Heim Blogg Side 355

Kommunar må våge å vere annleis

0

– Språk er viktig for å skape omdømme. Det er viktig å våge å skilje seg ut, seier fagkoordinator Solveig Svardal i Telemarksforskning.

Etter hennar meining må kommunen spørje seg sjølv kva dei har som er spesielt, og bygge vidare på det fundamentet som er det grunnleggande og ekte i kommunen og regionen. Elles kan ofte forsøket på å skape eit omdømme bli eit luftslott.

Må ikkje konstruere verdiar
– Me har køyrt undersøkingar på kva folk assosierer med regionar som Telemark, Ryfylke og Setesdal. Mange meiner det er særprega dialektar og språk, ofte nynorsk, seier ho og legg vekt på at det er noko regionane bør dyrke for å skape eit omdømme.

– Språk er identitet. Og omdømmebygging handlar mykje om identitet, slår forskaren fast.

Ho trur ein bevisst nynorsk profil kan vere med å skilje kommunen frå mange andre.

– Ein må våge å vise at ein er annleis og vågar å skilje seg ut. Det er viktig å ikkje konstruere opp verdiar. Dersom det er mangfaldet som er det spesielle med din kommune, skal ein ikkje vere redd for å fokusere på nettopp det. Det ekte og stadbundne kan ikkje konkurranseutsetjast, seier Svardal.

Vil ha det unike
– Kva vil folk ha?

– Folk vil ha det unike, ekte og det som er spesielt nett for denne plassen. Det gjeld både dei som kjem som turistar og dei som kjem flyttande og kanskje vert verande. Det treng ikkje vere noko motsetnad mellom kva dei to gruppene ynskjer. Folk oppsøkjer stadar der kanskje ikkje alle andre har vore.

– Er det nokon du syns har fått det til?

– Eg meiner Ryfylke er på gang med noko interessant. Dei vågar å stå fram med både mangfald og variasjon. Samstundes må dei våge å trekke fram særpreget i regionen.

Merkevare Ryfylke er eit samarbeidsprosjekt mellom dei seks kommunane i Ryfylke IKS, Strand, Forsand, Hjelmeland, Finnøy, Suldal og Sauda. Regionen har no fått ein felles logo og nettstad, http://www.ryfylke.no/.

(Framsidebilde: Telemarksforskning)

Omdømmebygging i kommunane er eit tema på landstinget i mai.

Nyskapande vegprosjekt

0

I dag er det klart for seminaret om det som kan bli den første litteraturruta i Noreg. Spor etter fem diktarar skal gjere rv. 13 til noko meir enn berre rein topografi.

Dei fem diktarane Garborg, Løland, Hauge, Sivle og Sande skal på ulikt vis dra føremon av kvarandre og skapa nye og spennande opplevingar for dei reisande.

– Eit nyskapande samarbeidsprosjekt som dette, vil truleg få mykje merksemd. Dette vil koma kvar av dei fem diktarane til gode, seier styreleiar Torunn Ljone i Olav H. Hauge Stiftinga.

– Eg trur og fokus på diktarane, og små opplevingar langs vegen, vil få langt fleire tilreisande til å koma innom senteret og oppleva aktivitetane våre. For Haugesenteret, som er under planlegging, vil dessutan det å ha ein såpass konkret samarbeidsarena vera til svært god hjelp, seier Ljone.

Felles nytte
Det sørlegaste punktet for Diktarvegen er på Jæren kor det ligg føre planar for eit nasjonalt senter for Arne Garborg. Dagleg leiar for Nasjonalt Garborgsenter, Einar Schibevaag, ser at dei fem forfattarstiftingane har mykje å vinne på å jobbe jamsides med pedagogiske opplegg, marknadsføring og utveksling av kunnskap.

– Rv. 13 bind oss saman. Dette prosjektet kan gje synergiar til fleire kulturtiltak og å fremje nye kunstnartalent i bygdene våre, seier Schibevaag. Han kallar Diktarvegen ein vestlandsakse gjennom område med felles kulturelle tradisjonar og utfordringar.

Ikkje kommersielt fokus
I Ryfylke går rv. 13 gjennom forfattaren Rasmus Løland sitt rike. Dagleg leiar for Lølandstiftinga, Marny Skeie Henkel, har tru på at Diktarvegen kan skape noko nytt, noko unikt og annleis. Ein veg for undring, opplevingar og ettertanke, noko som ikkje først og fremst er kommersielt.

– Det trur eg trengst i ei verd der det er mykje kommersiell fokus. Kvifor ser så mange på «Der ingen skulle tru at nokon ville bu»? undrar Skeie Henkel.

Lølandstiftinga har allereie prøvd ut nokre tiltak som Diktarvegen kan hauste erfaring frå, gjennom mellom anna å dekorere den lokale ferja med Løland-sitat og ei skrivarhytte for diktarar, som skal opne no i mai.

Og nettopp det med hausting av erfaring frå kvarandre er eitt av goda dette veg-prosjektet kan gi dei ulike diktarforeiningane, meiner leiar for Per Sivle-laget, Jens Brekke.

– Å kunne informere saman om alt det som finst på rekkje og rad langs vegen er eit stort føremon. Det er voldsomt spennande å jobbe saman for å kanalisere litteraturinteresserte menneske langs denne aksaen.

Brekke synest tanken om til dømes ei GPS-navigering som gjer at folk kan finne installasjonar og aktuelle område verkar interessant.

Midt i blinken
– Idèen om Diktarvegen er midt i blinken for oss, seier leiar i Jakob Sande-selskapet, Margrete Reisæter.

Jakob Sande si heimbygd Fjaler i Sogn og Fjordane representerer endepunktet for Diktarvegen.

– Dette er utvikling av lokalsamfunnet og identiteten her og av Vestlandet. Det er med på å sette dei vakre fjordane og fjella tydelegare på kartet. Diktarvegen er et godt reisemålskonsept, både for nordmenn og utlendingar.

Fakta om Diktarvegen

* Diktarvegen skal gå frå Jæren i Rogaland, via Ryfylke, Hardanger, Voss og Sogn og ende i Sunnfjord i Sogn og Fjordane.
* Prosjektet har som mål å bli den første litteraturruta i Noreg.
* Fem forfattarar frå plassar kring rv. 13 skal syne att i Diktarvegen: Jakob Sande, Per Sivle, Olav H. Hauge, Rasmus Løland og Arne Garborg.
* Ein eigen konferanse om Diktarvegen blir arrangert i Ulvik 15. og 16. april 2009.

Etterlyser nynorsk barne – tv

0

Arbeidet med å få meir nynorsk i barne-tv har fått drahjelp. No etablerer NorDubb Studios seg i Volda, skriv nm.no

Selskapet skal leggje på norske røyster på ein serie som skal synast på NRK barne-tv. No leitar dei etter gode røyster i Volda.

– Eg er sikker på at det bur mange menneske i Volda og omegn som har røyster som passar godt til dubbing, seier disponent Morten Lange i NorDubb til Sunnmørsposten.
NorDubb Studios utfører dei aller fleste oppgåver innan lyd-til-bilete. NRK, TV2, Svensk Filmindustri, Nordisk Film, Disney Channel, Warner og BBC er blant oppdragsgjevarane til NorDubb.

Bygdelivsmeklar skal snu vinden

0

Emilie Asplin (31) er truleg landets einaste bygdelivsmeklar. Ho leiar prosjektet ”Vi snur vinden” som skal få fleire til å oppdage Vest–Telemark.

– Dette er eit pilotprosjekt i denne regionen, og truleg også på landsbasis. Målet er at fleire skal busetje seg i Vest–Telemark, seier Asplin, og viser til kommunane som står bak prosjektet: Fyresdal, Hjartdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje. Ho meiner god omdømmebygging er avgjerande for å få resultat.

10 nye familiar
– Dersom ikkje omdømmet til regionen er godt, er det nesten ikkje vits i å drive med dette. Og kvar enkelt innbyggar må ha ein ambassadørrolle og fortelje korleis dei har det. Drammen har klart å snu eit dårleg omdømme til noko positivt.

Prosjektet ”Vi snur vinden” starta opp i 2007 og skal gå fram til og med neste år. Til no har om lag 10 familiar flytta til regionen som ei følgje av dette, samstundes som det er om lag 80 interesserte familiar i porteføljen. Om lag halvparten av desse er ute etter eit lite småbruk.

– Ein av dei største utfordringane med dette arbeidet er å frigjere småbruk. Over halvparten av dei som tek kontakt med meg er interessert i eit småbruk. Eg har stor respekt for at det kan vere vanskeleg å kvitte seg med eit bruk, men her i regionen er det mange som står tome og berre forfell.

I 2002 vart det gjennomført ei småbruksundersøking i regionen som viste at det var om lag 700 bruk utan fast busetnad. Då eigarane vart kontakta resulterte det i at litt over 100 av bruka vart selde.

Inspirasjonstreff i Oslo
– Den andre store utfordringa er å skaffe jobb. Mange frå regionen har flytta vekk, teke utdanning, fått ein spanande jobb og så vil dei attende til heimkommunen. Men så finst det ikkje så spanande jobbar her. Me må skape arbeidsplassar, men ikkje minst må me også synleggjere dei som finst, seier ho.

Asplin trekkjer også fram oppretting av næringshagar som eit godt tiltak for å fremje næringslivet.

– Fyresdal har til dømes gode erfaringar med det. Terskelen for å flytte ei bedrift vert lågare når det er eit miljø der frå før, trur ho.

Målet til prosjektet var opphavleg å få 50 familiar til å flytte til Vest–Telemark i løpet av dei tre åra. Det tvilar Emilie Asplin på at ein klarer.

– Det går jamt og trutt, men sakte. Men me er jo også på jakt etter dei som har tenkt grundig gjennom dette og som vil slå seg ned her. Og det tek ofte tid, meiner ho.

Prosjektet har drive marknadsføring av regionen, idédugnad innad i regionen og samlingar for interesserte som ynskjer å flytte til regionen. Blant anna skal det vere eit nytt Vest–Telemark treff på Smuget i Oslo 7. mai i år. Asplin meiner trass i prosjektperioden at ein treng opp mot fem år før ein får ein markert effekt av arbeidet.

(Framsidebilde: Arvid Hansen)

Omdømmebygging i kommunane er eit tema på landstinget i mai.

Språkpris i mai

0

Styret i LNK deler i år ut pris for god offentleg språkbruk.

Prisen kan gå til ei offentleg verksemd som har arbeidd for å fremja nynorsk språk, men den kan også gå til einskildpersonar som er markerte nynorskbrukarar i det offentlege rommet. Den første prisen vart delt ut i 1993, og prisen blir delt ut annakvart år. Blant tidlegare prisvinnarar kan ein nemne Ullensvang herad, Vågå reiselivslag, Fylkesmannen i Rogaland, Odd Nordstoga, Lotteritilsynet og Peer Gynt – spelet. Det er styret i LNK som er jury, og dei kjem til å ta ei avgjerd i god tid før landstinget. Prisvinnaren vert invitert til Stryn, der statsråd Magnhild Meltveit Kleppa deler ut prisen 27. mai.

– I år har me faktisk fått inn tre framlegg før me har annonsert prisen, men me vil gjerne ha mange fleire, seier Vidar Høviskeland, dagleg leiar i LNK. Frist for å sende inn forslag er 20. april.

Frå og med 2009 vert Pris for offentleg målbruk samordna med utdelinga av Kommunal – og regionaldepartementet sin Pris for årets nynorskkommune. Denne prisen skal departementet første gang dele ut i august i år.

Dahle innstilt som leiar

0

På landstinget til LNK i mai skal det veljast nytt styre i organisasjonen. I følgje innstillinga frå valnemnda held Jan Magne Dahle frå Ørsta kommune, fram som styreleiar.

Også Astrid Myran Aarvik frå Lærdal kommune og Rune Øygard frå Vågå kommune held fram frå det førre styret. Medan Laura Seltveit frå Sauda kommune og Helge Andre Njåstad frå Austevoll kommune er nye styremedlemmer.

Valnemnda gjer også framlegg om at Nils R. Sandal, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Velaug Veum, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Bjørn Fredrik Nome, Fyresdal kommune vert varamedlemmer

23 språkfeil i sjølvmeldinga

0

Jens Brekke frå Vik har funne 23 språkfeil i nynorskutgåva av sjølvmeldinga. Flaut, innrømmer Skatteetaten.

Brekke fortel til NRK Sogn og Fjordane at feila han fann mellom anna gjekk på samanblanding av nynorsk og bokmål. For å gi eit godt eksempel på kor gale det er, dreg han fram ei setning som lyder: «Sjå starthjelpen til sjølvmeldinga for hvordan endre poster».

Hjå skatteetaten legg dei seg flate og beklagar alle feila. Samstundes oppmodar dei Brekke til å hjelpe til med å få kartlagt feila i sjølvmeldinga.

– Me kan gjera ein bytehandel. Viss dei gir meg litt mindre skatt, skal eg hjelpa dei med rettskrivinga, seier Brekke til NRK.

Må finne det unike

0

– Omdømmebygging er eit identitetsprosjekt. Det handlar om å finne kvalitetane i kommunen, seier Børre Berglund som i fjor underviste 16 kommunar i temaet på kommunaldepartementet sin omdømmeskule.

Kommunal – og regionaldepartementet gjennomførte i fjor eit prosjekt der 16 kommunar deltok på ein omdømmeskule. Departementet henta inn kompetanse til å undervise i korleis kommunane best kunne bygge opp sitt eige omdømme. Børre Berglund, som driv eit eige konsulentfirma med leiing og administrasjon som fagfelt, fekk ansvar for å gjennomføre undervisninga.

Han er overbevist om at kommunane må skilje seg ut og vere unike.

– Noko av det viktigaste er at ein får inn lokal kompetanse i kommunen som kan drive omdømmeutviklinga vidare. Tradisjonelt har ofte kommunane engasjert eit reklamebyrå som har laga eit slagord eller ein logo. Men det er ikkje nok, slår Berglund fast. Omdømmebygging krev derimot tid og ressursar. Prosessen må vere ekte og unik nok til å skilje seg ut frå mengden.

Hjelp til sjølvhjelp
Kommunen må finne fram sine unike kvalitetar og spele på dei.

– Ein må bygge kommunen innanfrå, det tek tid, meiner Berglund og viser til at innbyggarane må vere med for at prosjektet skal bli ekte nok.

– Hensikten med skulen var å gi kommunane eit verktøy, men størstejobben må dei gjere sjølv. Du kan vel kalle det hjelp til sjølvhjelp, smiler han.

I følgje Judith Kortgård i Kommunal – og regionaldepartementet er attendemeldingane frå dei 16 kommunane utelukkande positive. No ynskjer departementet å gjennomføre kurset også i 2009.

– Me er i dialog med kompetansesenteret for distriktutvikling om å få til ei vidareføring av skulen, men eg veit ikkje når det blir.

Målsetjinga med kurset er ifølgje departementet å fokusere på omdømmebygging i kommunane og å få den enkelte kommunen til å bli bevisst på kva kvalitetar det er på heimstaden deira. For mange betyr det at ein må heve kompetansen i kommunen for å gjennomføre ein prosess med å bygge eit omdømme.

Gjestfri og nyskapande
Lom kommune er ein ein av dei 16 som deltok på kurset i fjor. Administrasjonssjef Ola Helstad meiner erfaringane er gode.

– Omdømmebygging er ei målsetjing dei fleste kommunar har for tida. Dette er også definert som satsingsområde i vår kommuneplan, seier han, og viser til at kommunen no har henta inn informasjon i fleire rundar frå innbyggarar og tilsette i kommunen om kva dei meiner bør vere med i ein slik prosess.

– Kva er spesielt i Lom?

– Me har dei høgaste fjella og unike naturopplevingar. Sjølv om det er mange som er gode på natur har me eit spissa profil på det. Samstundes har me som mål å vere gjestfrie og nyskapande. Det er ein visjon som er utfordrande, seier Ola Helstad, og legg ikkje minst vekt på at omdømmebygging kan bli avgjerande for om kommunen klarer å snu den negative folketalsutviklinga.

Omdømmebygging er eit tema på landstinget i Stryn 27. – 29. mai 2009.

Nynorske festspel på 14 språk

0

Litteratur og songar på minst 14 språk. Anna Gavalda-omsetjaren Tove Bakke er festspeldiktar, og ho pregar programmet saman med nærmare 20 andre forfattarar og omsetjarar, av desse seks tidlegare festspeldiktarar.

Dei nynorske festspela blir arrangerte i Ørsta og Volda 24.–28. juni. Ivar Aasen-tunet er hovudarenaen, men over 20 scener blir tekne i bruk for å avvikle meir enn 50 arrangement med eit samla budsjett på 1,8 millionar kroner.

Reidar Sandal, leiar i finanskomiteen på Stortinget, opnar Dei nynorske festspela, som blir avslutta med stemnetale av Gunhild Berge Stang, leiar i Noregs Ungdomslag.
Årets tema er «Med andre ord», og det er første gongen ein festival har ein omsetjar som festspeldiktar.

Som festspeldiktar får omsetjaren Tove Bakke selskap av dei seks tidlegare festspeldiktarane Paal-Helge Haugen (1996), Jon Fosse (1997), Ragnar Hovland (1998), Brit Bildøen (2001), Einar Økland (2002) og Frode Grytten (2004).

Kunst på minst 14 språk
Frå omsetjarar, forfattarar og songarar får publikum høyre tekstar på minst 14 språk – bokmål, dansk, engelsk, fransk, islandsk, kiswahili, japansk, kreolsk, lingala, mandarin, nynorsk, patois, spansk og zulu.

Den franske forfattaren Marie Désplechin, den engelske forfattaren Ian Sansom og den kinesiske omsetjaren Shi Quine kjem alle til Dei nynorske festspela.

Samtale med Jon Fosse
– Det er ei storhending at Jon Fosse kjem til ein samtale med Cecilie S. Seiness, som i september gir ut bok om Fosse til femtiårsdagen hans, seier programansvarleg Åshild Widerøe.

Under Festspela får publikum for første gong høyre dei to samtale om kunst og litteratur. Jon Fosse var festspeldiktar i 1997, og først no er han tilbake på Dei nynorske festspela.
– Det meste er på plass, men fleire programinnslag blir avklara i vekene frametter, seier programansvarleg Åshild Widerøe, og minner om at billettsalet opnar torsdag 2. april.

Mangfaldig fagprogram
Dei nynorske festspela er den einaste norske festivalen som gjer språk til ei hovudsak i programmet sitt.

– Ivar Aasen-tunet skal bli ein kulturinstitusjon i dialog med mange land, seier direktør Ottar Grepstad.

I tillegg til 20 omsetjarar og forfattarar frå fleire verdsdelar blir det mange foredrag og samtalar om språk på Dei nynorske festspela i år. Mannen bak Nynorsk ordliste og den første redaktøren i Norsk Ordbok, Alf Hellevik, ville fylt 100 år søndag 28. juni. I vinter døydde ein annan språkhøvding, Magne Rommetveit. Om desse to blir det eit eige program i regi av Det Norske Samlaget.

Erotikk
Fredagskvelden inviterer Festspela til «Erotikk, med andre ord». Her blir det mykje snakk om dei orda som kan vere så vanskelege å seie og endå vanskelegare å omsetje.
Leiar Reidar Sandal i finanskomiteen på Stortinget deler ut prisen Årets nynorskbrukar 2009 under opningshøgtida. Dette er blitt den fremste nynorskprisen i landet.

– Prisvinnaren fekk melding søndag og må finne seg i å teie stilt om dette i tre månader, seier Grepstad.

Også Kultur- og kyrkjedepartementets nynorske journalistpris blir delt ut under Festspela. Regien har Nynorsk mediesenter, som tek imot framlegg til kandidatar før 1. mai. Nynorsk mediesenter inviterer også i år til aktuell mediedebatt.

Ikkje berre språk
Arve Henriksen, Aasmund Nordstoga, Side Brok og Cajun du Nord er blant dei mange utøvarane som skal fylle festspeldøgna med rytmar frå så vel Afrika og Karibia som USA og Nordvestlandet.

Framsidebilde: Tove bakke er festspeldiktar. Foto: Judith S. Litlehamar

Startar politisk parti mot nynorsk

0

Einar Smørdal frå Akershus vil danne eit nytt politisk parti. Kampsaken er å kjempe mot nynorsk som tvungent skriftspråk i Noreg, skriv Romerikes Blad.

Smørdal har no samla inn 500 underskrifter og har 19 namn på lista til stortingsvalet til hausten. Partiet vil fyrst og fremst angripe den obligatoriske sidemålsstilen, og ynskjer eitt språk i offentleg forvaltning.

– Det første me må samlast om er at me får eitt namn på landet vårt i passet, seier lektoren til Romerikes Blad.

Ved sida av å vere norsklærar arbeidar Einar Smørdal med å omsetje tekster frå bokmål til nynorsk. Likevel har han starta eit eige parti mot nynorsk.

– Det må vere valfritt å lære eit språk du ikkje har bruk for. Difor vert valfritt sidemål i skulen den viktigaste saka for oss, meiner han.

Les meir i Romerikes Blad.

Forlenga hotellavtale

0

Samarbeidsavtalen mellom LNK og Best Western Hotell Bondeheimen er fornya fram til år 2013.

Det betyr at alle tilsette og politikarar i medlemskommunane til LNK kan nyte godt av gunstige hotellprisar i Oslo sentrum.

Les meir om Bondeheimen her.

Seier nei til freding av veg

0

Rv 606 i Solund i Sogn og Fjordane skal fredast i tråd med Riksantikvaren sin verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne. No krev ordføraren at verneplanane blir skrinlagde.

Ordførar Gunn Åmdal Mongstad i Sollund meiner at kommunen er avhengige av å kunne få utbetre og gjere endringar på vegen for at den skal vere trygg og framkommeleg.

– Riksveg 606 er livsnerven til Solund sidan den er einaste veg inn til kommunesenteret vårt. Vi er avhengige av at vegstandarden aukar i takt med aktiviteten i kommunen, seier ordføraren til NRK Sogn og Fjordane.

Også næringslivet ser med bekymring på ei eventuell freding av rv 606. Dagleg leiar i Solund Verft, Svein Tore Eide, seier han ser denne vegen som einaste reelle vegalternativ mellom Solund og Sula, og opplever freding av einaste vegen som problematisk.

Riksveg 606 mellom Krakhella og Hardbakke i Sollund vart bygd i 1960.

Arbeidsinnvandring er eitt av tema på landstinget i Loen i mai.

(Framsidebilde: Ordførar Gunn Åmdal Mongstad. Foto: Magne Hamre/Solund kommune)

Av LNK NYTT 01.apr.2009

Rv 606 i Solund i Sogn og Fjordane skal fredast i tråd med Riksantikvaren sin verneplan for vegar, bruer og vegrelaterte kulturminne. No krev ordføraren at verneplanane blir skrinlagde.

Ordførar Gunn Åmdal Mongstad i Sollund meiner at kommunen er avhengige av å kunne få utbetre og gjere endringar på vegen for at den skal vere trygg og framkommeleg.

– Riksveg 606 er livsnerven til Solund sidan den er einaste veg inn til kommunesenteret vårt. Vi er avhengige av at vegstandarden aukar i takt med aktiviteten i kommunen, seier ordføraren til NRK Sogn og Fjordane.

Også næringslivet ser med bekymring på ei eventuell freding av rv 606. Dagleg leiar i Solund Verft, Svein Tore Eide, seier han ser denne vegen som einaste reelle vegalternativ mellom Solund og Sula, og opplever freding av einaste vegen som problematisk.

Riksveg 606 mellom Krakhella og Hardbakke i Sollund vart bygd i 1960.

Arbeidsinnvandring er eitt av tema på landstinget i Loen i mai.

(Framsidebilde: Ordførar Gunn Åmdal Mongstad. Foto: Magne Hamre/Solund kommune)