Heim Nyhende Skriftspråk i flammar

Skriftspråk i flammar

I Europa har bøker gått opp i røyk i minst 800 år. Makthavarar og opprørarar har brent skrifter for å fjerne tru og meiningar, kunnskap og kultur. Men det er få andre stader enn i Noreg at ein har fyrt opp bokbål for å få fjerna eit språk. Ottar Grepstad har talt opp minst 26 norske bokbål.

– Ei av dei eldste formene for sensur er å gjere til inkjes bøker ved brann eller på anna vis. Det har brunne fleire bokbål mot språk i Noreg enn i noko anna vestleg land på 1900-talet, seier språk- og litteraturvitaren Ottar Grepstad, som no er aktuell med boka «Brent ord. Bokbål mot språk i Noreg 1912-2005».

Ottar Grepstad har leita i skriftlege kjelder etter omtalar av bokbål her i landet som har hatt bakgrunn i språkstrid.

– Internasjonalt har det vore skrive mykje om bokbål generelt, men om brenning av bøker med feil språk er der verken oversyns- eller detaljstudiar å finne. I Noreg er bøker blitt brende av både religiøse, kulturelle og politiske grunnar. At bokbål er blitt tende mot språk, har vore kjent, men omfang, ritual og konsekvensar har ingen prøvt å finne ut av, fortel Grepstad, som altså sjølv har teke på seg oppgåva med å finne ut meir om temaet og gi si tolking og analyse av funna.

Minst 26 bokbål

Han går i boka tett på båla som brann, dei som tende fyrstikkene, og kva båla førte til. «Brent ord» handlar om brenning av bøker, aviser og manuskript på nynorsk i tidsrommet 1912–46, lærebøker på samnorsk 1953–64, lærebøker på nynorsk 1982–2005 og lærebøker på bokmål 1997–98.

– Vart du overraska over omfanget?

– Ja, eg blei overraska og forskrekka over det eg fann. Bokbål var ikkje vanleg, men der var mange fleire av dei enn nokon har rekna med til no. Eg har funne og omtalt 26 bokbål mot språk i Noreg mellom 1912 og 2005. Det inkluderer ei drukning, ei henging, ei bålferd, ei jordferd og ei himmelferd, seier Grepstad til Nynorsk pressekontor.

Men han trur talet er høgare.

– For kvart bål som er bokført, var der truleg tre–fire som eg ikkje fekk stadfesta i skriftlege kjelder frå samtida, sjølv om eg såg spor etter dei. Nordmenn brende bøker i protest mot språk dei ikkje ville godta, eller for å hevde sine eigne språklege rettar, seier Grepstad.

Bålrestar over heile landet

Av statistikken ser vi at det var flest branntomter i Bergen, men på det norske bokbålkartet har Grepstad plotta inn minst 13 åstader: Finnsnes, Mosjøen, Volda, Dale i Sunnfjord, Bergen, Stavanger, Kristiansand, Skien, Tønsberg, Fredrikstad, Kongsberg, Drammen, Oslo og Hamar.

– Det første tilfellet eg fann var i 1912 på Hamar, der russen sette fyr på ei dokke i vaksen storleik som skulle framstille ein målmann. Det var i protest mot at riksmålsgymnasiastar også måtte ha nynorskundervisning. Dette skjedde altså 50 år før ein byrja brenne dokker i USA grunna rasehat. Så dette var tidleg, og det var aggressivt, seier Grepstad.

Unge, men opplyste

– Kven var bålbrennarane?

– Dei som brende, var unge, velutdanna, opplyste menneske. Dei meinte dei representerte fleirtalet, og brukte fysisk og symbolsk vald mot språk dei ville utrydde eller ikkje ha noko med å gjere. Bokbrennarane var kritiske til det staten gjorde språkpolitisk. Men parti- og kulturpolitiske organisasjonar dreiv fram ei stemning som gjorde det lettare å tenne på, fortel Ottar Grepstad.

Angrande ungdomssyndarar

Han har også snakka med tidsvitne og prøvd å finne ut av kva bokbrennarane meinte i ettertid om handlingane sine. Ein kan få inntrykk av at ein del både skjemdest og angra, og sette det på kontoen for ungdomsopprør.

– Fleire vil i dag ikkje stå inne for det dei gjorde den gongen. Mange har behov for å distansere seg. Å brenne bøker vart i si tid bagatellisert med at dei var unge. Dei brende bøker i eit meiningsklima skapt av vaksne. Men eg trur ikkje bokbrennarane tenkte over alle konsekvensar. Samnorsk ligg nært opp til fleire austlandske dialektar. Kva gjorde eit samnorsk bokbål med språkforståinga og sjølvbiletet til desse menneska? Og kva gjorde nynorskbål følgd av verbal sjikane med unge, usikre nynorskbrukarar? Det må ha påverka dei, seier Grepstad.

Håp for framtida

Han meiner likevel at nynorsk som språk står sterkare enn nokon gong.

– Dei som brende bøker har ikkje lykkast. Det dei gjorde var heilt mislykka! Eg trur ikkje det siste bokbålet har brunne, men det siste nynorskbokbålet har nok brunne. Terskelen er blitt høgare, men i det ligg også eit håp. Forståinga av det kulturelle mangfaldet har endra seg. Eit par tiår ut i det 21. hundreåret er bokbål blitt noko ein berre ikkje gjer eller støttar, seier forfattar Ottar Grepstad. (Undersak)

Bokbål frå 1912 til 2005

I 1912, 1914, 1922, 1924, 1938, 1939 og 1946 brende eller øydela gymnasiastar manuskript, bøker og aviser på nynorsk, og symbol for nynorsk, fordi dei ikkje ville ha noko med det språket å gjere.

I 1956, 1957, 1962, 1963 og 1964 brende gymnasiastar og andre aksjonistar lærebøker fordi språket i bøkene var feil.

I 1982, 1989, 1990, 1997, 1999, 2004 og 2005 brende elevar ved vidaregåande skular (eller tidlegare elevar) nynorske ordlister fordi dei ikkje aksepterte at dei skulle ha noko med språket nynorsk å gjere, eller fordi dei ville fjerne det språket. I 1997 og 1998 brende nynorskelevar bøker på både nynorsk og bokmål i protest mot at nynorskelevar ikkje fekk lærebøkene på eige språk i tide.

(©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Lærarutdanningane må ta språkansvar

Lærarutdanningane skal utdanne lærarar for heile landet, og då må alle lærarstudentar, uavhengig av fag, rustast til å vere lærarar i nynorske klasserom. Lærarutdanningane er...

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...