Ordføraropprop sendt til departementet
Oppropet frå 50 ordførarar som ønskjer at innvandrarar må få norskopplæring på nynorsk har no hamna i rett departement.
Fire nynorskforfattarar nominerte til Brageprisen
Maria Parr, Lars Mæhle, Tove Bakke og Kjartan Fløgstad er nominerte til Brageprisen 2009.
Kritiserer NRK for språkrot
Språkprofessor Finn-Erik Vinje meiner NRK fører eit språk som er vinglete og lite konsekvent.
Etterlyser kandidatar til Nynorsk næringslivspris
Noregs Mållag etterlyser no kandidatar til Nynorsk næringslivspris.
Åtte dagar med nynorsk kultur
Nynorske litteraturdagar + Falturiltu barnebokfestival = til saman åtte dagar kor nynorsk kultur står i høgsetet.
Navarsete vil ikkje slå saman kommunar
Kommunalminister Liv Signe Navarsete avviser at samanslåing er vegen å gå for å løyse problema i kommunesektoren.
Kringkastingsprisen til Yasmin Syed
Yasmin Syed frå Vinje i Telemark får Kringkastingsprisen for 2009.
Målpris til Periferifestivalen
Periferifestivalen har fått heidersprisen Målkipo 2009 frå Sotra Mållag.
– Store forventningar
– Eg har store forventningar og ser fram til at den nye regjeringa skal prioritere og gjennomføre alt det dei lova både i Språkmeldinga og i Kulturløftet, seier forlagsdirektør i Samlaget, Tove Lie.
Russefeiring på halling
Ei gruppe russ i Hallingdal er lei av amerikanisering og ønskjer å vise at dei er stolte av dialekta si. Første steg på vegen mot ei russefeiring på halling, er å døype russebilen til «Bembilen».
Nytt leksikon lettar kvardagen for nynorskelevar
– Allkunne gjer det lettare å vera nynorskelev og gjev dei ei sterkare språkleg sjølvkjensle. Det sa Vibeke Laurtisen då ho tysdag var med å opna nettstaden allkunne.no, eit nytt digitalt leksikon på nynorsk.

