Heim Blogg Side 346

– TV 2 må bli verande i Bergen

0

Hordaland Mållag bed sentrale styresmakter om at dei organiserer arbeidsvilkåra for TV2 slik at kanalen kan bli verande i Bergen.

-Om TV2 skulle finna det naudsynt å flytta verksemda ut frå hovudstaden på Vestlandet, ville det vera eit særs alvorleg tilbakesteg for språkleg og kulturelt mangfald , for desentralisering, distriktsutbygging og for ei medieutvikling som Vestlandet og nasjonen elles treng i tida frametter, skriv Hordaland Mållag i ei pressemelding.

Les meir på nettsidene til Noregs Mållag.

Rekkedal årets nynorskbrukar

0

Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal frå Lillehammer er Årets nynorskbrukar 2009.

Prisen vert gitt til personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.

I år går prisen til seksjonsoverlege Ottar Rekkedal, Lillehammer, for viljen til å gjere nynorsk til eit allminneleg språk også i norsk helsevesen, og med det vidareutvikle nynorsk som medisinsk fagspråk i bruken av moderne informasjonsteknologi.

Pristalen vart halden på opningshøgtida for Dei Nynorske Festspela 2009 av Reidar Sandal, som er leiar i finanskomiteen på Stortinget og leiar i Løvebakken Mållag.

Rekkedal får 50.000 kroner, eit eksklusivt grafisk trykk av Arne Nøst og ein diplom signert av styreleiar Oddvar Haugland. Nytt av året er også at han får eit gåvekort til kampanjen ABC redder barna, som Nynorsk kultursentrum samarbeider med Redd Barna om, og som går til å lære born i Nepal å knekke lese- og skrivekoden.

Kommunane får 20 millionar til IKT

0

145 kommunar har i dag fått til saman 20 millionar kroner for å utvikle nye eller betre elektroniske offentlege tenester i kommunesektoren.

Pengane er tekne frå regjeringa si tiltakspakke mot finanskrisa til digital fornying i kommunane. Målet er å sikre at den elektroniske samhandlinga mellom stat og kommune blir betre, heiter det i ei pressemelding frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Her kan du sjå kva kommunar som har fått pengar og kva pengane skal brukast til.

Skapar folkevekst i Kvam

0

Hardangerregionen lokkar kunstnarar til seg. Det har fått den negative utviklinga i folketalet til å snu.

For første gong på mange år, og som einaste kommune i regionen, kan Kvam skryte av ein vekst på 128 personar i 2008.

Det er svært mykje i ein så liten kommune, kommenterer Jan Tjosås, næringsutviklar i Kvam.

Det bur no nøyaktig 8344 personar i kommunen. Kvam si aktive satsing på kunst og kultur dei siste åra er truleg ei viktig forklaring på at folk vil bu i Hardangerkommunen att.

Tidlegare industrihus

– Om kunstsatsinga er årsak til folketalsutviklinga er ikkje så lett å måle. Folk flyttar hit fordi det er eit positivt område, kommenterer Vidar Skeie, nytilsett direktør i Hardangerlokk, som er namnet på eit av prosjekta i ein større kampanje for å få folk til å flytte til Hardanger.

I arbeidet med å lokke kunstnarane til Hardanger, har kunstnarhuset Messen i industrisamfunnet Ålvik vakse fram. Der har fem profesjonelle kunstnarar budd og arbeidd i vel eitt år, medan andre kjem innom på kortare stipendopphald. Det staselege raude murhuset, idyllisk plassert ved Hardangerfjorden, fungerte tidlegare som bustads- og administrasjonshus for tilsette ved Bjølvefossen industrier. No blir Messen leigd av Kvam herad, som stiller huset til disposisjon for ei ny næring i vekst: kulturnæringa.

Fungerer som ei stemme

I huset Messen bur mellom andre paret Judy og Ole Mads Sirks Vevle med dottera Johanna på snart to år. Målaren og filmprodusenten frå Bergen har atelier vegg i vegg i det store huset. Her har også kunstnarparet Thora Solveig Bergsteinsdottir frå Island og Erwin van der Werve frå Nederland arbeidsrom. For tida held vidare ein belgisk og ein spansk fotograf til i Messen. Dei er innom på kortare opphald. I tillegg har Hardangerlokkadministrasjonen, som utgjer ei og ei halv stilling, samt leiar i kunstnarnettverket Hardingpuls, Solfrid Aksnes, kontor i huset.

Vi vil fungere som ei stemme. Vi ønskjer at kunstnarane skal ha èin plass å forhalde seg til, seier Aksnes.

Skepsisen forsvann

– Vi hadde snakka om å flytte på landet då vi fekk kjennskap til Hardangerlokk. Vi blei inviterte med på ei helg der vi fekk høyre om moglegheitene på staden og om Messen. Med det same var vi litt skeptiske. Kva for ein stad var Ålvik, lurte vi. No likar vi landsbypreget her. Staden har også litt preg av bysamfunn. Dessutan kjem vi oss lett til vener og familie i Bergen, fortel Ole Mads Sirks Vevle.

Han er tilsett i 20 prosent stilling som dagleg leiar for Messen. Han tar ansvar for vedlikehald og for kunstnarane som kjem på gjesteopphald. Vevle er også med og arrangerer utstillingar og konsertar i kunstnarhuset, som skal vere ope for alle.

Aktive i miljøet

Kulturleiar i Kvam herad, Lars Erik Klafstad, viser rundt i det nøkternt innreidde og eventyrlege huset, med mange hyblar, rom, korridorar og dører. Med si sentrale plassering i Hardanger, er Messen eigna som arbeidsstad og møtestad for kunstnarar i regionen. 

– Dei har vore eineståande, dei som har flytta hit. Dei er svært aktive i miljøet og fungerer som eit friskt pust, seier Klafstad.

– At vi får etablert trua på ei framtid i regionen, er viktig. At vi har noko å vere stolte av, er avgjerande for å få folk hit, held han fram.

– Men kan ikkje kunstnarar vere nokså flyktige tilflyttarar? Er dei noko å satse på?

– Vi må heile tida jobbe for å stimulere miljøet og legge til rette for at kunstnarane kan søkje støtte, svarer kultursjefen.

Han meiner det er svært viktig å fokusere på kvalitet i eit slikt prosjekt, om det skal bli livskraftig og skape varige ringverkander.

Lange røter

Satsing på kunst og kultur har lange røter i Hardanger. Kristi Skintveit, hardangerkunstnar med tydelegare band til tradisjonen enn dei som elles held til i Messen, er innom huset denne dagen. Ho viser teppe ho har vove med diktmotiv av ein annan kjend kunstnar frå regionen, Olav H. Hauge. No søkjer tekstilkunstnaren frå Jondal om arbeidsopphald i Messen.

– Kvifor vil du hit?

– Det kan vere skjerpande å endre omgjevnader. Eg ønskjer også å bli kjend med eit yngre kunstnarmiljø, forklarar Skintveit.

Kreative utviklarar

Kultursjef Klafstad seier målet er at kunstnarane med tida skal bli økonomisk uavhengige. At dei skal skape møtestadene og prosjekta sine sjølve, noko kunstnarane som flytta til Kvam i fjor er godt i gang med. Det nyetablerte Hardanger Kunstsenter i Norheimsund er eitt eksempel. Det blir drive av Bergsteinsdottir og van der Werve, som elles held til i Messen.

-Korleis er Kvam om ti år, Klafstad?

– Eg har ein draum om at den profesjonelle delen av kulturlivet, altså kunstnarane, har fått bygd opp god infrastruktur, at det har blitt skapt fleire møtestader og at vi har integrert fleire kreative folk i kommunale utviklingsprosjekt. Det er altfor mange godt vaksne menn i grå dressar som styrer utviklinga no. Vi må dessutan bygge vidare på verdiane våre, forsterke dei og innsjå at fjord og fjell betyr mykje her, held den engasjerte kultursjefen fram.

Om det er fjord og fjell, eller kunst og kultur, som får folketalet i Kvam til å skyte i veret, er det vanskeleg å finne klart svar på. Truleg er det den unike naturen, saman med eit levande kunstmiljø, som trekkjer folk til Hardangerkommunen.

Rådmenn må gå

0

Stadig fleire rådmenn blir tvungne til å gå frå embetet sitt. Dei siste tolv åra har 108 rådmenn forlate jobben ufrivillig, melder KLP-magasinet.

I tillegg til dette finst det ei rekkje saker som Norsk Rådmannsforum ikkje har vore involverte i, og leiar Finn Christian Brevig trur talet kan vere nærmare 150. Det meiner Brevig er alt for høgt.

– I mange saker er det behovet for å finne ein syndebukk som er utslagsgivande, og det er ikkje akseptabelt, seier han til KLP-magasinet.

Brevig meiner mange konfliktar mellom rådmann og politikarane som arbeidsgivar er prega av uryddigheit og forsøk på å konstruere eit oppseiingsgrunnlag. No etterlyser han ei meir profesjonell arbeidsgivarrolle frå politikarane si side.

– Høgt konfliktnivå og uryddig opptreden gir som regel ein effekt på omdømmet til kommunane som politikarane ikkje kan sjå seg tente med, i alle fall ikkje politikarane i posisjon, seier Brevig.

– Helsereforma krev større kommunar

0

 

Helsereforma gjer at små kommunar blir tvungne til å slå seg saman, seier professor i samfunnsøkonomi Jørn Rattsø ved NTNU.

Rattsø uttalar til NRK at ein kommune må ha 20 000 innbyggjarar for å vere sterk nok til å gjennomføre reforma. I dag har halvparten av dei 430 kommunane i landet mindre enn 5 000 innbyggjarar.

Regjeringa la fredag i sist veke fram den nye helsereforma, eller Samhandlingsreforma som den kallast. Reforma legg stor vekt på kommunen si rolle i helsesektoren, mellom anna ved ei lovfesting av samarbeidet mellom kommunane og helseføretaka.

Kjelde: Nationen.no

Festspel med andre ord

0

I år er det Anna Gavalda – omsetjar Tove Bakke som er festspeldiktar under Dei nynorske festspela på Aasen– tunet som opnar denne veka.

I år vert det litteratur og songar på minst 14 ulike språk under Dei nynorske festspela. Saman med om lag 20 andre forfattarar og omsetjarar vil Tove Bakke prege det innhaldsrike programmet som inneheld meir enn 50 arrangement på 20 ulike scener. Temaet er ”Med andre ord”, og det er første gongen ein omsetjar er festspeldiktar.

Andre kjente namn som skal opptre under festspela er Arve Henriksen, Aasmund Nordstoga, Side Brok og Cajun du Nord. Her blir det rytmar frå blant anna Afrika, Karibia, USA og Nordvestlandet. Den franske forfattaren Marie Désplechin, den engelske forfattaren Ian Sansom og den kinesiske omsetjaren Shi Quine kjem også til Dei nynorske festspela.
Arrangementet har eit samla budsjett på 1,8 millionar kroner.

Eit språkmøte

Som omsetjar har Tove Bakke sin del av æra for at titusenvis av norske lesarar har kjøpt bøkene av Anna Gavalda. I  2008 kom ”Saman er ein mindre aleine”, og i vår ”Lykka er ein sjeldan fugl”. Blant andre forfattarar ho har omsett eller gjendikta, er Albert Camus, Astrid Lindgren og Federico García Lorca.  Totalt har Bakke omsett og gjendikta frå heile sju språk: fransk, spansk, katalansk, portugisisk, svensk og bokmål.

– Portugisisk er nok det språket som står meg nærmast, seier Bakke i ei pressemelding.

Med dette satsar Dei nynorske festspela noko utradisjonelt.

– Språkmøte mellom mange kulturar kjem til å prege festspelprogrammet. Med Tove Bakke som festspeldiktar får vi sjansen til å gi denne årlege feiringa av nynorsk skriftkultur ein endå tydelegare sjølvstendig profil, seier programansvarleg Åshild Widerøe i pressemeldinga.

Tove Bakke har omsett i alt 45 bøker og 9 skodespel. Debutarbeidet hennar var ”Døden i Vesten” av den franske historikaren Philippe Ariès, utgitt på norsk i 1977. Til no har ho omsett 15 faktabøker og 12 skjønnlitterære bøker for barn og unge, 10 diktsamlingar, 6 romanar og 2 sakprosabøker for vaksne og 9 skodespel.

Bastianprisen i 2003

Tove Bakke er fødd i 1954, voks opp i Sande i Sunnfjord, tok examen artium ved Gudbrandsdal gymnas på Vinstra og er cand.mag. frå Universitetet i Oslo med faga fransk, spansk og litteraturvitskap. Ho var litteraturkritikar i mange år, og redigerte Kritikkjournalen 1984–87. Sidan 1989 har ho vore tilsett i litteraturseksjonen i Norsk kulturråd. Der har ho no eitt års permisjon for å bruke all si tid på omsetjing. Tove Bakke fekk i 2003 Bastianprisen for omsetjinga av ”Hund! Hund!” av Daniel Pennac, og i 2008 fekk ho Samlagsprisen.

Festspelkruset av året har to linjer frå eit kubansk dikt, gjendikta av Tove Bakke. Og festspel-t-skjorta er dekorert med eit sitat frå ”Saman er ein mindre aleine” av Anna Gavalda.

Nynorsk er ein styrke

0

 

– Har du ein dialekt – bruk han, oppmodar leiar i Noregs Mållag Håvard B. Øvregård.

Den nyvalde leiaren i Noregs Mållag meiner mållaget framleis spelar ei viktig rolle i samfunnet når det gjeld språkmedvit og språktryggleik.

– Språkarbeid liknar minoritetsarbeid, seier Øvregård. Viss ein ikkje jobbar aktivt med det nynorske språket, fell ofte valet på bokmål. Min jobb er å sikra at valet vert nynorsk.
Dei som tør å nytta nynorsk kommuniserer ein identitet, sjølvsikkerheit, tryggleik og styrke, held han fram. Bokmål i seg sjølv har ikkje same eigenverdi, hevdar Øvregård. Det er eit paradoks at mange vel å endra skriftform til bokmål av di dei trur dette vil betra formidlingsevna.

Bevisste val

Mållagsleiaren, som kom frå leiarstolen i Kringkastingsringen i vår, meiner det er viktig å formidla at nynorsk er ein styrke og ikkje ei ulempe.

– Nynorsk må gjerast lett tilgjengeleg for alle. Det må vera lett å bruka, understrekar han.

Haldningane til språket er viktig. Dersom ein kommune eller ei bedrift tek eit bevisst val og marknadsfører seg på nynorsk, signaliserer dei ein verdi som er med å påverka dei som jobbar og bur rundt dei.

Øvregård dreg fram Alexandra hotell i Loen i Stryn som har gjort eit bevisst val og nyttar nynorsk i all marknadsføring, inkludert nettstaden.

-Veldig mange tingar nettstad utan å reflektera over kva språk dei vil ha han på, fortel han. Her kjem ofte medvitløysa inn.

Mangfaldig målrørsle

Som høgremann og EU-tilhengar er ikkje Øvregård prototypen på ein mållagsmann.

– Målsak er å kjempa for fleirkultur og ikkje trongkultur, understrekar han. Det er diverre ei levande myte at mållaget er gamaldags, seier han. Problemet med mytar er at dei er vanskelege å endra. Mållaget har ei utfordring i å formidla det biletet som stemmer overens med mangfaldet i mållagsrørsla.

Mållagsleiaren har eit mål om alltid å vera meir positiv enn negativ. Han vil heller vera for enn i mot, og han vil heller føreslå løysingar enn å fokusera på problem.

Rasistisk konsekvens

Øvregård er oppgitt over haldninga rundt om i landet til norskopplæring for framandspråklege, og han fryktar på sikt ein rasistisk konsekvens av praksisen som vert utøvd.

– Når alle nordmenn har opplæring i både nynorsk og bokmål i grunnskulen, er det ei klar forskjellsbehandling når kommunar ikkje tilbyr vaksne framandspråklege å læra nynorsk, seier Øvregård.

Dette kan tyda på at me vurderer vaksne framandspråklege som annanrangs, og at dei ikkje er viktige nok for oss til at me lærer dei språka me nyttar i landet vårt. Han peikar i tillegg på at det er best å læra nynorsk fyrst om ein skal læra begge skriftspråka.

Fremjar integrering

Øvregård er klår på at opplæring i det språket som ligg nærast dialekten er viktig for integreringsarbeidet i kommunar.

– Dersom ein snakkar den lokale dialekten er det ingen som bryr seg om kva hudfarge ein har. Dialekt skapar tilknyting. Det vert verre å høyre til når ein må ty til standardisert bokmål. Han viser til både Vinje og Våga som er to gode døme på godt målmedvit og vellukka integrering av flyktningar.

Han legg også vekt på at dess fleire språk ein kan dess lettare er det å tileigna seg ny språkkunnskap. Dette gjeld og elevar i grunn- og vidaregåande skule.

– Å frita elevar med minoritetsbakgrunn frå sidemål er ei statssanksjonert diskriminering på bakgrunn av foreldre sitt opphavlege land.

Vidare meiner han at det må vera eit uttrykt politisk ynskje i kommunane om å kunne tilby nynorsk språkopplæring. Dette må til for å endra praksisen der størstedelen av framandspråklege berre lærer bokmål. Han viser til Ordføraroppropet som er i gong på Vestlandet som eit godt døme på det.

– Ein kan ikkje venta at innvandrarane sjølve skal ta initiativ når alle instansane før dei har ignorert retningslinjene for opplæring, seier han.

Byrjar i barnehagen

Det er mange saker som står på dagsorden for mållagsleiaren, men på landsmøtet vart det klart at språkformidlinga i barnehagen skal vera eit fokus for Noregs Mållag.

– Fyrst høyrer ein, så les ein og så skriv ein. Då er det avgjerande for borna kva som vert formidla av litteratur og språk i barnehagen, avsluttar Øvregård.

Vinjefondet lagt til Aasen-tunet

0

– Å plassere denne oppgåva ved Nynorsk Kultursentrum er ei fornuftig avgjerd, seier leiaren i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård i ein kommentar.

– Det er veldig kjekt for oss at departementet vil gje oss denne oppgåva. Vi ser på dette som ei tillitserklæring til Ivar Aasen-tunet, samtidig er det eit stort ansvar å forvalta offentlege pengar. Det stiller også krav til oss om at vi må vera på nivå med det som skjer med nynorsk i media i Noreg, seier Ottar Grepstad, direktør ved Aasen-tunet til Nynorsk Pressekontor.

Han legg til at Aasen-tunet alt har mykje kunnskap om dette, men meiner oppgåva med å forvalta Vinjefondet vil styrkja det faglege miljøet ved Aasen-tunet ytterlegare.

– Viktig fond
Vinjefondet er oppretta av Stortinget. Målet med fondet er å styrkja nynorsk journalistikk og anna publisistisk verksemd på nynorsk. Grepstad har stor tru på Vinjefondet.

– Det er veldig viktig for å styrkja nynorsk i aviser, radio og fjernsyn, seier han.

Ein halv million i 2009

I statsbudsjettet for 2009 er det sett av 0,5 millionar kroner til formålet. Grepstad seier at denne summen skal disponerast i år, men førebels finst det ingen retningslinjer for korleis pengane skal brukast.

Kulturdepartementet har bede Nynorsk kultursentrum utarbeida forslag til dette.

– Før vi gjer dette trur eg det er ein god ide å henta inn informasjon frå folk og miljø som veit kor skoen trykkjer, seier Grepstad.

For at fondet kan koma flest mogleg til gode, meiner han at det må vera eit mål å auka avkastninga av fondet.

– Samtidig veit vi at nynorskmiljø er flinke til å få mykje ut av lite, seier Ottar Grepstad.

– Fornuftig

Noregs Mållag er svært tilfredse med at departementet no har sett ballen i spel, og at Vinjefondet er ein realitet.

– Vi synest det er veldig bra at arbeidet er sett i gang, og at departementet har fatta ei fornuftig avgjerd når dei har lagt forvaltinga av fondet til Aasentunet, seier leiaren i Mållaget, Håvard B. Øvregård i ein kommentar til Nynorsk Pressekontor.

– Har det vore nokon problemstilling for Mållaget å etablere forvaltinga av Vinjefondet andre stader.

– Eg ser ikkje for meg nokon andre alternativ som er betre, seier Øvregård.

– Det som er viktig no er å få på plass målsetjing og rammer. Dernest må det innhentast informasjon og kunnskap om situasjonen i den nynorske presseverda og kvar behovet er størst. (©NPK)

Nynorsk er ein styrke

0

Nynorsk er ein styrke

Av Astrid Eidhammer Hjelmeland 22.jun.2009

– Har du ein dialekt – bruk han, oppmodar leiar i Noregs Mållag Håvard B. Øvregård.

Den nyvalde leiaren i Noregs Mållag meiner mållaget framleis spelar ei viktig rolle i samfunnet når det gjeld språkmedvit og språktryggleik.

– Språkarbeid liknar minoritetsarbeid, seier Øvregård. Viss ein ikkje jobbar aktivt med det nynorske språket, fell ofte valet på bokmål. Min jobb er å sikra at valet vert nynorsk.
Dei som tør å nytta nynorsk kommuniserer ein identitet, sjølvsikkerheit, tryggleik og styrke, held han fram. Bokmål i seg sjølv har ikkje same eigenverdi, hevdar Øvregård. Det er eit paradoks at mange vel å endra skriftform til bokmål av di dei trur dette vil betra formidlingsevna.

Bevisste val
Mållagsleiaren, som kom frå leiarstolen i Kringkastingsringen i vår, meiner det er viktig å formidla at nynorsk er ein styrke og ikkje ei ulempe.

– Nynorsk må gjerast lett tilgjengeleg for alle. Det må vera lett å bruka, understrekar han.

Haldningane til språket er viktig. Dersom ein kommune eller ei bedrift tek eit bevisst val og marknadsfører seg på nynorsk, signaliserer dei ein verdi som er med å påverka dei som jobbar og bur rundt dei.

Øvregård dreg fram Alexandra hotell i Loen i Stryn som har gjort eit bevisst val og nyttar nynorsk i all marknadsføring, inkludert nettstaden.

-Veldig mange tingar nettstad utan å reflektera over kva språk dei vil ha han på, fortel han. Her kjem ofte medvitløysa inn.

Mangfaldig målrørsle
Som høgremann og EU-tilhengar er ikkje Øvregård prototypen på ein mållagsmann.

– Målsak er å kjempa for fleirkultur og ikkje trongkultur, understrekar han. Det er diverre ei levande myte at mållaget er gamaldags, seier han. Problemet med mytar er at dei er vanskelege å endra. Mållaget har ei utfordring i å formidla det biletet som stemmer overens med mangfaldet i mållagsrørsla.

Mållagsleiaren har eit mål om alltid å vera meir positiv enn negativ. Han vil heller vera for enn i mot, og han vil heller føreslå løysingar enn å fokusera på problem.

Rasistisk konsekvens
Øvregård er oppgitt over haldninga rundt om i landet til norskopplæring for framandspråklege, og han fryktar på sikt ein rasistisk konsekvens av praksisen som vert utøvd.

– Når alle nordmenn har opplæring i både nynorsk og bokmål i grunnskulen, er det ei klar forskjellsbehandling når kommunar ikkje tilbyr vaksne framandspråklege å læra nynorsk, seier Øvregård.

Dette kan tyda på at me vurderer vaksne framandspråklege som annanrangs, og at dei ikkje er viktige nok for oss til at me lærer dei språka me nyttar i landet vårt. Han peikar i tillegg på at det er best å læra nynorsk fyrst om ein skal læra begge skriftspråka.

Fremjar integrering
Øvregård er klår på at opplæring i det språket som ligg nærast dialekten er viktig for integreringsarbeidet i kommunar. 

– Dersom ein snakkar den lokale dialekten er det ingen som bryr seg om kva hudfarge ein har. Dialekt skapar tilknyting. Det vert verre å høyre til når ein må ty til standardisert bokmål. Han viser til både Vinje og Våga som er to gode døme på godt målmedvit og vellukka integrering av flyktningar.

Han legg også vekt på at dess fleire språk ein kan dess lettare er det å tileigna seg ny språkkunnskap. Dette gjeld og elevar i grunn- og vidaregåande skule.

– Å frita elevar med minoritetsbakgrunn frå sidemål er ei statssanksjonert diskriminering på bakgrunn av foreldre sitt opphavlege land.

Vidare meiner han at det må vera eit uttrykt politisk ynskje i kommunane om å kunne tilby nynorsk språkopplæring. Dette må til for å endra praksisen der størstedelen av framandspråklege berre lærer bokmål. Han viser til Ordføraroppropet som er i gong på Vestlandet som eit godt døme på det.

– Ein kan ikkje venta at innvandrarane sjølve skal ta initiativ når alle instansane før dei har ignorert retningslinjene for opplæring, seier han.

Byrjar i barnehagen
Det er mange saker som står på dagsorden for mållagsleiaren, men på landsmøtet vart det klart at språkformidlinga i barnehagen skal vera eit fokus for Noregs Mållag.

– Fyrst høyrer ein, så les ein og så skriv ein. Då er det avgjerande for borna kva som vert formidla av litteratur og språk i barnehagen, avsluttar Øvregård.

Nynorsk kulturhistorie på nett

0

Allkunne er ein kunnskapsbase for nynorsk kulturhistorie som skal lanserast i september. Du kan ta ein kikk i denne nettbaserte historieboka allereie no.

Pilotversjonen av allkunne.no inneheld så langt 600 artiklar og forfattarpresentasjonar.

Klart språk på nettet

0

Direktoratet for forvaltning og IKT og Språkrådet lanserer no ein ny nettstad for å stimulere til eit betre og enklare språk i det offentlege.

Statsråd Heidi Grande Røys i Fornyings- og administrasjonsdepartementet (FAD) har sendt eit brev til kollegaene sine i regjeringa og oppfordra dei til å syte for eit  klart og forståeleg språk i eige departement og i eigen sektor.

Ho peiker på at departementa, som er øvst i byråkratiet, skal vere eit føredøme når det gjeld språk. Klart språk i det offentlege tryggjer demokratiet og styrkjer tilliten til staten, skriv statsråden i brevet.

Ho viser til nettstaden http://www.klarspråk.no/. Her kan statstilsette finne gode hjelpemiddel i språkarbeidet. Nettstaden er laga av Difi og Språkrådet, som samarbeider om prosjektet «Klart språk i staten», skriv Språkrådet på sine nettsider.

Les meir om den nye nettstaden hjå Språkrådet.