Heim Blogg Side 356

Klepp sa nei

0

Kommunestyret i Klepp sa i går kveld nei til å melde seg inn i LNK. – Vi tapte dessverre med 14 mot 17 stemmer, seier forslagsstillar Torbjørn Hovland (Krf).

Det var Klepp mållag som oppmoda kommunen om å melde seg inn i LNK, og Hovland seier til LNK.no at han ser mange gode argument for å bli medlem i interesseorganisasjonen.

– Klepp er ein nynorskkommune med ein dialekt som ligg mykje nærare nynorsk enn bokmål. Skulane våre har nynorsk som hovudmål. Å vere med i LNK er ein naturleg følgje av det.

Hovland peiker dessutan på at Klepp er ein kommune som trekkjer folk frå dei kringliggjande bokmålskommunane Sandnes og Stavanger, og at det i ein slik samanheng blir viktig å ta vare på språket.

– Språk har med identitet og kultur å gjere, seier varaordførar Hovland. Han ser ikkje bort frå at saka om medlemsskap i LNk kan kome opp att ved eit seinare høve.

Austeuropearar på norsk trygd femdobla

0

Talet på austeuropearar som går på arbeidsløysetrygd i Norge er femdobla på eitt år, viser tal frå Nav.

1.300 austeuropearar mottar nå norske dagpengar. Dei fleste av desse er frå Polen, og resten er frå Litauen, Latvia, Romania og Bulgaria.
No har Senterpartiets finanspolitiske talsmann, Per Olaf Lundteigen, fått nok.

– Noreg må innføre strengare reglar for tildeling av velferdsgode til arbeidsledige frå desse landa. Eg meiner det er uakseptabelt at austeuropearar no vil kunne motta norsk trygd etter berre seks månader i landet, seier Lundteigen til Aftenposten.

Berre sidan desember har trygdeutbetalingane til austeuropearar auka med 50 prosent. Lundteigen meiner finanskrisa vil føre til stor naud og sosial uro i dei baltiske landa og Aust-Europa, og seier det vil vera naivt å tru at ein då ikkje vil velja norske velferdsordningar.

Leiaren av Fellesforbundet, Arve Bakke, skjønar ikkje utfallet til Lundteigen.

– Hald fingrane vekk frå trygda til polakkane. Polakkar som har jobba i Noreg har lik rett på dette som alle andre, seier Bakke.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet ser ingen grunn til å diskutere velferdsordningane.

– Vi har ingen planar om å svekkje nokon rettar, uavhengig om det gjeld norske, polske eller litauiske arbeidstakarar, seier statssekretær Jan-Erik Støstad. (©NPK)

Framleis nynorsk i Heddal

0

Årsmøtet i Heddal sokneråd har talt: Dei ønskjer å halde fram med nynorsk som kyrkjemål.

Saka var oppe til avstemming i årsmøtet, og 43 stemte for nynorsk kyrkjemål, 23 stemte for bokmål og tre stemte blankt.

Eitt av argumenta på bokmålssida var at ingen av skulane i Heddal har nynorsk som hovudmålform lengre. Likevel valde årsmøtet å halde på nynorsk som kyrkjemål, og leiar John Nymoen i soknerådet seier til avisa Varden at han ikkje reknar med at saka vil kome opp att med det første. Vidare understreker han at administrasjonsspråket på kyrkjekontoret nok kjem til å følgje det som gjeld i Heddal kommune, altså bokmål, og at prestane held preik på si eiga dialekt viss dei ønskjer det.

Fråsegn om norskopplæringa i den nye lærarutdanninga

0

Fråsegn om norskopplæringa i den nye lærarutdanninga

Av LNK NYTT 27.mar.2009

Styret i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er blitt informert om Stortingsmelding om ny lærerutdanning gjennom pressemelding publisert 06.02.09 og nettutgåve av meldinga på regjeringa sine heimesider.

LNK deler statsrådane sine mål om at ei meir spesialisert utdanning skal føre til auka interesse for og rekruttering til lærarutdanninga. Vi sluttar oss også til ønska om å utvikle ei lærarutdanning der studentane får betre individuell oppfølging, og der kunnskap, motivasjon, engasjement og kvalitet ikkje berre er honnørord, men harde realitetar og reelle mål. Det er såleis mange gode grunnar til å rose meldinga.

Vi sluttar oss altså til at allmennlærarutdanninga blir tatt bort og at ein i staden opprettar to hovudretningar som er retta mot undervisning på ulike årssteg (1-7 og 5-10). Vi er likevel svært skeptiske til å gjere opplæringa i norsk valfri for lærarstudentar som tek utdanning for å undervise dei eldste elevane i grunnskulen. Norskfaget ber i seg mange disiplinar, fagområde og sjangrar som kanskje ikkje er nødvendig kunnskap for lærarar i andre fag enn norsk, men som kommunikasjonsreiskap blir norsk skriftleg berre viktigare og viktigare, ikkje minst med stadig meir bruk av IKT i kommunikasjonen med elevar, foreldre, kollegaer og lokalsamfunn. Opplæring i klårt og enkelt språk i dei sjangrane som er mest brukte i skulekvardagen (meldingar, presentasjonar, prøver, repetisjonsoppgåver osb.) bør difor vere ein del av opplæringa for alle lærarar i tillegg til grunnleggjande rettskriving (ortografi og grammatikk) og fagterminologi. Og sjølvsagt skal denne opplæringa ha som mål at alle studentar som har stått til lærarprøva, kan skrive tilnærma like godt nynorsk og bokmål når dei går ut i arbeidslivet.

Korleis kan så dette gjerast reint praktisk? Styret i LNK har som førsteprioritet at lærarutdanninga blir forlenga og at norskopplæringa får eit omfang på minst 30 studiepoeng. Dersom dette ikkje lar seg gjennomføre på kort sikt, kan departementet vurdere å ta ut 5 eller 10 studiepoeng frå kvar av dei tre fagstudia og opprette ei norskopplæring på 15 eller 30 studiepoeng som går over tre år. Alternativt kan norskopplæringa integrerast i fagstudiet som eit eige emne der hovudelementa er undervisningsspråk og fagterminologi på begge målformene.

Kvifor engasjerer så styret i LNK seg så sterkt i denne saka? Kort sagt fordi vi ønskjer dei beste lærarane, og fordi alle lærarar i ein viss forstand er norsklærarar. Det å vere sikker i skriftleg framstiling er grunnleggjande viktig for ein lærar. Det gjer læraren trygg på seg sjølv, og han/ho blir sett på med respekt av elevane. Sett på spissen kan ein lærar som er god i faget sitt, men usikker i fagterminologi og rettskriving rive ned mykje av det lærarane på dei første årsstega har bygt opp blant somme elevar, medan andre (dei flinkaste) ler av feil som blir gjort i skriftlege framstillingar. Vi meiner difor at alle som tek profesjonsutdanning for grunnskulen har krav på ei norskopplæring som gjer dei trygge og kompetente til å undervise kvar det skal vere i landet vårt. Utan ei slik opplæring kan mange lærarar få problem. Det kan også elevar og skular få, og sannsynet for at nynorskskulane får dei største problema, er absolutt til stades.

Til slutt vil vi peike på at framlegget om profesjonsutdanning for delar av grunnskulen utan norskopplæring etter vårt syn vil bryte mykje med dei gode tankane om språk, språkjamstelling, språkdyrking og språkutvikling som sitjande regjering har  felt ned i dei to framifrå stortingsmeldingane, St. meld. nr. 23 (2007-2008) Språk bygger broer og St. meld. nr. 35 (2007-2008) Mål og meining. Vi håpar difor at departementet merkar seg synspunkta våre, og vi står gjerne til rådvelde dersom statsrådane ønskjer ein dialog med oss.

SP med nynorskkrav?

0

I helga skal landsmøtet til Senterpartiet bestemme seg for om dei vil det skal vere krav om nynorskprosent for aviser som mottek pressestøtte.

Landsmøtet i Ålesund skal røyste over eit framlegg frå Olav Urbø, ordførar i Tokke Kommune i Telemark, skriv nm.no.

Framlegget omfattar alle aviser som nyt godt av produksjonsstøtte og momsfritak seier Urbø til Nettavisen.

– For meg er det prinsippet som er det viktigaste, at dei som har nynorsk som morsmål skal få lov til å bruke det. Nynorskbrukarar må få lov til å kunne skrive nynorsk. Det er ikkje prosentdelen som er viktig, seier Urbø til nettavisa.

Fråsegn om norskopplæringa i den nye lærarutdanninga

0

Styret i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er blitt informert om Stortingsmelding om ny lærerutdanning gjennom pressemelding publisert 06.02.09 og nettutgåve av meldinga på regjeringa sine heimesider.

LNK deler statsrådane sine mål om at ei meir spesialisert utdanning skal føre til auka interesse for og rekruttering til lærarutdanninga. Vi sluttar oss også til ønska om å utvikle ei lærarutdanning der studentane får betre individuell oppfølging, og der kunnskap, motivasjon, engasjement og kvalitet ikkje berre er honnørord, men harde realitetar og reelle mål. Det er såleis mange gode grunnar til å rose meldinga.

Vi sluttar oss altså til at allmennlærarutdanninga blir tatt bort og at ein i staden opprettar to hovudretningar som er retta mot undervisning på ulike årssteg (1-7 og 5-10). Vi er likevel svært skeptiske til å gjere opplæringa i norsk valfri for lærarstudentar som tek utdanning for å undervise dei eldste elevane i grunnskulen. Norskfaget ber i seg mange disiplinar, fagområde og sjangrar som kanskje ikkje er nødvendig kunnskap for lærarar i andre fag enn norsk, men som kommunikasjonsreiskap blir norsk skriftleg berre viktigare og viktigare, ikkje minst med stadig meir bruk av IKT i kommunikasjonen med elevar, foreldre, kollegaer og lokalsamfunn. Opplæring i klårt og enkelt språk i dei sjangrane som er mest brukte i skulekvardagen (meldingar, presentasjonar, prøver, repetisjonsoppgåver osb.) bør difor vere ein del av opplæringa for alle lærarar i tillegg til grunnleggjande rettskriving (ortografi og grammatikk) og fagterminologi. Og sjølvsagt skal denne opplæringa ha som mål at alle studentar som har stått til lærarprøva, kan skrive tilnærma like godt nynorsk og bokmål når dei går ut i arbeidslivet.

Korleis kan så dette gjerast reint praktisk? Styret i LNK har som førsteprioritet at lærarutdanninga blir forlenga og at norskopplæringa får eit omfang på minst 30 studiepoeng. Dersom dette ikkje lar seg gjennomføre på kort sikt, kan departementet vurdere å ta ut 5 eller 10 studiepoeng frå kvar av dei tre fagstudia og opprette ei norskopplæring på 15 eller 30 studiepoeng som går over tre år. Alternativt kan norskopplæringa integrerast i fagstudiet som eit eige emne der hovudelementa er undervisningsspråk og fagterminologi på begge målformene.

Kvifor engasjerer så styret i LNK seg så sterkt i denne saka? Kort sagt fordi vi ønskjer dei beste lærarane, og fordi alle lærarar i ein viss forstand er norsklærarar. Det å vere sikker i skriftleg framstiling er grunnleggjande viktig for ein lærar. Det gjer læraren trygg på seg sjølv, og han/ho blir sett på med respekt av elevane. Sett på spissen kan ein lærar som er god i faget sitt, men usikker i fagterminologi og rettskriving rive ned mykje av det lærarane på dei første årsstega har bygt opp blant somme elevar, medan andre (dei flinkaste) ler av feil som blir gjort i skriftlege framstillingar. Vi meiner difor at alle som tek profesjonsutdanning for grunnskulen har krav på ei norskopplæring som gjer dei trygge og kompetente til å undervise kvar det skal vere i landet vårt. Utan ei slik opplæring kan mange lærarar få problem. Det kan også elevar og skular få, og sannsynet for at nynorskskulane får dei største problema, er absolutt til stades.

Til slutt vil vi peike på at framlegget om profesjonsutdanning for delar av grunnskulen utan norskopplæring etter vårt syn vil bryte mykje med dei gode tankane om språk, språkjamstelling, språkdyrking og språkutvikling som sitjande regjering har  felt ned i dei to framifrå stortingsmeldingane, St. meld. nr. 23 (2007-2008) Språk bygger broer og St. meld. nr. 35 (2007-2008) Mål og meining. Vi håpar difor at departementet merkar seg synspunkta våre, og vi står gjerne til rådvelde dersom statsrådane ønskjer ein dialog med oss.

Rasmus Løland-stipend til Jon Ewo

0

– Årets viktigaste stipend, seier prisvinnaren til nashornet.no

– Prisen inneber at eg kan ha fullt fokus på det som er viktig – å skriva gode bøker for det meste kresne, men samstundes mest takksame publikum – unge menneske, seier Ewo til nashornet.no.

– Eg har alltid eit bokprosjekt på gang. Akkurat no arbeidar eg med ein roman for tenåringar om meiningsløysa i livet, og kva strategi ein skal bruke for å kjempe imot.

Jon Ewo er ein av dei beste og mest produktive forfattarar som skriv for born og unge, heiter det i juryens grunngjeving.  Stipendet er på 100 000 kr, og skal stimulera til auka produksjon av barne- og ungdomslitteratur.

Les meir på Nashornet

Mjølk blir melk

0

Mållaget er svært skuffa over at Tine no har vedteke endringane på bruk av nynorsk på mjølkekartongane, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Ordet mjølk vert dermed borte som logo på all søtmjølk. Noregs Mållag er svært skuffa over vedtaket og seier dei ser vedtaket som eit målpolitisk vedtak og ikkje eit administrativ eller økonomisk grunngjeve tiltak.

– Argumentasjonen for vedtaket var at dei skulle spare pengar. Vi har vist fleire gongar korleis dei kan gjere same effektiviseringa av kartongar og spare like mykje pengar, utan å kutte ’mjølk’ i frå logoen. Det har jo ingenting med kvarandre å gjere, seier ein skuffa leiar i Noregs Mållag, Hege Myklebus til NRK Sogn og Fjordane.

Arbeidsinnvandringa aukar

0

Arbeidsinnvandringa aukar, om enn ikkje like mykje som tidlegare år. Det syner nye tal frå Utlendingsdirektoratet (UDI).

Stamvegstatus bra for Diktarvegen

0

Når rv13 no får stamvegstatus, er det med og gir eit løft til Diktarvegen, seier leiar i styringsgruppa til Diktarvegen, Arne Kleppa.

I Nasjonal Transportplan 2010 – 2019 som vart lagt fram 13. mars har riksveg 13 fått stamvegstatus.

– Eg har tru på at stamvegstatus for rv13 er ein sterkare garanti for at vegen får meir pengar, og meire pengar gir betre vegar, noko som igjen fører til at vegen vil bli meir brukt, seier Kleppa.

At ein veg blir klassifisert som stamveg tyder at den skal få same standard som ein riksveg, det vil seie at den mellom anna skal vere brei nok til å ha gul stripe i midten.

Ein samanhengande rv13-streng med lik standard heile vegen er eit godt utgangspunkt, meiner leiaren for styringsgruppa.

– Mykje står att, mellom anna på finansieringssida, før prosjektet Diktarvegen kan realiserast, men dette var eit puff i riktig retning.

Relaterte saker:
Riksveg 13 kan bli diktarveg
Rv 13 – ei litteraturrute
Diktarvegen får skrivarhytte

Fakta om Diktarvegen

* Diktarvegen skal gå frå Jæren i Rogaland, via ryfylke, Hardanger, Voss og Sogn og ende i Sunnfjord i Sogn og Fjordane.
* Prosjektet har som mål å bli den første litteraturruta i Noreg.
* Fem forfattarar frå plassar kring rv13 skal syne att i Diktarvegen: Jakob Sande, Per Sivle, Olav H. Hauge, Rasmus Løland og Arne Garborg.
* Ein eigen konferanse om Diktarvegen blir arrangert i Ulvik 15. og 16. april 2009.

Diktarvegen får skrivarhytte

0

I samband med Rasmus Løland sin fødselsdag opnar ei ny skrivarhytte på Lindum i Suldal. Norske forfattarar kan søke om å få bu gratis i hytta nokre månader i året.

– I periodar kor det er gjester i hovudhuset kan forfattaren også få ete gratis, fortel initiativtakarane Annfrid Halsne og Kristin Høyvik ved Lakseslottet Lindum. Skrivarhytta vil vere tilgjengeleg mellom Rasmus Lølands fødselsdag 24. mai og dødsdagen hans 12. oktober.

Hytta er sett opp på 60-talet og det gjenstår enno litt flikking før hytta er heilt klar. – Vi håper at denne hytta vil vere med og gjere både Diktarvegen og Lølandssatsinga enno meir synleg, seier Halsne og Høyvik.