det legg ansvaret eintydig hos arbeidsgjevar, som ikkje kan slå seg til ro med eit lovfesta formalkrav retta mot dei tilsette. No er det i staden lovfesta at arbeidsgjevar har rett til å krevja at tilsette kan skriva både nynorsk og bokmål. Om ein tilsett blir friteken av arbeidsgjevar eller har rettsleg fritaksgrunn, er uansett ikkje organet friteke frå å følgja reglane i lova.

Offentlege selskap

Eit viktig framsteg er at også sjølvstendige rettssubjekt med offentleg fleirtal i styret i utgangspunktet er omfatta av språklova, og at dei med statleg styrefleirtal er omfatta av same krav til bruk av nynorsk og bokmål som gjeld for andre statsorgan. Dette gjeld likevel ikkje selskap som har til hovudoppgåve å driva næring i direkte konkurranse med og på same vilkår som private. Grensedraginga er den same som etter offentleglova. Men det kan gjerast unntak i forskrift, så ein bør følgja med på forskriftsarbeidet slik at unntaka ikkje blir så omfattande at det grev grunnen under lovkriteria.

Klarspråk og rettskriving

Nytt er det også at offentlege organ har fått lovfesta plikt til å kommunisera på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa. Det har også ein velferds- og demokratidimensjon. Gjennom den nye lova har elles offisiell rettskriving fått ei sterkare stilling. Frå før hadde staten ei instruksfesta plikt til å følgja rettskrivinga. No er plikta utvida til også å omfatta kommunar og fylkeskommunar. Det er lovfesta at alle statsorgan skal ha norske namn, at skrivemåten skal følgja offisiell rettskriving, og at Språkrådet skal gi råd om skrivemåte og namneskikk før namna blir fastsette.

Språkrådet

I tillegg har Språkrådet i lova fått eit generelt ansvar for å føra tilsyn med reglane om statleg språkbruk. Grunnlaget for dette tilsynet er styrkt ved at statsorgan har fått plikt til å gi rapportar og opplysningar. Språkrådet skal rettleia alle offentlege organ om alle reglane i lova, også dei allmenne ansvarsreglane. Lova slår elles fast at Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål. Dermed kan ikkje Språkrådet avviklast utan lovendring. Lova fastset også det som frå før går fram av vedtekter, at det er Språkrådet som forvaltar dei offisielle skriftnormalane i bokmål og nynorsk.

Lova er ikkje nødvendigvis perfekt slik ho er i dag, og har møtt kritikk frå dei som hadde ønskt seg meir, og frå den førre opposisjonen i Stortinget. Sjølv om ikkje all kritikken var like godt fundert, kan lova med fordel byggjast vidare ut. Uansett representerer den vedtekne lova ein historisk milepæl som utvidar og styrkjer det språkpolitiske rettsgrunnlaget. Det bør ikkje minst språkorganisasjonar og interesserte elles vita å utnytta, for lova blir ikkje viktigare enn vi gjer ho til. Derfor bør vi alle bruka lova konstruktivt og slik vera med og pressa på for ein ny giv i språkpolitikken.

Dette er eit samandrag av andre versjon av Analyse av språkloven, med forklaringer og kommentarer av Ingvar Engen, offentleggjort 7. januar 2022.

Departementet stiller tydelegare språkkrav til universiteta

0

Det er fleire språkkrav i tildelingsbreva frå Kunnskapsdepartemenet til universitet og høgskular for 2022. Gledeleg, meiner Språkrådet.

– Språkrådet har arbeidd langsiktig og målretta for å hjelpe institusjonane med å gjere gode og bevisste språkval. Vi veit at institusjonane har store oppgåver og må prioritere strengt. Difor er det svært viktig at det kjem språklege føringar i tildelingsbrevet frå departementet. Det gir eit tydeleg signal om at språk må prioriterast, og språk må inn i det overordna strategiarbeidet ved institusjonane, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet, til eiga nettside.

Her er nokre av krava Språkrådet meiner er verdt i merke seg:

* Institusjonane skal sørgje for at tilsette som treng det, får norskopplæring, og at norskkompetansen hjå dei tilsette er god nok til at norsk fagspråk blir ivareteke. Som hovudregel bør institusjonane krevje at tilsette skal beherske norsk innan to år etter tilsetting.

* Institusjonane må ha eigne språkstrategiar som skal vere tydeleg forankra i overordna strategiar.

* Alle bachelor- og masteroppgåver og ph.d.-avhandlingar som er skrivne på eit anna språk, skal ha eit samandrag på norsk.

* Universitet og høgskular skal etterleve språklova, og institusjonane skal oppfylle kravet om at begge skriftspråk skal vere representert med minst 25 prosent.

– Dersom vi misser det norske fagspråket, misser vi også evna til å diskutere viktige saker i samfunnet vårt. Det er ein trussel både mot demokratiet og mot norsk språk i seg sjølv. Difor synest eg det er gledeleg at Kunnskapsdepartementet tek eit sjølvstendig språkansvar, seier Wetås. (©NPK)

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er å styrkje norsk språk.

Her er nokre av hovudpunkta i språklova:

Særleg ansvar for nynorsk: For første gong er offentleg forvaltning lovpålagt å særbehandle nynorskbrukarane positivt, i § 1 omtalt som «eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket».

Likestilt på alle samfunnsområde: Med § 4 får bruk av nynorsk ein rettsleg likeverdig status med bokmål både i det offentlege og i alle andre delar av samfunnet. Lova dekkjer all språkbruk i offentleg og privat sektor. Ingen kommune kan oversjå språklova.

Klarspråk: «Offentlege organ skal kommunisere på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa», heiter det i § 9. Les meir om språkkursa til LNK!

Offisiell rettskriving: «Offentlege organ skal følgje den offisielle rettskrivinga for bokmål og nynorsk», heiter det i § 10. Dette gjeld både kommunar, fylkeskommunar og organ som desse eig.

Krev nynorsk: Ein kommune eller ein fylkeskommune kan sjølv vedta å krevje at statsorgan skal bruke berre bokmål eller nynorsk i all skriftleg kommunikasjon med kommunen eller fylkeskommunen, eller at kommunen eller fylkeskommunen skal vere språkleg nøytral. Sjå liste over språkvedtak her!

Nynorsk i regionale statsorgan: «Fleirtalsspråket i ein tenestekrins er det norske skriftspråket, anten bokmål eller nynorsk, som over halvparten av kommunane i ein tenestekrins gjer språkvedtak om etter § 11. Eit regionalt statsorgan skal bruke fleirtalsspråket i tenestekrinsen. Dersom det ikkje er noko fleirtalsspråk i ein tenestekrins, skal eit regionalt statsorgan reknast som språkleg nøytralt.»

Veksling mellom nynorsk og bokmål: Dersom kommunar i eit geografisk avgrensa område har eit fleirtalsspråk, skal statsorgan bruke dette språket i dokument som er retta mot desse kommunane. Det same gjeld når dokument har særleg tilknyting til eit slikt geografisk avgrensa område. Dersom eit dokument har særleg tilknyting til berre éin kommune, skal statsorgan følgje det språkvedtaket denne kommunen har gjort.

Nye reglar for fylkeskommunane: Fylkeskommunar som er språknøytrale, skal veksle mellom skriftspråka slik at det blir eit rimeleg samhøve mellom dei i allment tilgjengelege dokument, heiter det i § 13. Det set krav om nok kunnskap til å skrive gode, klare dokument på korrekt nynorsk og bokmål. Les meir hos Språkrådet!

Språklege rettar for innbyggarane: Kvar borgar har ein lovfesta rett til å få ymse brev, dokument og svar på sitt eige språk ikkje berre frå staten, men også frå fylkeskommunane, ifølgje § 15.

Nynorskkompetanse i statsorgan: Etter § 16 skal kvart einaste statsorgan meistre å skrive både nynorsk og bokmål. I mållova var dette eit lovfesta krav til tilsette, medan krava til organa berre stod i forskrifta. No er krava til organa lovfesta, og eit statsorgan har høve til å påleggje tilsette slik kompetanse.

Klagerett: Er det bruka feil skriftspråk i eit dokument som nemnt i § 14 andre ledd, kan mottakaren klage og krevje at dokumentet blir utferda på nytt.

Les heile språklova her!

Les innleiinga til Ottar Grepstad om språklova her: Med språklova i hende

Les meir om Språklova hjå Språkrådet!

NRK innfridde nynorskkravet – men ikkje på nett

0

I fjor var 25,4 prosent av det totale innhaldet til NRK på nynorsk, altså over kravet frå styremaktene på 25 prosent. Men på nett var det berre 18,8 prosent nynorsk.

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen seier til eiga nettside at han er svært glad for at dei igjen oppfyller kravet. I fjor hamna dei under 25 prosent etter at 2019 var det første året dei oppfylte kravet.

Språksjef Karoline Riise Kristiansen fortel at det vart sett i gang tiltak for å nå målet etter at dei hamna på 24,2 prosent i 2020.

– Eg er veldig godt nøgd med at me har klart nynorskkravet i 2021, men samtidig skulle det berre mangla. Det er ein del av samfunnsoppdraget vårt at me skal styrka, utvikla og bruka nynorsken, seier ho til NRK.no.

Statistikken viser at NRK2 er best på nynorsk med ein andel på 32,2. Også NRK3, NRK Super og radiokanalen NRK P1 er over kravet, medan NRK1, NRK,no, NRK P2 og NRK P3 ligg under 25 prosent.

Fungerande leiar i Noregs Mållag Synnøve Maria Sætre er nøgd med at nynorsken har framgang i NRK, og trekkjer særleg fram NRK Super som har ein nynorskprosent på 28,6. Men ho er misnøgd med talet for NRK.no, sjølv om 18,8 prosent er ein framgang frå 17 prosent i 2020. (©NPK)

Fleire innvandrarar blir buande i kommunar som gjev opplæring på nynorsk

– Både nynorsk og dialektbruk bidrar positivt i integrereringa, seier forskar ved Høgskulen på Vestlandet.

– Eg blei litt irritert i starten. Kvifor har dei to så like språk i Noreg, og kvifor må me læra nynorsk når flest folk i Noreg bruker bokmål? Men etter kvart har eg byrja å lika nynorsk. No likar eg det betre enn bokmål, seier Ranya Yasin (30).

30-åringen er opphaveleg frå Syria, men flytta til Noreg for kring fire år sidan. I dag bur ho på Stord saman med familien, og er ein av elevane som får norskopplæringa si på nynorsk.

Kva språk du får norskopplæring i kan ha noko å seia for kor vidt du vel å verta buande i kommunen, syner nye tal henta inn av Framtida.no og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

– Vil bli buande

Kring 67 prosent av elevane i norskopplæringa for innvandrarar blir buande i kommunen etter at dei blir undervist i nynorsk. Talet for kommunane som gjev undervising på bokmål er 55 prosent.

Det viser anslag frå vaksenopplæringane i ei spørjeundersøking som Framtida.no og Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) har sendt ut til vaksenopplæringa i kommunane i nynorskområde.

Då Maann Tureno (35) først flytta til Noreg frå Filippinane, budde ho i Oslo og fekk norskopplæring på bokmål. No bur ho i ein vestlandskommune og har fått seg jobb på sjukeheimen:

– Når eg bur på Stord, er det viktig å læra nynorsk, sjølv om det er vanskeleg, seier Tureno.

Saw Ngrein Zan (28), Maann Tureno (35), Irma Lestari Vigiarti (32) og Syeda Tahseen Zahra (37) har lært seg godt norsk etter kort tid i Noreg. Foto: Svein Olav B. Langåker

Saw Ngrein Zan (28) trur det er lettare å bli buande på Stord, sidan dei lærer nynorsk i vaksenopplæringa:

– Me har lyst til å bli her, seier ho. Zan kom til Noreg frå Myanmar for tre år sidan saman med mannen sin, og seier dei trivst.

28-åringen har fått seg jobb på McDonalds på Stord. Det er den første McDonalds-restauranten i verda som starta å reklamera på nynorsk, men den manglar enno meny på nynorsk.

Politiske vedtak

Undersøkinga er sendt ut til vaksenopplæringa i kommunar i nynorskområde.

25 av 55 kommunar som svara, seier at dei underviser vaksne innvandrarar på nynorsk.

Dei fleste som tilbyr nynorsk i vaksenopplæringa har vedtatt dette politisk i kommunestyret. Stord kommune er ein av fleire kommunar som har gjort dette.

Marianne Solbakken, seniorrådgjevar ved Distriktssenteret, seier det er interessante funn i undersøkinga, men vil vera forsiktig med å trekka ein konklusjon om at nynorskundervising fører til at fleire innvandrarar blir buande.

– Det me veit, er at det er viktig at innvandrarane får eit forhold til staden dei bur og tar del i frivillige organisasjonar og livet i kommunane. Dialekt og skriftspråk eller ikkje – å få norske vener betyr mykje for å få jobb og for å bli buande. På mindre plassar er det større sjansar for å få innpass.

Fleire får jobb

Statistisk sentralbyrå samlar tal på kor mange innvandrarar som er i jobb og utdanning etter fullført introduksjonsprogram. I 2020 var det 199 kommunar det fanst tal for. Eitt år etter fullført introduksjonsprogram var det i snitt 50 prosent som hadde fått jobb eller utdanning. Blant distriktskommunane varierer tala mest.

Brita Høyland er førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet.

Når me ser på kommunane som tilbyr nynorsk i vaksenopplæringa, så viser tala at eit snitt på 62 prosent av innvandrarane i desse kommunane hadde fått seg jobb eller tok utdanning eitt år etter fullført introduksjonsprogram.

– Det tyngste argumentet for å gi undervising på nynorsk i nynorskkommunar er at over halvparten av dei som får norskopplæring blir igjen i kommunen, seier Brita Høyland. Ho er førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet og har skrive doktoravhandlinga si om dialektbruk i andrespråksopplæring.

Ho viser til tidlegare studiar om at tileigning av nynorsk og dialekt er ein døropnar for inkludering i lokalsamfunnet.

– Både tidlegare studiar og desse nye tala viser at nynorsk og dialektbruk bidrar positivt i integrereringa, seier ho, og tar atterhald om at det er forska lite på dette.

– Eg trur det er ein litt misfortstått godskapstanke å gi opplæring på bokmål fordi det er det dominerande språket, men det er lokalt dei skal virka og der ser me verdien av å bruka skriftspråket og dialekten som gjer at dei glir meir inn lokalt, seier ho.

Marianne Solbakken er seniorrådgjevar ved Distriktssenteret. Foto: Distriktssenteret

Viktig ressurs

Marianne Solbakken i Distriktssenteret understrekar at innvandrarar er ein viktig ressurs for distriktskommunane. Mange kystkommunar hadde ikkje klart å oppretthalda folketalet utan innvandringa. I koronatida blei det stopp på mykje av arbeidsinnvandringa til Noreg, men no har det starta å auka litt.

– No er det viktigare enn nokon gong å ta vare på dei innvandrarane ein har, seier Solbakken.

Distriktssenteret er uroa over at ikkje nok kommunar tar innover seg kor viktige innvandrarane er for kommunane.

– Innvandrarar er medverkande til at ein klarer å oppretthalda barnehagen og skulen – og dei bidrar i frivillige lag og organisasjonar – og er på den måten med på å bidra til levande bygder, poengterer Marianne Solbakken.

Eit poeng ekstra til nynorsken

– Det er det same om det er bokmål eller nynorsk. Det er nye språk uansett, seier Syeda Tahseen Zahra (37) frå Pakistan. Ho kom òg til Oslo først og byrja å læra bokmål.

– I Pakistan har me fire språk. Eg lærte både urdu og punjabi. Forskjellen på språka er ganske liten.

– Eg har høyrt nokon som kom til Oslo og ikkje blei forstått. Dei har problem med nynorsk og dialekt der, seier Ranya Yasin. Syeda har òg opplevd at det ikkje er alle i Oslo som er så gode på å forstå norske dialektar.

Elevane på vaksenopplæringa meiner dei som lærer nynorsk og dialektar utanom Oslo får noko ekstra. Dei lærer å forstå fleire dialektar og nynorsk – samstundes som dei også forstår folk frå Oslo.

– Det er eit poeng ekstra til nynorsken, ler Ranya Yasin.


Emilie Waage (t.v.) og Marthe Halvorsen lærer teiknspråk som framandspråk på Nydalen vidaregåande skule. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Andrea Rygg Nøttveit er tilsett som ny redaktør i Framtida.no

Andrea Rygg Nøttveit (33) kjem tilbake til Framtida.no og startar som redaktør for den nynorske nyhende- og debattavisa for unge 1. april.

– Eg har stort engasjement for Framtida-prosjektet, som handlar om å gje ei stemme til dei unge og auke nynorskdelen på internett, seier påtroppande redaktør Andrea Rygg Nøttveit.

Ho har vore tilsett i Framtida sidan 2013. Den gong vart ho tilsett som språkjournalist, før ho seinare vart redaksjonsleiar for Oslo-kontoret. Etter eit vikariat som kommunikasjonsrådgjevar i Grønn Byggallianse, søkte ho seg attende til redaksjonen som redaktør.

– Framtida.no er ein unik arbeidsplass med dyktige og engasjerte journalistar, som eg gler meg stort til å koma tilbake til og utvikla vidare, seier Nøttveit.
Nyheitsleiar Bente Kjøllesdal er konstituert som redaktør for Framtida.no fram til 1. april.

Journalistikk som blir lagt merke til

Andrea Rygg Nøttveit tek over stillinga etter Svein Olav B. Langåker, som er tilsett som dagleg leiar i Landsamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

Han held fram som redaktør for Framtida Junior frå Stord-kontoret. Det er LNK som driv Framtida.no og Framtida Junior i samarbeid med ABC Startsiden.

– Det er veldig kjekt å få Andrea tilbake i redaksjonen som redaktør. Med den dyktige redaksjonen me har no, så er eg sikker på at framtida ser lys ut for Framtida.no, seier Svein Olav B. Langåker.

Langåker vart tilsett i 2010 for å bygga opp Framtida.no.

Avtroppande redaktør Svein Olav B. Langåker og påtroppande redaktør Andrea Rygg Nøttveit og konstituert redaktør og nyheitsleiar Bente Kristin Rundereim Kjøllesdal (t.h.) i Framtida.no. Foto: Emilie Hansen

Sidan starten har lesartala auka jamt til 880.000 brukarar i løpet av 2021. I dag tel Framtida.no-redaksjonen fire tilsette, i tillegg til fleire dyktige frilansarar og skribentar. I 2021 har redaksjonen gjennomført fleire større journalistiske prosjekt. Fleire av dei er omtala i den redaksjonelle rapporten som Framtida.no la fram måndag.

– Aldri før har så mange av sakene våre blitt sitert i andre riksmedia som i år. Det viser at journalistikken vår blir lagt merke til, seier Svein Olav B. Langåker.
Framtida Junior hadde over 137.000 brukarar i løpet av 2021. Det er også ny rekord.

Stort behov

Andrea Rygg Nøttveit gler seg over at Framtida.no i stadig større grad vert brukt som ein ressurs i skulen, og meiner det er minst like stort behov for nettstaden i dag, som den gongen det vart starta i 2010.

– I åra etter 22. juli såg me at ungdomspolitikarar fekk ein større plass i media, men denne tendensen har diverre snudd. Det er uheldig at unge engasjerte har fått mindre spalteplass, særleg under koronapandemien, då dei representerer ei av gruppene som har vorte hardast råka. At unge framleis ikkje får den plassen dei fortener, viser at det er behov for ein plattform som Framtida.no, seier Nøttveit.

Han får Dialektprisen 2021

0

Kjartan Lauritzen får prisen for å rappe på balestranddialekt.

– Kjartan Lauritzen kan ein vel kalla eit fenomen frå Balestrand, som frontar ein bodskap om å vere seg sjølv fullt ut. Både i interesser, baris og identitet. Han står fram som eit føredøme for ungdom, og frontar dialekt aktivt i denne bodskapen. Det fortenar ein dialektpris.

Det seier Norsk Målungdom-leiar Frida Pernille Mikkelsen i ei pressemelding.

Kvart år deler landsstyret i organisasjonen ut Dialektprisen til eit dialektføredøme for ungdom. Prisen har tidlegare gått til mellom andre P3MorgenHelsesistaLothepus og Victor Sotberg.

I år får Per Áki Sigurdsson Kvikne – betre kjend under artistnamnet Kjartan Lauritzen – prisen for arbeidet sitt som rappar på balestranddialekt.

– Eg var redd for å bli dømd

Tidlegare i år vart Kjartan Lauritzen kåra til eitt av ti unge «Nynorsktalent», av Nynorsk kultursentrum, Norsk Målungdom, Daniel Kvammen og Framtida.no.

Då fortalde artisten om kvifor Kjartan Lauritzen si første låt Havanna frå 2015 kom ut på bergensk:

– Å synge og rappe er ganske skummelt. Det er ingen som rappar på balestrandsdialekt, liksom. Eg var redd for å bli dømd, fortalde Kvikne då.

I grunngjevinga trekker juryen fram at Kjartan Lauritzen han vore igjennom ei reise mange kan kjenne seg att i: Han gøymde seg bak ei anna dialekt i frykt for å skilje seg ut, før han så vart trygg nok til å vere seg sjølv fullt ut.

Kjartan Lauritzen er aktuell Kjartanisme. Foto: Privat

Opplevd at folk ikkje forstår dialekta

Då han oppdaga at musikkarrieren var noko han kunne kome langt med, så ville han ikkje lenger gøyme seg – han laut vere seg sjølv.

Året etter debuten kom låten Fredag på klungande balestrandmål, og i dag hiten godt over 12 millionar avspelingar på Spotify.

– I nokre samanhengar har eg vel opplevd at folk ikkje heilt forstår dialekta mi og spør kva noko betyr, men eg opplever òg at mange berre syng med og kosar seg, fortalde artisten Framtida.no i februar.

Tidlegare i år debuterte Kjartan Lauritzen med si første album, Kjartanisme. VG trilla ein firar på terningen og konstanterte: «Jo mer han tør å vise fram av seg selv i musikken sin, jo bedre låter den».

Dialektkampane vi framleis må kjempe

Frida Pernille Mikkelsen er leiar i Norsk Målungdom. Foto: Rebekka Hovland, Norsk Målungdom

Dialektpris-juryen rosar vidare Kvikne for å ha «brote med stereotype mønster knytt til dialekt», og for å ha «laga rom så ungdom rundt om i heile Noreg kan bygge ein identitet og sjølvtillit, med si eiga dialekt.»

– Han har nok gått ein veg fleire kan kjenne seg igjen i, og som også viser fram nokre av dialektkampane vi framleis må kjempe, seier Frida Pernille Mikkelsen og held fram:

– Det er ikkje så lett å vere den som skil seg ut, også når det kjem til dialekt. Kjartan Lauritzen byrja som ein karakter ganske distansert frå kven Kvikne var, men har blitt meir og meir ekte. Han viser fram eit ein med stor suksess kan finne fram igjen til dialekta si.


Her aukar talet på nynorskelevar mest

Rogalandskommunane Time og Karmøy opplever størst auke i talet på nynorskelevar i grunnskulen.

Det er Time sør for Stavanger som aukar mest – med 123 fleire nynorskelevar. Dei plasserer seg no på ein sjetteplass blant kommunane med flest nynorskelelevar.

Andreas Vollsund (H) er ordførar i Time kommune. Foto: Reid Ivar Bjorland Dahl, Time kommune

Det viser nye tal frå Utdanningsdirektoratet.

– Me merkar ein trend der dei aller fleste vel nynorsk for ungane sine når dei startar i skulen, seier Time-ordførar Andreas Vollsund (H).

Han trur òg det er blitt meir nynorskmedvit i kommunen, med fleire bedrifter som marknadsfører seg på nynorsk – og ikkje minst mange som er stolte over jærdialekten, Erling Braut Haaland og set samanheng mellom jærsk og nynorsk.

– Me er ein nynorskkommune, og eg er glad i at det er ein folketalsauke og at me aukar talet på nynorskelevar, avsluttar han.

Framleis flest i Bjørnafjorden

I Rogaland er det òg ein auke i Karmøy på 76 nynorskelevar og 16 fleire i Vindafjord.

Det er framleis Bjørnafjorden kommune sør for Bergen som har flest nynorskelevar i Noreg. Dei aukar med 72 nynorskelevar til totalt 3163 elevar med nynorsk som opplæringsspråk.

Alver rett nord for Bergen går òg fram med 52 fleire nynorskelevar.

Her auka talet på nynorskelever mest
Kommune2021-20222020-2021Auke
Time24572334123
Karmøy1415133976
Bjørnafjorden3163309172
Alver2897284552
Austevoll71468133
Sykkylven85982930
Vestnes69467024
Sula1324130519
Voss1841182417
Vindafjord1128111216

Færre elevar i skulen

I landet under eitt er det nedgang i talet på både elevar med bokmål og nynorsk. Grunnen er færre elevar i skulealder.

554.010 elevar har bokmål som opplæringsspråk, medan 73.493 elevar har nynorsk. 686 færre har nynorsk, og 515 færre har bokmål. Talet på elevar med samisk som opplæringsspråk aukar med fire til 878.

Sjølv om Rogaland har ein god oppgang i fleire kommunar, så er det likevel totalt ein nedgang. Det er mellom anna ein stor nedgang i Klepp på 131 færre nynorskelevar og 36 færre i Sandnes og 18 færre i Hå.

Størst nedgang har Møre og Romsdal. Ålesund minkar mest her med 98 nynorskelevar, medan Hustadvika mistar 49 nynorskelevar.

Fylke2021-20222020-2021Endring
Agder13141365−51
Innlandet32263244−18
Troms og Finnmark12−1
Vestfold og Telemark17701824−54
Vestland3696537151−186
Viken565588−23
Oslo110
Rogaland1424214318−76
Møre og Romsdal1540815677−269
Trøndelag06−6
Nordland13−2

Berre éi av tjue barnebøker er på nynorsk

0

Berre 6 prosent av alle barne- og ungdomsbøker som vart gitt ut i Noreg i perioden 2015–2019 var på nynorsk.

Så langt i år har verken Cappelen-Damm, Aschehoug eller Kagge gitt ut bøker for barn og ungdom på nynorsk, ifølgje NRK.

I åra 2015 til 2019 var berre 70 av eit gjennomsnitt på 1.160 barne- og ungdomsbøker som vart utgitt i Noreg, på nynorsk, det vil seie rundt 6 prosent. Det betyr at den store tidelen av norske elevar som har nynorsk som hovudmål i skulen, i liten grad møter språket sitt i litteraturen.

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) meiner nynorskdelen er altfor låg og trur den nye boklova skal kunne bøte på misforholdet. Den nye boklova vil, ifølgje kultur- og likestillingsministeren, bidra til å sikre mangfald i utgivingane, slik at det òg blir mogleg for forlaga å satse på bøker som sel i mindre opplag.

– Eg er oppteken av å styrkje nynorsken og få meir nynorsk litteratur ut til folk. Den nye boklova skal vere eit verkemiddel for å få dette til, seier Trettebergstuen til NRK.


FOTO: HANS OTTO BORDVIK / NRK//Innfeldt: Skjermdump frå meldingsutveksling. Kollasj: Framtida.no

Opplæringslova må sikre likeverdig digital skulekvardag

0

Nynorskelevane har i dag ein digital skulekvardag som er heilt dominert av skjermtekstar på bokmål. Ei kraftig kursendring må til for å sikre dei språklege rettane til desse elevane. Den viktigaste reiskapen for å snu denne utviklinga er ei skjerpa opplæringslov.

Eit utkast til ny opplæringslov er ute på høyring i desse dagar. Her står det mykje om utfordringane i det digitale klasserommet – også det som gjeld manglande tilbod for nynorskelevane. Men når det kjem til konkrete framlegg for å sikre dei språklege rettane til desse elevane, er utkastet ikkje godt nok. Her trengst det ein sterkare og meir eintydig lovtekst.

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa har levert ein høyringsuttale med desse hovudpoenga:
• Definisjonane av læremiddel og læringsressursar må vere tilpassa dagens bruk av digitale plattformer og læringsverktøy i undervisinga.
• Kravet om parallellversjonar for læremiddel må ikkje innehalde smotthol som undergrev nynorskelevane sine språklege rettar.
• Dagens desentraliserte ordning for innkjøp og bruk av læremiddel og læringsressursar er prega av ansvarspulverisering og ansvarsfråskriving. Sentrale utdanningsstyresmakter må føre tettare tilsyn med at lover og læreplanar blir følgde.

Det er ein tydeleg tendens at dei som utviklar læremiddel, no utnyttar skilnaden mellom «læremiddel» og «læringsressursar» til å omgå parallellitetskravet. Dette må lovteksten forhindre ved å inkludere «læringsressursar og læringsplattformer utvikla til bruk i skolen» i den aktuelle lovparagrafen. Dette tillèt at ein som før kan bruke bakgrunns- og kjeldestoff på både bokmål og nynorsk, men gjer at dei ressursane og læringsplattformene som er spesifikt utvikla av læremiddelprodusentar for bruk i skulen, må finnast på båe skriftspråk til same tid og pris.

Torgeir Parr Dimmen
Senterleiar Nynorsksenteret
Høgskulen i Volda

Det er også viktig at vi får ei lovformulering utan smotthol. Særleg formuleringa «så langt råd er» – som er nytta i lovutkastet – er ubrukeleg som kriterium for å oppnå reell endring på dette området.

Covid-19-pandemien førte til ein eksplosjon i teknologiutviklinga i skulen, då skular over heile verda over natta skulle legge om til fjernundervising. Dette arbeidet vart leia av dei amerikanske teknologigigantane, som i praksis er umoglege å kome unna for norske skular i dag. Å la dei avgjere sjølve kva som blir tilrettelagt for nynorske brukarar, vil vere det same som å akseptere at lite eller ingenting skjer.

For å sikre nynorskelevane sine sjølvsagde språklege rettar trengst difor formuleringar i lova som gjer det ulovleg for alle å bruke skriveprogram, læringsplattformer og verktøy for skrive- og lesestøtte som ikkje er tilgjengelege både på bokmål og nynorsk. Dette vil føre til at teknologiprodusentane blir nøydde til å føre inn støtte for nynorsk i skriveprogramma sine for å ikkje risikere å miste heile den norske skulemarknaden.

Eit poeng her er at skjerpa krav om digitalt skjerminnhald på nynorsk er viktig ikkje berre for elevar i nynorskområde, men også i sidemålsopplæringa for bokmålselevane.

I tillegg til klare krav trengst tyngre involvering frå sentralt hald.

Lovteksten, slik han er framlagd, vil i praksis bety at kampen for betre nynorsktilbod frå dei store teknologiprodusentane blir overlate til lokale lærarar og skuleeigarar. Dei har mange omsyn å ta når dei skal prioritere innkjøp og bruk av undervisingsressursar. Språkleg kvalitet er berre eitt av mange kriterium. Det skal nok mykje til at lærarar vel vekk ein elles god ressurs fordi han ikkje finst i nynorsk parallellversjon. I alle fall i bokmålsområde. Truleg også på mange nynorskskular.

Lokale aktørar har sjølvsagt heller ikkje same marknadsmakta som sentrale styresmakter i kampen for å utvikle likeverdige nynorsktilbod på dei digitale plattformene.

Det overordna nasjonale ansvaret for tilgang på eit likeverdig tilbod av kvalitetssikra læremiddel og læringsressursar til alle elevar i Noreg kan ikkje overlatast til grasrota – med tilvising til fine formuleringar i læreplanen. Her må departement og direktorat inn med mykje tettare tilsyn og oppfølging, slik at opplæringslova og læreplanane blir følgde.

Brageprisen til Erlend Skjetne og Jon Fosse

0

Forfattar Erlend Skjetne får Brageprisen for den første ungdomsboka si, «Eit anna blikk».

Brageprisvinneren fortel historia med unge Anwars ord. Han og dei andre afghanske gutane på asylmottaket nord i Noreg gruer seg til å fylle 18 år. Dei er spente på om dei får opphaldsløyve i Noreg og på kva som ventar.

– Erlend Skjetne bruker eit leikande nynorsk for å få fram forskjellane mellom norske standarduttrykk og norsk for eit observerande, framandspråkleg øre. Han gir lesaren innblikk i ein situasjon som vi ikkje høyrer så mykje om, og som er vanskeleg å forstå. På den måten klarer Skjetne å gi ei stemme til dei som vil bli norske, men ikkje kan. Nokon får aldri sjansen til å prøve, skriv juryen i grunngivinga si.

LES MELDING AV BOKA HER: Knallbra og røff bok som dessverre har blitt altfor aktuell

Får pris for Septologien

Tidlegare heidersprismottakar Jon Fosse får Brageprisen for «Eit nytt namn. Septologien VI-VII».

Forfattaren og dramatikaren frå Strandebarm, Jon Fosse, har budd i statens æresbolig for fortente kunstnarar, Grotten, sidan 2011. Han har i fleire år vore blant dei heitaste kandidatane til nobelprisen i litteratur og fekk Brages heiderspris i 2005. Då han torsdag kveld fekk prisen for skjønnlitteratur, var det likevel første gong han fekk Brageprisen for eitt bestemt verk.

Jon Fosse med «Eit nytt namn. Septologien VI-VII» vart vinnar i kategorien Skjønnliteratur under utdelinga av Brageprisen 2021 på Dansens Hus i Oslo. Foto: Annika Byrde / NTB / NPK

«Eit nytt namn»blir beskrive som «en mektig avslutning av et ruvende skjønnlitterært verk».

– Boka fungerer som enkeltståande roman, men kan likevel ikkje vurderast lausrive. Forteljinga om Asle, Jon Fosses storverk, er med dette fullenda, heiter det i grunngivinga til juryen.

Fosse var òg nominert til Brageprisen i 1992 (prosa), 1994 (barne- og ungdomslitteratur), 1995 (prosa), 1996 (skjønnlitteratur) og 2007 (skjønnlitteratur). (©NPK)

Jubilanten Jon Olav Fosse meiner sjølv han var ein særling med altfor langt hår som 20-åring.
Foto: Tom A. Kolstad, Samlaget

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til ei ny opplæringslov i den pågåande høyringsrunden. LNK har her laga til eit forslag til mal for høyringssvar.

Digitaliseringa av skulen har gjort at nynorskelevane ser mindre nynorsk i skulekvardagen enn før. Dagens situasjon er ikkje haldbar. Kommunane og fylkeskommunane blir sette i ein umogleg situasjon, der dei må velja mellom å bruka dei beste verktøya og ressursane – ofte berre utvikla på engelsk og/eller bokmål, eller vera prinsippfaste og velja mellom dei få tilboda som er tilgjengelege på nynorsk – og såleis kanskje risikera å gje elevane sine eit dårlegare tilbod enn det elevar på bokmålsskular får.

Høyringsfristen er 20. desember 2021!

Her finn du malen til høyringsvar på ny opplæringslov!

Dette er utkastet til høyringsfråsegn som LNK vil senda.

Og her finn du høyringsfråsegnene frå andre organisasjonar:

Noregs Mållag

Nynorsksenteret

Send tips til post @ lnk.no når kommunen din har sendt høyringssvar!

Sjå fleire saker om opplæringslova her!